Det er ikkje noko gale med deg, du er berre styrt av rævhol

Av Caitlin Johnstone, henta frå nettsida hennar. Omsett av saksyndig.

Stress, angst og depresjon aukar stadig, og det har dei gjort i årevis (her, her, her, her og her). Studiar har funne ut at auke i levekostnader har mykje å gjere med denne forvitringa av mentalhelse, medan andre har knytt det til utbreidd bruk av sosiale media, og dei finansielle og sosiale stressutløysarane som kjem frå statlege covid-restriksjonar har vitterleg ikkje hjelpt.

Det som ingen ser ut til å forske eller etterforske, er moglegheita for at alle desse mentalhelseproblema har å gjere med det faktum at vi blir styrt av tyrannar som tyner arbeidarklassen hardare og hardare, medan dei stadig overfell folks sinn med psykologiske operasjonar i stor skala.

William Gibson sa «Før du diagnostiserer deg sjølv med depresjon eller låg sjølvtillit, forsikre deg fyrst om at du faktisk ikkje berre er omringa av rævhol». Og ut av mi personlege erfaring er dette eit fantastisk råd; eg har oppdaga at mange av problema eg tidlegare hadde skulda på feil hjå meg sjølv, og naudsynte vanskar som er innebygde i menneskelivets natur, raskt forsvann frå livet mitt samstundes som rævhola gjorde det.

Men noko som er endå viktigare enn å peike på at mykje av dine antekne mentalhelseproblem har å gjere med å vere omringa av rævhol, er det å vurdere moglegheita for at du faktisk er styrt av rævhol. Av tyrannar som gjer livet unaudsynt vanskeleg for vanlege menneske medan dei psykologisk mishandlar dei slik at dei trur at situasjonen deira er normal og passande.

Ein populær sosialistisk YouTuber ved namn Second Thought har ein god video der ute som heiter «You’re Not Immune To Propaganda», som utforskar emnet frå ein annleis vinkel enn den du kanskje er vand med. Second Thought legg vekt på de kvardagslege naturen til propaganda i samfunnet vårt, i motsetnad til dei meir glansa, betre kjende tilfella av bruken av dei i å hauste inn samtykke for Irak-invasjonen; måten den manipulerer forståinga vår av kven vi er og kva verdiane våre burde vere, slik at vi vil skulde strevet vårt på oss sjølve i staden for på dei nyliberale undertrykkingssystema som knuser ånda til folk i heile den vestlege sivilisasjonen.

Tenk på konsekvensane det ville ha fått for mentalhelse å stadig bli bombardert med bodskapen om at du må jobbe som ei maskin under kva enn slags forhold arbeidsgjevar finn for godt, for kva enn slags kompensasjon arbeidsgjevar ser det som passande å tilby, og at dersom du ikkje kan trivast i dette sjelknusande miljøet, so ligg problemet på deg og ikkje på det systemet som tillèt slikt eit utnyttingsforhold. Sjå so på moglegheita for at dette er nøyaktig det som skjer.

Denne nonstop-propaganda-bodskapsformidlinga blir vidare forsterka av rettferdig verd-tankefeilen, ei kognitiv partiskheit som får folk til å uriktig anta at dersom noko gale skjer med nokon, er det fordi dei fortente det. Denne vanlege gleppen i menneskeleg forstand oppstår på grunn av folks behov for å føle at dei har kontroll over livet sitt; dei får den kjensla av kontroll ved å halde fast på den uriktige trua på at so lenge folk alltid tek gode, fornuftige avgjerder, vil ingenting gale nokosinne skje med dei. Som ein Twitter-følgjar ved namn Joe Ligato nyleg peikte på til meg, vil denne tankefeilen få folk til å skulde på seg sjølve for problema i livet sitt som faktisk finst på grunn av utnyttingssystem.

Enkelte lurer på kvifor den mentale helsetilstanden er so dårleg, medan eg undrar meg over det faktum at den ikkje er noko særleg verre. Det er faktisk utruleg at nokon fungerer i det heile i ein sivilisasjon som er styrt av utbytar og mishandlarar som dominerer verda ved bruk av psykologisk manipulasjon i stor skala. Det er eit vitnesbyrd på menneskeleg motstand at nokon som helst har vit og forstand. Når alle sine sinn konstant blir pepra med bodskap om at det er noko gale med deg om du ikkje kan leve og blomstre under våre undertrykkjande system, at du er mangelfull om du ikkje ser ut, tenkjer og agerer på ein bestemt måte, at fattigdom er normalt og massiv militær nedslakting er akseptabelt, er det eit mirakel at vi ikkje klikkar alle som ein.

Når alle sitt medvit stadig blir vridd og vrengd for å passe agendaene til dei mektige og få oss alle til å tenkje, snakke, arbeide, handle og stemme på måtar som favoriserer deira interesser, er det overraskande at vi ikkje ser fleire sjølvmord, fleire masseskytingar, meir rusmisbruk, meir klinisk depresjon og angst. I ein totalitær dystopi som blir halden saman av psykologisk mishandling i masseskala, er det fullstendig rimeleg at folk finn seg sjølve overvelda av fortviling, framandgjering, depresjon og angst.

Alt verkar falskt, meiningslaust og unaudsynt vanskeleg fordi det er det. Dette er ikkje ei ytring om menneskenaturen eller livet slik dei naturleg eksisterer, det er ei ytring om dei kunstig konstruerte systema vi no lever under. System som vart bygde av menneske, og som blir vedlikehaldne av menneske. System som kan bli endra og restrukturerte av menneske òg.

I mellomtida, ver so snill å vere snille med dykk sjølve. Dersom de strevar med å få endane til å møtast, ikkje legg ekstra stein til børa ved å klandre dykk sjølve for det. Dersom de kjenner dykk mangelfulle fordi de ikkje kan leve opp til standardane for suksess og verdi som de bruker, kanskje bruk litt tid på å vurdere kven desse standardane kan vere til fordel for. Dersom dei er den typen standardar som kan hjelpe til med å gjere befolkninga om til drivverk i kapitalistmaskina, er dei kanskje ikkje det beste målet å måle dykkar suksess som personar utifrå.

Der finst ingen reell grunn for at livet må vere so vanskeleg som dette. Der er ingen grunn at vi ikkje kan forsyne alle medan teknologiske framsteg gjev oss alle meir og meir fritid. Der er ingen grunn til at vi ikkje kan lære å leve i samarbeid med kvarandre og økonsystemet vårt, i staden for å konkurrere mot kvarandre i favør av nokre få mishandlarar på toppen. Alt som krevst er at nok av oss bestemmer oss for at vi ikkje kjem til å finne oss i det meir.

Tidene er harde, og hardare vil dei bli, men vi kan snu denne greia. Ver snille med dykk sjølve i mellomtida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s