Dr. John Coleman, Club of Rome, den sataniske transhumanistiske agendaen og korleis elitane beskyttar seg sjølve mot plagene dei set i gang

Av dr. Ana Maria Mihalcea, henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

«Club of Rome (‘COR’) er hovud-‘tenkjetanken’ til Den nye verdsordenen som var ukjend i USA framtil den vart eksponert av dr. Coleman i 1969 for aller fyrste gong, og publisert under den same tittelen i 1970. Etter å ha blitt danna etter ordrar frå Komiteen av 300 [engelsk the Commitee of 300], var eksistensen til dei fornekta fram til sølvjubileet til grunnlegginga som vart halden i Roma 25 år seinare. COR speler ei vital rolle i all planlegging i den amerikanske regjeringa, både intern og ekstern. Det har ingenting å gjere med Roma, Italia eller den katolske kyrkja.»

  • The Club of Rome, dr. John Coleman (s.1).

Folk lurer på kvifor den transhumanistiske agendaen er satanisk, og han forklarer dette i boka si The Club of Rome, publisert i 1970:

«Som ein orden for å byrje å forstå verdshendingar, er det naudsynt for oss å innsjå at dei mange tragiske og eksplosive hendingane i det 20.hundreåret ikkje berre skjedde av seg sjølve; men at dei var planlagt ifølgje ein godt gjennomarbeidd plan. Kven var planleggjarane og skaparane av betydelege hendingar?

Skaparane av desse ofte valdelege og revolusjonære hendingane høyrer til dei største hemmelege samfunna som forpestar verda vår, som dei alltid har gjort. For det meste er desse hemmelege samfunna baserte på det okkulte og okkult praksis, men som med alle hemmelege samfunn som utgjer hemmelege regjeringar, blir dei kontrollerte av Komiteen av 300. desse dårleg informerte personane, som trur at djeveldyrking, demonar og hekseri har forsvunne frå det moderne samfunnet, er feilinformert. I dag blomstrar okkultbaserte hemmelege samfunn saman med luciferianisme, svart magi og voodoo, og ser ut til å vere langt meir utbreidd enn det ein opphavleg trudde.»

  • The Club of Rome, dr. John Coleman (s.7).

Kva er agendaen deira? Det kom raskt fram frå Club of Rome-møte at deira hovudføremål og overordna mål var å:

  • halde tilbake industriell utvikling
  • halde tilbake vitskapleg forsking
  • avfolke byar, spesielt dei tidlegare industrialiserte byane i Nord-Amerika
  • flytte befolkninga til landlege område
  • redusere verdas befolkning med minst to milliardar menneske
  • hindre reorganisering av politiske styrkar som er imot COR sine planar
  • destabilisere USA gjennom massive permitteringar og tap av jobbar, og klasse- og rasekrigar
  • øydeleggje kapital-incentiv gjennom høge rentesatsar og høge inntektsskattar

«Saman med øydelegginga av industrien, postulerte Harmon, ville det òg kome øydelegginga av all vår grunnleggjande moral, vår grunnleggjande tru på Gud og fedreland, vår kristenbaserte kultur, som raskt vil føre til at eit okkult teokrati og ein ny mørk alder vil vende tilbake til landet, sa COR-øvsteprest Harmon: ‘… 19 bilete av mennesket som dominerer ymse epokar, og frå kvar trekkjer han ut dei trekka han vurderer nyttig for å erstatte det industrielt-teknologiske biletet, program som COR og Komiteen håper å innføre, og som vil gjere verdas menneske – dei som er tilbake som tanketomme slavar etter avlivinga til Global 2000 har funne stad, i Ein ny mørk tidsalder – den sokalla Nye verdsordenen.» (s.44)

Harmon, øvstepresten til COR, la ut eit scenario som direkte motseier Guds lov, som seier at vi må vere fruktfulle, og formeire oss og leggje under oss Jorda, ikkje til fordel for COR og Komiteen av 300, men for fridommen til folket vårt i USA og andre som vel å respektere sine nasjonale identitetar.

Luciferianarane tent av Harmon, medlemmene av Dyonisus’ kult, «Olymparane» – seier ‘Nei, vi vart plasserte her for å herske over Jorda, og vi åleine skal nyte fruktene hennar’. Øvsteprest Harmon konkluderer følgjande:

‘Vi må endre det industrielt-teknologiske biletet til mennesket raskt. Våre analysar av naturen til notidige samfunnsproblem fører til den konklusjonen at dei mange bileta som dominerte dei siste to hundreåra ikkje vil vere tilstrekkjelege for den post-industrielle æraen. Menneskets bilete som passar den nye verda (ikkje ny – konseptet, eit satanisk eit, er fire tusen år gammalt) må bli funne, teke til seg og deretter gjort til ein del av hjernane til menneskeheita.’»[The Exposé si utheving] (s.43-44).

I sin videopresentasjon antyda han at Robert Strange McNamara hadde ein konferanse med verdas leiande bankierar og sa: «Den største trugselen som verda står overfor i dag, er den amerikanske middelklassen og overbefolkning.»

Han diskuterer vidare den folkemordariske planen om å bli kvitt dei «uvaska». Det han diskuterer kan anvendast i dag, 50 år seinare:

«Det er grunnen til at vi plutseleg fekk AIDS. Der var kjemiske og bakteriologiske krigføringseksperiment som fann stad i Sierra Leone i Afrika. Dei brukte Lassa-febervirus som biologisk krigføringsføremål for å bli kvitt millionar av menneske i verda.

Dei tok virusa tilbake til CDC. Dei same eksperimenta gjekk føre seg ved Harvard. Regjeringa gav millionar av dollar til Fort Detrick der dei gjorde alt laboratoriearbeidet rundt AIDS. Dei sette AIDS inn i koppevaksinen og vaksinerte menneske i Afrika og Brasil, og starta dermed AIDS-epidemien.

Liv var i fare på grunn av ein haug menneskeskapte virus slik som HIV og Ebola-feber.

Elitane beskyttar seg sjølve med urteblandingar blanda med sukker og beskyttelsen til lågfrekvent stråling. Ved å bruke teknologien utvikla av virologen Gurtjev (?) som beviste at kvart einaste levande vesen har ein vibrasjonssyklus. Han var i stand til å måle vibrasjonssyklusen til dødelege virus. Ved å vibrere dei det dobbelte av deira eigen syklus kunne ein drepe dei momentant. Det er eit av forsvarsvåpena som dei har som vil drepe pesten om dei nokosinne fekk den. Den same teknikken vil drepe kreftceller. Den medisinske profesjonen, styrt av Rockefeller-ane og farmasøytiske selskap, vil ikkje at de skal få greie på dette.»

Alle burde sjå denne videoen og lese dr. Colemans bok.

Kjenn fienden din.

Vidare lesing:

The Club of Rome av dr. John Coleman
The Tavistock Institute of Human Relations av dr. John Coleman
Conspirators’ Hierarchy: The Story of the Committee of 300 av dr. John Coleman
21 Goals of the Illuminati and The Committee of 300 (pdf); alternativ kjelde her

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s