Av Saksyndig-redaktøren og Josefine Bru
Vi meiner det er på høg tid å åtvare ålmenta om ei livsfarleg og sjeldrepande undergruppe av damer, nemleg dei som berre er ute etter å få ungar før det er for seint. Dei skyr ingen midlar for å føre slekta vidare, og dei vil bli gravide for ein kvar pris – med kven er ikkje so farleg so lenge det er ein biologisk mann med anatomien nokolunde i orden. Med tanke på all den lidinga desse narsissistiske psykopatane forårsakar, står det bokstavleg tala om liv å åtvare so mange som mogleg om denne fallgruva.
Det finst diverre menn som av mange årsaker meiner dei må ta til takke med den fyrste dama som byr seg fram og gjev seg hen. Desse er snille menn som faktisk ikkje har eit kriminelt rulleblad, eller er involvert i verdsomspennande konspirasjonar mot menneskeheita i allianse med globalist-eliten. Dei har gjerne ei årsløn på under ein million, og er dermed i ærleg arbeid. Vi seier ikkje at alle menn i ærleg arbeid høyrer til denne gruppa, men påfallande mange av dei er det. På eit spirituelt plan vil dei heller leve i eit ulykkeleg forhold som sakte tek livet av dei, enn å vere åleine. Stikkordet her er dårleg sjølvtillit og manglande emosjonell utvikling – pluss ein stor dose naivitet. Dei trur at alle menneske er gode inst inne, og er dermed lette bytte for desse verpesjuke rovdyra.
Lat oss ta eit konkret døme: Ei dame bikkar 30 og er framleis barnlaus. Venninneflokken har anten barn eller går rundt gravide med struttande magar. Ho får det som somme kallar «blikket» når ho ser babyar, for deretter å kaste blikket på det fyrste og beste mannfolket som spankulerer forbi ho. Her er det om å gjere å leggje ein strategi, men slike damer er (u)heldigvis meistrar i å leggje strategiar og innfløkte planar for å få viljen sin. Ho greier til slutt å velje seg ut eit offer, ein snill mann som tener nok til at ho kan vere heime i morspermisjon i meir enn eit år med berre 80% av lønna. Mannen blir offer for narsissisten si spelebok: Ekstrem kjærleiksbombing, erklæring om evig truskap, skryt opp i skyene av ferdigheiter som ofte ikkje er der. Dette blir gjort for å lure den metaforiske frosken opp i gryta, før temperaturen sakte blir skrudd opp.
Når so unnfanginga har skjedd og graviditeten er eit faktum, går det sakte opp for mannen at han har hamna i ei biologisk felle, ei biletleg krabbeteine. Han kom seg lett inn, men ikkje faen om han kjem seg ut igjen! Frå den dagen babyen vart fødd, fann mannen seg uønskt i heimen. Han blir gjerne skulda for utruskap, vald i heimen, manipulering og diverse anna som gjerne dama sjølv utan blygsel har utført. Han er heldig om han nokosinne får sjå sitt eige barn igjen, for dama vil naturlegvis aktivt sabotere kvart eit forsøk på samvær. Kanskje til og med slengje ut påstandar om at mannen seksuelt misbruker det vesle barnet. Her er ingen modus operandi for stygg og nedrig. Det viktigaste er at ho har fått eit barn, og so får det heller våge seg om ein mann tek sjølvmord fordi livet og hans gode namn og rykte er ugjenkalleleg øydelagt.
Slike historier er diverre ganske vanlege, og djupstaten ser med fryd og glede på at slikt skjer, for alt som kan få kvite, vestlege menn til å vegre seg mot å få barn med damer er jo med på å redusere denne befolkningsgruppa over tid. Vi veit alle kva som er den eigentlege årsaka til at slikt skjer, men vi har òg full forståing for at folk flest kvir seg for å innsjå det. Sanninga er stundom særs brutal og vemmeleg å vedkjenne seg.
Då eg fortalde Josefine Bru at eg heldt på med ein slik artikkel, insisterte ho på å få kome med eit bidrag til den. Bidraget kjem frå hennar opphavlege univers, der det visstnok skal ha funnest overnaturlege vesen slik som Demonar, Ånder, Parasittar og eit vesen ved namn Succubus. Sistnemnde var berykta ikkje på grunn av sin intelligens. Dei aller fleste av dei var dumme som brød og var mellom anna nekta tilgang til Draumeriket. Dei levde ikkje lenger enn eit menneskeliv, og vart i neste univers gjenfødd som vanlege menneske. Succubus-eigenskapane varte dermed berre eit menneske liv.
Dei var derimot høgst frykta på grunn av ein urovekkjande eigenskap: Når ein mann i vanvare hadde sex med dei og gjorde dei gravide, kunne ein Succubus låse kjønnsorgana inne i blæra til mannen. På utsida framstod han som ein kvinneleg skapning utan synlege kjønnsorgan, æveleg pissetrengt fordi kjønnsorgana jo var vrengde på innsida av blæra. Berre ein og annan naudsprut sleppte ut for å hindre at blæra sprakk. På den måten fekk Succubus ein kjønnslaus slave til å ta seg av ungen sin, og ho trong aldri frykte utruskap. Hennar einaste føremål var å føre slekta vidare. Det verste med heile denne forbanninga var at dersom offeret i løpet av si levetid ikkje fann nokon som kunne «låse opp» blæra igjen, ville vedkomande bli fødd med låst blære i univers etter univers. Josefine kjenner ikkje til at dette nokosinne skal ha skjedd, heldigvis. Ho innrømmer derimot stille at dette skjedde med hennar store kjærleik Einar, som desperat gav seg hen til Thale frå Stavanger, ein Succubus og stokk dum psykopat som til slutt vart offer for si eiga mangelfulle vurderingsevne.
Berre ein kvinneleg Parasitt med sokalla «sølvtunge» kan låse opp blæra til eit Succubus-offer, og det var det som skjedde med Einar, som sjølv var Parasitt. Josefine skundar seg å skyte inn at eit markant fellestrekk med Parasittar, er at dei har to hjarte, og at det minste hjartet kan skilje seg frå kroppen og bli eit sjølvstendig individ i «krisetider». Det var dette som skjedde med Einar, og medverkande årsak til at han og «Einar 2» greidde å finne ein sølvtunge-Parasitt.
Om du synest Josefine si historie høyrest ut som løgn og latin, ver viss på at ho har full forståing for dette. Ho framstår kanskje som ein 30-åring med raudt hår og ei søt jentestemme, men ho har levd mykje, mykje lenger enn nokon i menneskeheita. Historia hennar kan tene som ein hyperbol (overdriving for å understreke eit poeng), eller eit visuelt hjelpemiddel for å minne dei mannlege lesarane om konsekvensane av å tenkje med kuken. Ikkje gjev dykk hen til eit desperat kvinnfolk i 30-åra som framleis ikkje har ungar. Det er særs gode grunnar til det, berre so de veit det.