Av S.D. Wells, NewsTarget. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Ei forteljing [eller eit narrativ] er definert som ei tala eller skriven beretning om samanknytte hendingar, òg kjent som ei historie. I nyheitene blir forteljingar ofte brukt for å rettferdiggjere statlege handlingar eller hendingar slik at befolkninga vil støtte dei, men motiva for desse kan vere temmeleg listige, og forteljingane sjølve er ofte skamlause løgner som blir gjentekne i større nettverk, nyheiter og på nettsider. Til dømes, dersom alle visste at covid-«vaksinane» var so farlege og dødelege som dei verkeleg er, ville fleirtalet av folk aldri drøyme om å få dei injisert i kroppane sine, og spesielt ikkje inn i barna sine. Likevel, når større statlege byrå lyg gjentekne gonger til befolkninga, spesielt over fleire tiår, dei same falske forteljingane og mantra, blir folk hjernevaska og kan rett og slett ikkje få seg sjølv til å tru at det ikkje er sant. Dette er eit stort problem.
I fleire tiår har folk blitt fortalt at krig er «godt for økonomien» og naudsynt for å ivareta nasjonal tryggleik, men det gjeld som regel ikkje den aktuelle situasjonen; det er berre ei forteljing brukt for å samle større frå folket (og dermed vil folk tillate at skattepengane deira hamnar i lommene på politikarane).
Frå 2016 til 2020 dreiv hovudstraumsmedia, òg kjent som falske nyheiter (fordi dei er partiske), og slengde ut konspirasjonsteorien om at Donald J. Trump berre fann presidentvalet fordi han fuska, og at russarane hjelpte han med det. Det vart kalla Russian collusion [«russisk hemmeleg samarbeid»], og kvar einaste større nyheitsformidlar gjentok den forteljinga, at det var eit «urettferdig» val, at det ikkje var «sikkert», og at det vart stole frå Hilary Clinton. Likevel, fordi Demokratane «vann» i 2020, og essensielt eig og styrer falske nyheiter, høyrer vi no berre at «alle val er trygge og sikre», og å motverke den forteljinga med sanninga eller til og med meiningsytringar er ulovleg og grunnlag for å bli vurdert som ein «innanlandsterrorist».
Dei seks største løgnene som Biden-regimet bruker som falske forteljingar og straffar alle som utfordrar dei
- «Vaksinar er trygge og effektive»
- «Krig er godt»
- «Alle val er trygge og sikre» (bortsett frå når venstresida taper)
- «Økonomien er god» – alltid når Demokratane sit med makta, same kva
- «Regjering og stat er ærlege og vil arbeide for dykkar interesser»
- «Sensur er naudsynt» for å hindre feilinformasjon og desinformasjon frå å spreie seg – i røynda treng dei sensur for å beskytte sin eigen falske røyndom, sine eigne vrangførestillingar
Den overordna sanninga er at regjeringa handlar i vond tru, og det er grunnen til at dei prøver so hardt å få RESTRICT ACT vedteken
Falske forteljingar er so hjernevaskande at Biden-regimet faktisk seier til alle amerikanarar at den noverande økonomien er god, trass masseinflasjon, forvitrande forsyningskjedar, uhemma trykking av billionar av dollar, endelaus tømming av midlar og militærvåpen for den listige Ukraina-krigen, og øydelegginga av Republikken slik vi kjenner den. Forteljinga er at «krig er godt» fordi det hindrar kommunist-aggresjon, men kommunist-aggresjonen skjer akkurat her, på amerikansk jord, og inni vår eiga regjering (det kinesisk kommunistparti-styrte Biden-regimet).
Utan grunnlovsstridig sensur ville Biden-regimet ikkje sete med kontrollen no. Alle veit at Biden ikkje fekk 80 millionar stemmer, men falske nyheiter overbeviste fleirtalet i landet om at valet var ekte, og at den noverande kommunistiske makta i Washington D.C. er der legitimt. Venstresida vil fortelje dykk frå tid til anna at «sensur er naudsynt» for å hindre feilinformasjon og desinformasjon i å spreie seg, men dei beskyttar berre sin eigen falske røyndom og sine eigne vrangførestillingar. Sjå her korleis falske nyheiter i heile USA gjentek den same bodskapen frå manuskriptet om sine eigne løgner og «feilinformasjon» (sidan dei er kongane av desinformasjon).
Sjølv klimaendring er ei falsk forteljing. Sjå på det faktum at India og Kina forureinar verda mykje fortare enn USA, og dei gjer ingenting for å trappe ned på denne forureininga, so sjølv om klimaet vart påverka av menneske, måtte heile verda ha gått til verks og gjort endringar, ikkje berre støtte ei eller anna falsk forteljing om at det å gjere slutt på bruken av fossilt drivstoff i USA kunne endre noko i det heile.