Kanadisk skodespelarinne utviklar ansiktslamming etter Covid-vaksine, og legg ut sjokkerande video som avslører tilstanden hennar
Av Amber Crawford, 100percentfedup.com. Omsett av saksyndig.
Enkelte har blitt so hjernevaska av pro-Covid-vaksinasjonsagendaen at dei vil støtte vaksinane same kor mykje den tek av deira personlege helse, og dei nektar å reevaluere sin grenselause lojalitet til sprøyta.
Ein vaksinefanatikar som nektar å gje seg, den kanadiske skodespelarinna Jennifer Gibson, utvikla Bells parese etter å ha blitt vaksinert med AstraZeneca sin Covid-vaksine, noko som har ført til at halve ansiktet hennar er lamma.
I ein video publisert på Twitter avslører skodespelarinna sin nye tilstand. Når ho byrjar å grine, kan det sjå ut som om ho må angre på å ta vaksinen. Ein skulle tru det etter at det har blitt avslørt at Covid-vaksinen ikkje hindrar deg i å bli sjuk, og at du deretter opplever slik ein dramatisk biverknad etter sprøyta – då skulle ein jo tru at ein ville revurdere synet sitt på Covid-vaksinane, ikkje sant?
Feil.
I ei utruleg vending lovpriser Gibson vaksinen som gav ho halvsidig ansiktslamming. På ein eller annan måte er Gibson framleis ein like iherdig forkjempar for vaksinen som ho var før ho utvikla ansiktslamming.
«Dette er ikkje ein video eg ønskjer å lage, og det er vanskeleg å lage den fordi når eg ser meg sjølv, ser eg kva eg skal til å seie, som er at eg har blitt diagnostisert med Bells parese, som er lamming av ei side av ansiktet,» seier ei tårevåt Gibson.
«Eg fekk det rundt to veker etter at eg tok vaksinen,» held ho fram. «Og eg hadde ein hard runde med vaksinen og, øh, eg trur eg framleis er det. Men eg må seie at eg ville ha gjort det same om igjen, for det er det vi må gjere for å kunne møte folk.»
At det var??
Dette er erkeeksempelet på å vere hjernevaska, og det er skremmande å sjå kor blindt lojale somme personar er til pro-vaksine-forteljinga. Sjølv etter denne alvorlege biverknaden som ikkje burde vere ein vanleg biverknad av ein «trygg» vaksine, er Gibson framleis ein forkjempar for sprøyta og oppmuntrar andre til å vere det òg.
Kor kjem dette «det vi må gjere for å kunne møte folk» frå? Mange uvaksinerte er i stand til å møte folk utan problem.
Kunne Gibson ha utbrodert kva ho meiner med det? Fordi der er mange der ute som er forbløffa over denne logikken.