Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.
Trekket vart autorisert av Joe Biden og Canadas statsminister Justin Trudeau «utifrå ein overflod av varsemd».
Eit amerikansk kampfly har skote ned eit uidentifisert objekt i kanadisk luftrom, etter ordrar frå president Joe Biden og Kanadas statsminister Justin Trudeau. Hendinga markerer tredje gong USA har øydelagt eit flygande objekt i regionen dei siste vekene.
I ei melding laurdag sa Det kvite hus at dei to leiarane snakka om «det uidentifiserte, ubemanna objektet» som vart observert i nordamerikansk luftrom. Det sa at fartøyet «vart nøye spora og overvaka av North American Aerospace Defense Command (NORAD) dei siste 24 timane,» der Biden vart konstant briefa om saka.
«Utifrå ein overflod av merksemd og etter tilråding frå sine militære, autoriserte president Biden og statsminister Trudeau at det vart teke ned,» stod det å lese i meldinga. Operasjonen vart utført ved hjelp av eit amerikansk F-22 kampfly.
I ei eiga Twitter-melding skreiv Trudeau at apparatet vart teke ned over Yukon i nordvestlege Canada. Han skreiv òg at Ottawa kom til å «berge og analysere vrakdelane til objektet».
I ein kommentar til hendinga sa den kanadiske forsvarsministeren Anita Anand at «det er altfor tidleg» å seie om fartøyet kom frå Kina eller ikkje. Ho sa at apparatet, som flaug i ei høgd på rundt 40 000 fot (12 000 meter), hadde ulovleg bevega seg inn i kanadisk luftrom og utgjorde ein rimeleg trugsel mot sivil luftfart».
Derimot skildra ho gjenstanden som «potensielt lik den som vart skoten ned utanfor kysten av Nord-Carolina, sjølv om den var av mindre storleik og sylinderforma».
Nyleg øydela Pentagon ein mistenkt kinesisk «spionballong» over Atlanterhavet, og påstod at Beijing brukte dei til å «overvake strategiske område» i USA.
Kina skildra ballongen som eit «sivilt luftskip» som forvilla seg inn i amerikansk luftrom på grunn av force majeure-omstende [omstende utanfor deira kontroll; oms.an.]. Beijing skulda òg Washington for å bruke hendinga som eit påskot for å «gå til åtak på og sverte Kina».
Fredag [10.februar 2023] hevda Det kvite hus at nok eit «høgtsvevande objekt» vart øydelagt av amerikanske krigsfly nær Alaska. Opphavet til objektet vart ikkje identifisert, men dei [Det kvite hus] fastslo at det «utgjorde ein rimeleg trugsel mot sivil luftfart».