Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Sentruma til mange amerikanske byar har blitt spøkjelsesbyar, takka vere Wuhan koronaviruset (Covid-19).
Ein ny analyse viser at sentrumsaktivitet på stader slik som San Francisco, Chicago og Boston har falle som ein stein sidan bløffdemien – dette ifølgje mobiltelefondata.
Ifølgje data samla av University of Toronto School of Cities, er sentrum i fleire større befolkningssenter per hausten 2022 langt mindre travle enn dei var før covid.
Los Angeles, til dømes, fekk tilbake berre to tredjedelar av sitt tidlegare folkeliv, målt utifrå mobiltelefonaktivitet – og dette er eit av dei betre comebacka. Andre sentrumsområde slik som dei til Chicago, Vancouver i kanadiske British Columbia, Seattle og San Francisco har knapt nok fått tilbake halvparten av sin før-pandemiske aktivitet.
«Denne tomleiken og stillheita påverkar òg travle byar slik som Denver, Atlanta og Houston,» rapporterte Statista.
(Relatert: Somme estimat antydar at so mange som ein milliard menneske døydde som eit resultat av «covid» og «vaksinane». [Les Saksyndig si omsetjing her.])
Døyr amerikanske byar fordi FOLK døyr, eller held alle seg rett og slett heime i desse dagar?
Ifølgje San Francisco Chronicle byrja det heile med at arbeidarar heldt fram med å jobbe heimanfrå etter at nedstengingane tok slutt. Nedstengingane, viste det seg, resulterte i eit heilt nytt hald-dykk-heime-paradigme som mange som vil halde fram i framtida.
Trenden mot å jobbe heimanfrå forklarer derimot berre delvis forfallet til amerikanske byar og spesielt nedstengingane deira. Korleis misser ein by som Seattle halvparten av aktiviteten sin i løpet av tre år?
Vi veit at mange flykta venstrestyrte byar slik som Seattle og San Francisco etter at George Floyd-opptøyane smadra dei i fillebitar, og etterlét øydelegging i form av tomme bygningar, teltbyar og ei veksande heimlaus befolkning.
Men kva med Atlanta og Houston? Desse to travle byane miste ei ufatteleg mengd sentrumsaktivitet òg, trass at dei tok imot hordar av innflyttarar som flykta dit frå andre delstatar under eller etter plandemien.
So har vi mislykka byar slik som Portland, som vart overteken av teltbyar, heimløyse og kriminalitet som aldri før etter George Floyd og covid. Portland fekk igjen berre 37% av sin før-pandemiske sentrumsaktivitet, som delvis forklarer kvifor Walmart, Cracker Barrel og REI, blant andre føretak, reiser derifrå i hopetal.
Den verste byen av dei alle i analysen er San Francisco, som for tida berre har 31% av den sentrumsaktiviteten dei hadde før pandemien. Utifrå alle kjennemerke er San Francisco verkeleg ein døyande by, saman med Portland og Seattle som ikkje ligg langt etter.
Kombinert med eskalerande kriminalitetsratar, går sentrumsområde over heile Vestkysten ad undas som aldri før. I somme tilfelle blir bytenester slik som søppelhenting og gatelysvedlikehald kutta, noko som berre gjer ting verre.
Ifølgje dataa går berre fire av dei 62 sentrumsområda som vart analysert som del av forskinga no fordi sine 2019 før-pandemiske aktivitetsnivå. Desse inkluderer Salt Lake City, Bakersfield, Fresno (begge i delstaten California) og El Paso i delstaten Texas.
«Dette har konsekvensar for handel, restaurantar og kontor,» sa ein av forskarane om den alvorlege situasjonen for den amerikanske økonomien
«Dette er ‘heimekontor’-kulturen, so vel som det at folk flyktar frå storbyane,» skreiv nokon på Twitter, og gav sitt perspektiv på saka. «Vi flykta frå California i 2018, på det perfekte tidspunktet. Vi har aldri vore lykkelegare.»
«Mobiltelefonaktivitet ser ut til å ha gått ned over nesten heile linja… medan vi samstundes blir fortalt at den globale befolkninga plutseleg er på veg nedover, og forventa levealder har falle for fyrste gong på hundre år,» peikte ein annan på.