Skapte covid-sprøytene ein haug med «zombiar»?

Mac Slavo i SHTFPlan.com kom nyleg med ein kommentar til den britiske legen dr. Vernon Coleman sine tankar om covid-sprøytene og effekten dei ser ut til å ha hatt på mange «vaksinerte». Slavo skriv følgjande om Coleman-artikkelen og siterer òg delar av den (mi omsetjing):

«Dr. Vernon Coleman byrja fyrst å åtvare om løgnene om covid-sprøytene som vart pusha av herskarklassen tilbake i desember 2020. Han åtvara at alvorlege helseproblem ville råke dei meir lettlurte folka som vart offer for løgnene og feilinformasjonen som førde til at dei lét seg sjølv og barna sine bli injiserte med «vaksinane».

Desse løgnene vart delte so breitt og entusiastisk av styresmaktene, det medisinske etablissementet og hovudstraumsmedia. På berykta vis, tilbake i desember 2021, åtvara dr. Coleman om hjerneskade som ville skape ein «zombie»-klasse av menneske som var ute av stand til å prosessere informasjon. Desse zombiane vil viljug akseptere eit høgare nivå av slaveri utan å kjempe tilbake, slik som CBDC (digitalstyrt sentralbankvaluta) som bokstavleg tala vil kontrollere alt ein person gjer.

No når vi er i 2023, trur dr. Coleman at i det minste somme av dei som fremja covid-sprøytene må ha visst at desse injeksjonane ville forårsake alvorleg hjerneskade. Han sa òg at dei millionane som vart injiserte, allereie viser teikn på alvorleg hjerneskade, og at åtferda deira ofte er temmeleg unormal:

‘Her om dagen, til dømes, såg eg hundrevis av menneske som sat på ei sandstrand ein overskya, vindfull, iskald dag. Menneska hadde alle på seg vinterfrakkar, hattar og skjerf og dei sat berre der og stira ut i tomme lufta og gjorde ingenting. Heilt seriøst. Det var skremmande. Det var som noko henta ut av The Twilight Zone.

Og so, naturlegvis, seier zombiane ingenting når bankgreiner stengjer. Dei har akseptert at kontantar er farlege og avleggs. Dei vil ønskje velkomne digitale valutaer.

Dei heiar på den meiningslause, vondskapsfulle krigen i Ukraina fordi dei har blitt hjernevaska til å tru at den er rettferdiggjort.

Og dei protesterer ikkje mot 15-minuttsbyane som i praksis vil gjere dei til fangar.’

Dr. Coleman seier at hjerneskaden som er gjort av injeksjonane har skapt viljuge slavar som ikkje kan tenkje sjølv, som vil vere tilgjengelege for å bli kontrollert. Dei er no ulike dei som unngjekk covid-19-injeksjonane, og gapet vil bli openbert og slavesystemet vil stramme grepet sitt på menneskeheita.»

Rhoda Wilson i The Exposé, som Coleman-artikkelen er henta frå, har følgjande å seie om den britiske professoren sin hypotese:

«Eg trur at vaksine-pusherane visste at dei utilstrekkjeleg testa og unaudsynte covid-sprøytene kom til å drepe enorme mengder av befolkninga rundt om i verda.

Eg trur no at dødsfalla og lemlestinga ikkje var biverknader i det heile – dei var hovudeffektane. Og i tillegg til dødsfalla og dei alvorlege helseproblema (hjartesjukdom til dømes), har sprøytene forårsaka alvorleg hjerneskade og ei ny befolkning av zombiar.

Det er på grunn av denne hjerneskaden at so mange menneske med glede aksepterer digitale valutaer, forbodet mot kontantar og andre steg på veg mot totalt slaveri. Dei vaksinerte er ulike oss andre: dei legg ikkje merke til kva som skjer. I dei vaksinerte sitt land er tåpen konge.»

Nokre norske røyster frå motstandsrørsla skildrar det som om «folket søv», i og med at fleirtalet ikkje ser ut til å leggje merke til at ting byrjar å gå til helvete, og at det har vore slik i lengre tid. Ingen stormar ut i gatene og protesterer over at landssvikarane som stengde ned landet og terroriserte befolkninga i to år framleis går frie i samfunnet, og at dei til og med blir framstilt som heltar. Det dei har gjort er faktisk verre enn det Vidkun Quisling gjorde, og namnet hans er no synonymt med høgforræderi og landssvik. Og for å føre skam til skade og pisse i det opne såret: alle helseplagane og dødsfalla som «vaksinane» har forårsaka føreslår enkelte no at vi berre skal gløyme. Folket søv sanneleg, for eit landssvikoppgjer burde definitivt ha vore på sin plass. Heldigvis er det framleis vakne, oppegåande menneske igjen i den vestlege verda, og eg har ein mistanke om at dei fleste er uvaksinerte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s