Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Dei offisielle tala frå Verdas helseorganisasjon (WHO) viser at nesten ein milliard menneske testa «positivt» for Wuhan koronaviruset (covid-19) sidan byrjinga på «pandemien», og nesten sju millionar menneske har døydd. Gjer dette covid og dei tilknytte «vaksinane» til det verste folkemordet som nokosinne er utført i verdshistoria?
Sidan utfallet til covid og Operasjon Warp Speed «vaksine»-programmet framleis utspeler seg, har ein enno til gode å rekne ut dei endelege tala. Der er òg problemet med kven som gjer denne utrekninga sidan offisielle statlege kjelder, inkludert WHO, ser ut til å unngå dei vaksineinduserte dødsfalla medan dei skuldar resten av dødsfalla på «covid».
Når sant skal seiast var det den regjeringspåførde covid-politikken som i stor grad er ansvarleg for all smerta og lidinga som dukka opp ut av plandemien. Dersom media, regjeringsembetsfolk og venstreorienterte konsern nekta å ta del i lureriet, kor mange avlidne menneske hadde no framleis vore blant oss?
Ifølgje dr. Robert Malone, lege, vart mange av dødsfalla som vart skulda på «covid» forårsaka av nedstengingar, som førde mange inn i ein dødsspiral av alkohol- og legemiddelmisbruk – og i somme tilfelle sjølvmord. So hadde ein frårøving av tilgang til legehjelp gjennom bløffdemien, som førde til at mange sjuke menneske ikkje hadde behandlingsalternativ før regjeringa bestemte at det var greitt å opne opp igjen.
(Relatert: Somme estimat antydar at so mange som ein milliard menneske har døydd sidan starten på bløffdemien og seinare, Operasjon Warp Speed.)
Covid og «vaksinane» vart laga for å drepe menneske i hopetal
Ein rask titt på dei største katastrofane og folkemorda som nokosinne har skjedd gjennom historia, antydar at mesteparten, om ikkje alle, bleiknar i samanlikning med det som den psykologiske operasjonen covid oppnådde når det gjeld å massivt redusere verdas befolkning under dekket av å beskytte «folkehelsa».
Den største naturkatastrofen, ekskludert hungersnaud, som fann stad i det 20. hundreåret var overfløymingane i den kinesiske Yangtse-elva i 1932, som drap estimerte 3,7 millionar menneske både gjennom direkte overfløyming og indirekte gjennom dårlege hygieniske forhold og sjukdommar.
«I 1958 drap den kinesiske Gulelv-overfløyminga rundt ein million menneske, sjølv om estimat varierer særs mykje,» skriv Malone. «Andre overfløymingar, syklonar og jordskjelv drap alle tallause menneske. Men ingen gjorde det med slik ei øydelegging av menneskeliv som det som vart gjort av SARS-CoV-2-WIV-viruset.»
«Men vi veit òg at dette ikkje var ein naturkatastrofe, denne katastrofen var menneskeskapt.»
Frå Malone sitt synspunkt, basert på den offisielle lista av folkemord på Wikipedia, har der ikkje vore nokon andre menneskelege grusomheiter gjennom historia som eingong er «i nærleiken» av tala døde som har resultert frå det han kallar «COVID-krisa».
«Korleis ‘veit vi dette’?» skriv han. «Fordi vi har kvitteringane takka vere Judicial Watch, so vel som etterforskingane av Kongressen – som framleis pågår.»
Berre denne veka fekk Judicial Watch 552 sider med dokumentasjon frå Department of Health and Human Services (HHS), som viste legatsøknader, bioskisser, budsjett og årlege rapportar til National Institutes of Health (NIH) frå EcoHealth Alliance. Desse dokumenta skildra dei spesifikke måla til covid, som involverte den bevisste skapinga av «mutant»-virus basert på SARS og MERS «for å betre føreseie evna som våre CoV-ar [koronavirus] har til å infisere menneske.»
Det vart designa for å høyrast godsinna ut, men sanninga er den at covid er eit biovåpen, akkurat som dei sokalla «vaksinane», der begge vart laga for å drepe menneske i hopetal.
«Denne forskinga må stoppe no,» seier Malone om slike prosjekt. «Kongressen må stoppe midlane straks. Det må skje ansvarleggjering. Der må kome rettferd for dei skadde og dei døde.»