Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Folk får ikkje lenger ungar, og trendar antydar at ein verdsomspennande befolkningskollaps no er i gang på grunn av det.
Både i den industrialiserte verda og i utviklingsland er fødselsratar knapt nok stabile, i beste fall. I verste fall, og dette ser ut til å vere tilfellet for dei fleste land, går folketalet nedover i ein stadig aukande rate.
Kombinert med ein nedgang i forventa levealder i USA og andre stader, sannsynlegvis på grunn av Fauci Flu-sprøyter [covid-19-«vaksinar»], ser framtida dyster ut for menneskeheita.
Sidan 1950 har talet fødslar per kvinne falle med meir enn halvparten, viser dei siste dataa. Det året gjekk ei typisk kvinne gjennom fem fødslar kvar. I fjor bar gjennomsnittskvinna berre fram 2,3 barn.
Innan år 2050 estimerer FN at gjennomsnittskvinna berre vil få 2,1 barn.
I USA spesifikt var fødselsraten på 1950-talet 3,6 fødslar per kvinne. I 2020 då Wuhan koronaviruset (covid-19) byrja, fall det talet til berre 1,6 fødslar per kvinne, ifølgje Verdsbanken.
«I Italia var det 1,2; i Japan var det 1,3; i Kina 1,2,» seier rapportar.
«I januar 2022 formidla landet (Kina) at fødselsraten fall for femte år på rad, sjølv når eittbarnspolitikken hadde blitt avskaffa, noko som gav par lov til å få opp til tre barn frå og med 2021.»
(Relatert: Ein leken memo frå 1969 viser at spreiinga av LGBT-perversjon er del av den globale avfolkingsagendaen.)
Den amerikanske fruktbarheitsraten har lege under erstatningsnivå sidan 1971 – ingen har råd til å få barn lenger
I USA har fruktbarheitsraten lege under erstatningsnivå ganske lenge no. Estimat antydar at heilt sidan 1971 har USA sine fødselsratar lege under erstatningsnivået, og dette viser ingen teikn på å endre seg i overskodeleg framtid.
Risikoen er at fødselsratar vil berre halde fram med å falle som eit blylodd i USA sidan yngre generasjonar ikkje lenger har råd til å stifte familiar, eller rett og slett vel å ikkje bringe fleire menneske inn i marerittet.
Unge menn, ifølgje media, lèt seg sterilisere som aldri før, spesielt sidan Høgsteretten oppheva Roe v. Wade [dom frå 1973 som i praksis legaliserte abort i heile USA; opphevinga av denne i juni 2022 kan i prinsippet innebere at abort atter kan bli forbode sidan delstatane no fritt kan vedta abortlover; oms.komm.]. Dette opprører herskarklassen i den forstand at der ikkje vil bli fødd nok nye slavar dei komande åra til å gjere alt slavearbeidet i deira store konsern.
Samstundes har talet amerikanarar som er 65 eller eldre skote i vêret til 56 millionar, eller rundt 17% av den totale befolkninga. Dette er nesten det dobbelte av 1960-nivået på berre ni prosent.
«Med det aukande talet eldre amerikanarar, det at babyboomerane pensjonerer seg frå arbeidslivet i stor skala, og aukande helsekostnader per person, står den amerikanske regjeringa overfor raskt aukande kostnader og bekymringsverdige forventa tilfelle av insolvens i nær framtid til program slik som Social Security [sosial- og velferdstenester] og Medicare [offentleg helseprogram],» indikerer rapportar.
Der finst nesten ingen annan stad på planeten der befolkningsnivået stig naturleg på grunn av auka fødslar. Kvar enn du ser, går befolkningstalet til dei innfødde nedover, medan «migrantar» blir flytta rundt for å prøve å fylle tomrommet etter alle dei tapte arbeidarane.
I Russland må so mange som ein million nye migrantar bli importert til landet kvart einaste år fram til slutten på hundreåret berre for å oppretthalde det noverande befolkningsnivået.
Det er ein liknande situasjon i Sør-Korea, der befolkningsnivået er forventa å falle med meir enn halvparten dersom fruktbarheitsratane held seg på noverande nivå.
Milliardane av menneske rundt om i verda som tok Operasjon Warp Speed-«vaksinane» mot Wuhan koronaviruset (covid-19), gjer sovisst ikkje saka betre, sidan dei eksperimentelle legemiddela er knytt til spontanabortar, dødfødslar og ufruktbarheit.