Kampen for fridom er ikkje over, den har nett so vidt byrja

Av pastor og professor Michael J. Sutton, Brownstone Institute. Omsett av saksyndig.

Etter å ha blitt fortalt at pandemien var vår største utfordring på hundre år, blir vi oppmoda om å gå vidare, gløyme fortida og vende tilbake til eit normalt liv. «Gå vidare,» seier dei. «Ingenting å sjå her. Krisa er over, ingen skade skjedd.» Desse er orda tyrannar bruker og difor er det for meg eit moralsk imperativ å konfrontere tyranni, sjølv innanfor våre heilage hallar av «demokrati». Om det er eit demokrati eller ikkje, vil framtidige historikarar vurdere, dersom den vestlege sivilisasjonen varer so lenge, noko eg tviler på.

Fascistane fortel oss no at nye farar trugar rettane som vi gladeleg kasta til side. Vi står overfør ein ny fiende kalla «autokrati», med nasjonalverdiar som vi nyleg omfamna, applauderte og feira i tre år. Verda kan sjå på og sjå oss fordømme Russland for å gjere det vi gjorde i Afghanistan i to tiår, men vi håper dei alle vil gjere det dei blir bedne om, gløyme og gå vidare.

Mange trur at pandemien kravde ei uheldig, men naudsynt bortvending frå vår stolte historie av demokrati, menneskerettar og fridom. Eg er ikkje ein av dei folka. Vesten har opplevd si eiga eksistensielle krise som dei kanskje ikkje vil kome seg etter. Fallet til Berlinmuren representerte slutten på den gamle stalinistiske draumen. Covid-hysteriet representerte fallet til vestleg demokrati sin fasade, eller kva som var igjen av den. Russarane miste stalinisme, og vi i Vesten miste demokrati. Det var aldri tilfellet at Russland fall, men dei fall fyrst fordi alt gjer det til slutt, og berre toskar trur at imperium varer evig.

Covid-hysteri markerte den lange, pinefulle døden til ein mellombels sosial kontrakt, gammal representativ liberalisme, den latterlege og absurde ideen om at makt kan kvile i hendene på vanlege menneske, i staden for i det klamme og grådige grepet til dei rike og mektige. Dei er drivne av politisk vondvilje, dumskap og frykt, og demokrati fall som dominobrikker, oppførde seg som klonar, kopierte kvarandre i eit mønster av drakonisk politikk, inkludert krigslover, vekksetjing av demokratiske rettar og demoniseringa av ein ny klasse menneske.

Det var ikkje fallet inn i autoritarianisme eller totalitarisme, kva enn dei tydar, ei heller var det den varme omfamninga av sosialisme. Det var det uunngåelege fallet inn i fascisme, den hemmelege kjærleiken til Vesten, ein dødeleg kreft i hjartet av Det liberale prosjektet. Covid-hysteri var ikkje ei vitskapleg handling, men det var ein nasjonal vitskap. Den kultiverte ei petriskål breiddfull av sterile fascist-wannabes, der dei berre produserte forma, men ikkje blomen til fascisme.

Landet «down under» [Australia], til dømes, levde opp til sitt namn. Under Covid-hysteriet fell dei so langt som eit samfunn kunne inn i rennesteinen til nyfascistisk galskap. Under krigslovene marsjerte militæret i gatene i arbeidarstrøka i Sydney for å handheve portforbod, og i Melbourne sprang væpna opprørspoliti rundt og skaut gummikuler på uskuldige menneske som samla seg for å protestere fredeleg.

Denne brutaliteten vart ønskt velkomen av herskarklassen som gledde seg kvar natt over å sjå straffer bli delte ut til lovbrytarane, og kvar morgon kunne dei sjå i spenning dei repetitive doktrinane til Det sataniske messa av daglege covid-oppdateringar. Dette teateret vart designa av politikarar og byråkratar som bevisst piska fram frykt og jamleg laug om covid. Valde representantar i Victoria vart nekta tilgang til Parlamentet fordi dei ikkje avslørte sin vaksinasjonsstatus. Rett ut av Maos tekst for sosial harmoni oppmuntra regjeringa familiar og venner til å rapportere naboar og sysken om dei braut nedstengingsreglane eller samlast i ulovlege protestar.

Som mange gjer i vårt samfunn, strevar eg [artikkelforfattaren] med kva det tydar å leve ut trua mi i ei verd som har tørna. For meg, som er kristen og ein følgjar av Jesus, er eg klar over at der er to farar som er ibuande når ein rører ved menneskeleg dødelegheit. Den fyrste er naturlegvis det å avskaffe moralske prinsipp. Den andre faren er å finne opp nye moralske standardar. Dette har lenge vore speleboka til kyrkja. Til dømes støtta den vestlege kyrkja i fleire hundreår den perverse og ukristne segregasjonistpolitikken som ikkje har nokon basis i sjølv dei mest liberale tolkingane av Det nye testamentet. Vondskapen til raseskilje som eit moralsk prinsipp var og forblir ein styggedom. Den har permanent og ugjenkalleleg skadd menneskelege relasjonar og vil ta fleire hundreår å lækjast, om den nokosinne vil det.

Holocaust var kanskje den største vondskapen i historia, eit uunngåeleg produkt av fascistisk politikk, og ein djupt følt teologisk tradisjon som hata jødar, forsterka i over eit hundreår av sokalla moderne bibelsk kritikk i Tyskland som hadde som mål å delegitimere historia til det jødiske folket og frårøve dei deira identitet. I meir enn eit tiår elska vanlege tyskarar å lese Mein Kampf, ei bok full av galle, hat og gift, skriven av ein utruleg populær mann som surga på ei bølgje av hat mot ei gruppe uskuldige menneske som hadde vore flyktningar i Europa i meir enn to tusen år.

Medan USA sin etterkrigssti var tvilsam, har den generelle retninga vore den sakte og svingete jakta på den simple proposisjonen at alle er skapt i biletet til Gud, og at alle menneske er dei same og fortener den same behandlinga. Der har vore regresjonar og slag, kontroversar og brotsverk. Alle nasjonar har vore medskuldige i denne triste, tragiske og fæle krigen mot fridom.

Ein skulle tru, og det er temmeleg rimeleg å anta at nasjonar med slik ei avskyeleg og skamfull historie ville resolutt omfamne fridom over alt anna, og konsekvent stå mot kvar ei rørsle som vil skape nye moralske standardar. Det Vesten gjorde under Covid var ein djup vondskap som få verkeleg forstår. Det ville ha vore annleis dersom Vesten var kjent for si stillheit, og gjekk føre med eit døme, heller enn ord, og vi kunne uttrykkje overrasking over deira plutselege interesse i å fortelje folk kva dei skulle gjere.

Verda veit derimot at Vesten aldri vil halde kjeft. Dei vestlege landa har dytta verdiane sine ned halsane på resten av verda i fleire tiår, skrytt av si forplikting til fridom og rettane til minoritetar, og hevda at dei er forkjemparar for ytringsfridom, forsamlingsfridom og trusfridom. Frå 2020-23 kasta dei alt saman i søpla. No når det er på tide å gå vidare er dei alle opptekne med å rote gjennom avfallet for å finne menneskeheita som dei so hjarterått kasta til side.

Skapinga av den nye klassen sjukdomsberande urørlege, dei «uvaksinerte», minner meg om krigen mot rasisme. USA får mesteparten av merksemda når det gjeld dette, men USA er på ingen måte den einaste nasjonen som strevar med rasisme. Alle nasjonar er rasistiske på ymse måtar, og det er umogleg å leve utan ei eller anna form for fordom, sidan det har djupe røter i vårt DNA som menneske.

Som forfølginga, stilninga, segregeringa og kanselleringa av kvar ein kritikk av covid-politikken, blir offera for rasisme peikt ut, og vi kjenner alle språket, vilkåra, utsjånaden, stereotypane og sinnet. «Desse folka», blir vi fortalt, «veit de korleis dei er», høyrer vi som ekko i hjernane våre. Kven har ikkje blitt peikt ut desse siste tre åra? Korleis kan fascistar snakke om Borgarrettsrørsla med eit alvorleg ansiktsuttrykk dersom dei snur rundt og finn opp ein ny klasse av menneske å hate? Dette er dei slaga, i eit liberalt samfunn, eit samfunn som verdset fridom, som bør kjempast. Sjølve liva våre står på spel, kva det tydar å vere menneske er i fare, og i staden blir vi bedne om å «sitje ned, halde kjeft og gjere som de får beskjed om».

USA er unikt i at dei gjennom Grunnlova si tilbyr ein veg for politisk og sosial nettverksdanning. Andre kapitalistiske samfunn lengtar etter den same vegen som USA har via sitt rettssystem, og det er ein av hovudgrunnane til at USA forblir eit fyrtårn, om enn eit sverta og fridomsmanglande eit.

Obskøniteten til myten om dei «uvaksinerte» er vondskapsfull av to grunnar. For det fyrste har definisjonen av ein vaksine endra seg for å dekkje kor ineffektiv den er. Oppfriskningsdosane beviser denne galskapen. For det andre har vi det uvitskaplege argumentet at trass deira femte eller sjette oppfriskningsdose kan ein vaksinert person døy dersom han eller ho møter, er saman med, har seg med, kysser, rører eller gjev seg hen til nokon som ikkje er vaksinert.

Dersom de trur på dette nonsenset, vil de tru alt regjeringa seier til dykk, og det var kanskje målet for det statsstyrte Covid-hysteriet, førebuinga til nasjonen for krig mot Kina, eller den neste gruppa av menneske som skal fordømmast som urørlege. Av ein eller annan grunn, i staden for å sky diskriminering, føretrekkjer Vesten å sky folk for å unngå å ta personleg ansvar for problem.

Sidan Vesten held fram med å snuble i lys av framveksten av ikkje-anglo-makter, er det lettare å demonisere seksjonar av samfunnet vårt som dei ansvarlege for undergangen vår, enn å adressere dei ekte problema. Vestleg kapitalisme er i alvorlege vanskar. Kina, India, Aust-Asia og andre nasjonar, i ei konkurransestyrt, kapitalistisk, marknadsbasert verd, er meir konkurransedyktige og meir føyelege for dynamisme. Responsen til eit modent, marknadsbasert samfunn er å akseptere, tilpasse seg og leve, sidan naturen til kapitalisme er slik no at Kina ikkje vil sitje i førarsetet so lenge, ei heller vil India. Marknaden er grådig og uføreseieleg.

Tragisk har mange i Washington som mål å øydeleggje konkurrentane våre ved hjelp av krig. Eg er mistenksam på den plutselege ærlegheita i Washington som no veltar seg i Kina-lablekkasje-teorien. Det passar som hand i hanske i gjenopplivinga av «Gul fare»-ideologien og den typiske uskolerte reaksjonen på Det kinesiske kommunistpartiet. Kina er ikkje ein fascistisk stat. Fascisme kan ikkje kome frå Kina sidan dei har ingen tradisjon for demokrati.

Fascisme er resultatet av eit rotnande og korrupt demokrati. Kina vil truleg alltid ha ein eittpartistat, og kopierer Japan og Singapore når det passar den nasjonale kulturen. Konfutse herskar i Asia frå si eldgamle grav, og han er Austen sitt svar på Plato. Om covid vart sleppt laus med vilje av amerikanske agentar som opererte i Kina, eller om der var ein lablekkasje, eller to eller tre, var det eit menneskeleg problem og flaggermus hadde ikkje skulda.

Skapinga av dei sokalla «uvaksinerte» var ein frykteleg, unngåeleg og langvarig vondskap. Det var eit teikn på kva som var i vente. Det fortel meg at Vesten har lært absolutt ingenting det siste hundreåret under deira korstog mot fordommar. Mykje vart oppnådd, men det var overflatisk og uærleg. Iveren vår etter å skape ein ny klasse menneske å hate demonstrerer at moralsk autoritet ikkje lenger bur i, om det nokosinne gjorde det, landa til dei frie. Eit mørke kjem, som vi sjølv har skapt. Eg trur vår generasjon vil vere vitne til eit nytt Holocaust, og som førre gong vil folk flest støtte det, og so når alt er over vil dei fleste seie at dei ikkje visste, eller at folk fortente det; trass alt var dei annleis.

Det er viktig å hanskast med denne vondskapen ein gong for alle. Kvar person som brukte, skreiv, støtta og fremja terminologien til dei «uvaksinerte», utførde ein frykteleg vondskap, ved å skape skilje der det ikkje var noko slikt, ved å demonisere uskuldige, og i å gjere dette fordømme seg sjølve. Dette er heva over ein kvar tvil.

Dei fleste vil respondere og seie «Vel, sånn er livet, ingen er perfekte, vi går vidare, ingen skade skjedd.» Lat Gud dømme dette, men vi i Vesten har flytta oss vekk frå Gud og gjort oss sjølve til gudar, og for eit paradis vi har skapt. Guden som det er skrive om i både den hebraiske bibelen og Det nye testamentet er ein Gud som er mot dei hovmodige og for dei svake, mot dei rike og for dei fattige, og han er for dei sårbare, dei undertrykte og alle slavar. Det verda ser er eit Vesten som stadig skiftar meining om moral, og når resten av verda har nådd dei igjen, finn dei ut at Vesten har skifta meining igjen og funne eit nytt korstog som seier imot det gamle.

Pandemien har vist oss at vi i Vesten er tilbøyelege til å dømme alle andre for at dei ikkje kan leve opp til våre opplyste standardar, men vi er òg i stand til å kreativt kome med nye definisjonar på kva som er rett og gale. Verda ser på oss, og dei er ikkje overraska. Dei kjenner historia vår og hykleriet vårt, og dei lurer på kor lang tid det vil ta før Vesten går same vegen som alle imperium. Det vil tida vise, men historia antydar at dess større dei er, dess hardare fell dei.

Det er på tide å vende oss rundt og møte menneska vi har fordømt på eit uriktig og urettferdig grunnlag. Noverande avsløringar og avdekkingar demonstrerer konkluderande at staten visste om problema som var ibuande i vaksinar, dei visste at dei laug til befolkninga om nedstengingar, påbod og pass, og dei var medskuldige i eit program av bevisst, kalkulert sosial manipulering og misbruk. Det er ikkje overraskande for meg at mange skarpsynte deltakarar i dette bedraget har forlate skuta, pensjonert seg eller bede om juridisk bistand. Berre den harde kjernen av fanatikarar er igjen for å skrive sin versjon av historia. Å støtte covid-19-vaksinar og galskapen bak nedstengingar, påbod og pass vil vere noko à la memoarar frå fortida som skryt om dei kurative fordelane til kvikksølv.

Dei som støtta løgna om dei uvaksinerte treng å offentleg erkjenne feila sine og akseptere at deira rolle gjorde det lettare å gjennomføre det marerittet verda har lide seg gjennom. Legane og sjukepleiarane, lærarane og administratorane, leiarane og pastorane, prestane og byråkratane som fekk spraken fordi dei var uvaksinerte, må få jobbane sine tilbake, og få gjenoppretta rykta sine, saman med inntekt, saman med skrivne og offentlege orsakingar frå dei ansvarlege institusjonane. Berre då kan vi seie at vi er på veg mot å lækjast.

Men kven narrar eg? Dette vil ikkje skje i overskodeleg framtid. Dette ettermælet av bedrag, korrupsjon og dumskap vil bli overført til barna våre og deira barn, dersom dei då overlever krigen med Kina som vi har planlagt for dei. Trass alt vil vi kjempe mot Beijing for fridom, ein fridom vi ikkje lenger trur på, og har brukt dei siste åra på å nekte millionar av våre eigne folk. Fordømminga vår er særs velfortent.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s