Mannleg «trans»-tenåring som valde å kirurgisk erstatte penis med falsk vagina DØYR av komplikasjonane

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Åtvaring: Historia du skal til å lese er grafisk og urovekkjande, men er naudsynt for å illustrere skrekken knytt til transkjønns-«konversjonsterapi», spesielt for barn under utvikling. Lesardiskresjon er tilrådd.

I sitt driv for å forvandle heile den neste generasjonen til transpersonar, vil LGBT-kultistar både i media og regjering aldri fortelje dykk om dei alvorlege bakdelane til «kjønnsbekreftande behandling», spesielt risikoen involvert i å skjere av og erstatte kroppsdelar for å prøve å bli eit anna kjønn.

Ta tilfellet der ein 18-årig trans-identifisert mann som døydde under ein mislykka operasjon der dei skulle erstatte penis med ein sokalla «neo-vagina». Det uheldige individet var medlem i den berykta nederlandske studien, som såg på kjønnsskifte hjå barn.

Det gjeldande individet var so ungt på tidspunktet rundt «konversjonen» at der ikkje enno var nok penisvev tilgjengeleg for kirurgane til at dei kunne skape ein falsk neo-vagina. På grunn av dette utførde dei ein endå meir risikabel prosedyre som involverte guten sine tarmar, som vart delvis fjerna.

Prosedyren gjekk gale og kroppen enda opp med å utvikle dødeleg nekrotiserande fasciitt. Med andre ord leid han ein frykteleg og miserabel død fordi kroppsslaktar-«legar» reiv kroppen hans i fillebitar for å prøve å gje han ein falsk vagina slik at han kunne bli sitt «sanne sjølv».

Eit manuskript om hendinga som vart skriven av Negenborn med fleire påstår at «fråværet av ein funksjonell vagina har ein negativ effekt på (den seksuelle) livskvaliteten til (trans)kvinner,» som i dette tilfellet var orsakinga dei trong for å utføre den farlege vaginale «rekonstruksjonsprosedyren» på den unge guten.

(Relatert: Ifølgje American Medical Association [AMA] er alle som protesterer mot prosedyrar slik som vaginakirurgi utført på unge barn, «farlege» for samfunnet.)

Den unge guten sitt avfallsinfiserte tarmvev fekk han til å utvikle dødeleg E.coli-infeksjon som resulterte i multiorgansvikt

Før den dødelege operasjonen vart den unge guten vurdert og skildra som «frisk». Han hadde tidlegare gått gjennom legemiddel-indusert pubertetsundertrykking, som er den sanne grunnen til at hans mannlege kjønnsorgan var unormalt underutvikla på prosedyretidspunktet.

«Transkvinner som får kjønnsdysfori tidleg i livet, og som blir behandla med pubertetsundertrykkande hormon, rapporterer om færre problem knytt til åtferd og emosjonar, og ei forbetring av det generelle funksjonsnivået,» er den offisielle påstanden som vart brukt til å rettferdiggjere den dødelege prosedyren som deretter fann stad.

Innan 24 timar etter den mislykka vaginakonstruksjonen, utvikla kroppen nekrotiserande fasciitt. Trass at han fekk svært store dosar intravenøst antibiotika og «gjenteken fjerning av daudt og infisert vev», fekk kroppen til slutt multiorgansvikt og han døydde.

Trass dette held LGBT-kulten framleis fram med å prakke på folk løgna om at «vaginakonstruksjon» har ein «positiv effekt» på livskvaliteten til «ikkje-trans og transkvinner». Som ein liten fotnote er åtvaringa om at «legar og pasientar må vere klare over alvorlege komplikasjonar som kan oppstå» der som ei stille opplysning.

Ei etterforsking rundt dødsfallet til guten avdekte at E.coli-infeksjonen han utvikla mest sannsynleg kom frå hans avfallsfylde tarmar, som legane prøvde å bruke til å skape ein falsk vagina. Heile prosedyren var skiten og avskyeleg, med andre ord, fordi den involverte bruk av avfallsprosesserande kroppsvev i å konstruere kunstige kjønnsorgan.

«I staden for å bruke penisvevet, vil dei måtte bruke noko av tarmen din,» forklarte dr. Michael Biggs, ein sosiolog som spelte ei kritisk rolle i å eksponere skandalen, so vel som andre slike skandalar som fann stad ved den snart nedlagde Tavistock Clinic i London.

«Dette inneber naturlegvis å opne opp innvollane dine, og det er openbert mykje, mykje meir risikabelt enn om du hadde ein annan operasjonsstad og innvollar er naturlegvis grisete.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s