Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Lat oss vere tydelege på éin ting: Pushet mot heilelektrisk transport har ingenting å gjere med å «redde planeten» frå utsleppshelvete og alt å gjere med å kontrollere korleis vi reiser.
Elektriske køyretøy er ikkje den altmogleg-kuren for å rydde opp i miljøet som den tyranniske venstreekstreme eliten påstår dei er, fordi dei krev at ein bokstavleg tala valdtek jorda for å få tak i ingrediensane (primært litium) for batteria – for ikkje å nemne at litium blir grave ut av jorda av fattige farga barn som arbeider som slavar for nokre kroner om dagen.
Faktisk handlar heile den «grøne» agendaen om kontroll, ikkje redde Moder Jord, fordi den krev at vi forbruker mindre og lit langt meir på å bli samla opp i megabyar der makteliten kan påtvinge viljen sin på oss. Individualisme er deira fiende; sjølvberging er uønskt for dei.
Tidlegare denne veka annonserte det konsernstyrte World Economic Forum (WEF) at verdsleiarar kom til å samle seg seinare i år for å «akselerere innføringa av Agenda 2030,» ein plan som manglar ansvarleggjering, rapporterte The National Pulse.
Både FN og WEF ser ut til å vere forferda over mangelen på framgang mot deira «Great Reset»-ideologi og Agenda 2030-planen, som er ein sosialistisk oppfølgjar til det mislykka «Millennium Development Goals», rapporterte nyheitsformidlaren.
WEF, leia av den tyske ingeniøren Klaus Schwab (som hadde ein far som var involvert i Det nazistiske partiet), har erkjent at tidlegare forsøk på å implementere planane deira har blitt hindra av «uventa motbør», slik som covid-19-pandemien, biverknadene av klimaendring og dei stadig aukande kostnadene på mat og drivstoff over heile verda på grunn av konflikten i Ukraina.
Globale leiarar og deira representantar har blitt kalla inn for å «leggje strategi» og akselerere prosessen av det WEF kallar «utvilsamt det største menneskelege føretaket nokosinne utført for å skape fredelege, rettferdige, likeverdige og berekraftige samfunn».
Men igjen, ikkje lat alle påfuglorda narre dykk: Dei har som mål å leggje verda under sin kontroll slik at vi lever i deira visjon av eit «fredeleg, rettferdig samfunn» – som vil innebere å gje opp dei demokratiske systema våre og overgje all makt til dei, det knøttvesle mindretalet av megarike elitistar som ser på seg sjølve som gudekongar.
FNs Departement for økonomiske og sosiale affærar har argumentert at «praktiske løysingar som kan akselerere framgangen til [FNs mål for berekraftig utvikling / Sustainable Development Goals of the United Nations (SDGs)] er der hastebehov for.»
Formidlaren skriv vidare:
«Dei 17 SDG-ane som omfattar Agenda 2030 vart fyrst samla i 2015, og regjeringane i 191 FN-medlemsstatar vart einige om dei, men ikkje nødvendigvis deira stemmedyktige borgarar. Desse ‘måla’ inkluderer latterlege ambisjonar slik som ‘gjere slutt på fattigdom’ og utrydde svolt i verda, blant meir vondsinna globalistiske mål i område som kjønnsideologi og venstreekstrem sosialistpolitikk.
Sidan Davos 2021 har WEF offentleg diskutert korleis desse måla kan bli brukt til å oppnå ‘Great Reset’, der vanlege menneske ikkje personleg vil kunne eige noko som helst. WEF påstår at dette vil auke lykka i verda.»
WEF prioriterer «civic participation» [«sivil deltaking»] som ein måte å få fart på planane sine. Dei definerer denne tilnærminga som å adressere problem slik som «økonomisk ulikskap, kjønnsgap, korrupsjon og miljødegradering». Og korleis har elitane tenkt å «handtere» desse problema? Den einaste måten å gjere det på, er å ta frå folk som har samla ei viss mengd rikdom og omdele den til andre som ikkje har gjort noko for å tene den – klassisk sosialisme. Legg til det tyranniske aspektet, og du får ein slags hybrid av kommunisme og sosialisme.
«I oppdraget å byggje tilbake betre [build back better],» seier WEF, «føreslår sivil deltaking nye måtar å oppnå SDG-ane og skape ei betre post-pandemisk verd.»
Høgtsvevande mål, men menneske over heile verda burde få lov til å avgjere desse tinga sjølv, ikkje få framtida si «planlagt» av ein liten globalist-gjeng som stikk nasane sine opp i ting dei ikkje har noko med, og som trur dei er herrar av universet.