Pass deg for OMVENDTE minibankar som tek pengane dine, krev identiteten din, for deretter å gje deg eit debetkort du kan bruke å handle med – dette er SPIONmaskiner!

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Det neste steget mot eit til slutt kontantlaust samfunn er «omvendte minibankar», som ifølgje rapportar byter kontantar mot debetkort som kundane so kan bruke å handle med.

Omvendte minibankar – som det vart fortgang i takka vere Wuhan koronavirus (covid-19)-«pandemien», som lærte folket opp til å tru at kontantar er «skitne» og kan «smitte» dei – byrjar no å dukke opp på tivoli, sportsstadion, kasino og andre fasilitetar som helst ikkje vil handtere myntar og setlar meir.

Enkelte restaurantar, inkludert Slutty Vegan og Brooklyn Dumpling Shop, som begge er lokalisert i New York by, driv òg og installerer omvendte minibankar for å unngå «skitenheita» til kontantar.

Sidan gyldig betalingsmiddel framleis må aksepterast, eksisterer omvendte minibankar i ei juridisk gråsone. Somme delstatar og byar forbyr lokale forretningar å nekte å ta imot kontantar, og per no er omvendte minibankar eit slags smotthòl for dei reglane.

(Relatert: I fjor sommar avdekte fleire dusin Whole Foods Market-butikkar i California eit nytt kontantlaust betalingssystem som lèt kundar kjøpe mat med handflata – ikkje lenger behov for pengar eller kort.)

Snart vil folk ha «eit virtuelt kort» på smarttelefonane sine, seier ekspertar

Som det viser seg er der framleis millionar av amerikanarar som har valt å ikkje ha bankkonto eller noka form for kreditt- eller debetkort. Sidan dei har rett til å handle og ta del i samfunnet utan slike ting, vil omvendte minibankar hjelpe til med å fylle tomrommet for dei òg.

«Kontant-digitalisering», som dei kallar planen, har som mål å til slutt erstatte alle setlar og myntar med digitale betalingsplanar.

«Dette er eit konkurransestyrt føretak,» seier Naushervan Beg, partnar og leiar for føretaksutvikling ved Wavetec, eit Toronto-basert selskap som sel omvendte minibankar under produktnamnet Azimut.

«Kontantar ber med seg mykje friksjon, ikkje sant? Mange stader er viljuge til å betale for maskinene fordi at for dei er det største smertepunktet å ta imot kontantane.»

I tidsalderen etter George Floyd med konstante overfallsran og andre former for opprør, tjuveri og kriminalitet, vegrar mange føretak seg for å ha for mykje kontantar i lokala til eit kvart tidspunkt, fordi dei er redde for å bli rana.

Eit slikt føretak er ein matbil driven av Slutty Vegan-eigar Pinky Cole, som fortalde Axios at «vi tener 15 000 til 20 000 dollar om dagen, med fem- til sekstimars ruter.»

«Stundom måtte vi ha med oss vaktselskap fordi vi sat på so mykje kontantar,» avslørte Cole.

Når folk fyrst blir vande med ideen om å bruke omvendte minibankar, som ærleg tala er spionmaskiner forkledde som enkle og greie maskiner, vil planen vere å kvitte seg fullstendig med kontantar.

På eitt punkt vil alle desse omvendte minibankane bli erstatta med injiserbare chippar som vil krevje at folk bruker hendene sine eller andre kroppsdelar for å utføre betalingar med eit raskt sveip.

«Det vil kanskje ikkje vere eit fysisk kort,» seier Beg om korleis det komande kontantlause samfunnet til skride fram. «Du kan ha eit virtuelt kort på smarttelefonen din.»

No for tida vil omvendte minibankar sannsynlegvis halde fram med å dukke opp, noko som tvingar kundar til å utføre konverteringa før dei får lov til å ete, delta på ei sportshending, ta offentleg transport eller til og med betale i ein bomring.

«Big Brother ønskjer å chippe hendene våre,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet. «Dei vil tilby 100 dollar i matkupongar til folk, slik som pizzakupongane dei fekk for å ta covid-vaksinen.»

Ein annan skreiv at det ikkje var overraskande at Whole Foods leiar spranget mot eit kontantlaust samfunn, ettersom det er eigd av Amazon, eit produkt frå Jeff Bezos.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s