Document publiserte 5.juli 2023 ein meiningsartikkel av journalist Erling Marthinsen med det høgaktuelle temaet borgarlønn – Universal basic income på engelsk. Dette er ei teoretisk, garantert grunnlønn som alle i samfunnet vil få uavhengig av om dei er i arbeid eller ikkje. Denne grunnlønna står i skarp kontrast til trygd og andre velferdsytingar, som er behovsprøvd og bunden av strenge vilkår (vilkåra er iallfall strenge når etniske nordmenn søkjer om dei!). Marthinsen sjølv er skeptisk til borgarlønn, for han skriv innleiingsvis:
«Borgerlønn er en dystopisk idé som devaluerer arbeid, avskaffer motivasjon og preges av frykten for automatisering. Dessuten er borgerlønn et gigantisk skritt mot den totale ufrihet.»
Stadig fleire argumenterer ifølgje Marthinsen for at borgarlønn er ei god løysing på problema i samfunnet. Hans eigen definisjon på borgarlønn er denne:
«Borgerlønn betyr i prinsippet at samtlige borgere skal tildeles en garantert sum hver måned, helt uavhengig av hva de ellers driver med. En milliardær skal få like mange kroner som en uteligger. Tanken er at man på denne måten har en grunnsten å bygge livet sitt på.»
Og vidare:
«Argumentet er ofte at dette ikke vil koste mer enn f.eks. NAV koster i Norge, siden man slipper å administrere utdelingen av midlene. Forenklingen av velferdssystemet vil gi så store innsparinger at kostnadene for samfunnet ikke øker.»
Denne garanterte, faste inntekta kvar månad vil i teorien kunne gje dei som har hamna «på bunnen av samfunnet ved ren uflaks» ein sjanse til å byggje seg opp igjen, «finne inspirasjon og bli kreative kunstnere eller poeter, eller kanskje starte sine egne bedrifter».
Det er dette som er logikken bak ei innføring av borgarlønn. Diverre fungerer ikkje den verkelege verda på denne måten. Med Marthinsen sine eigne ord:
«Er det virkelig en tilfeldighet at man ender opp som en hjemløs narkoman som aldri har hatt en skikkelig jobb? Har egne evner, innsats og vilje ingen betydning? Vil noen ekstra midler brukes på kreativ idéskaping eller kun på en ekstra dose narkotika?»
Ifølgje Jordan B. Petersen er dagen trygda blir utbetalt dagen då flest narkomane tek overdose. Same fenomenet finn ein hjå alkoholikarar. Trygda kjem som regel den 20. i kvar månad – og når trur du det er mest kø på Vinmonopolet? Sjølv registrerer eg at når eg er i butikken og handlar rundt den 20., er det særs mange litt lugubre typar som handlar det dei kan bere med seg av øl.
So har vi kor mykje ei slik borgarlønn skal utgjere. Marthinsen går utifrå 200 000 kroner skattefritt i året, 16 666 kroner netto utbetalt i månaden. Dette vil koste Noreg 1100 milliardar i året – eller 1,1 billionar kroner. Over 16 000 netto utbetalt i månaden som garantert minsteinntekt høyrest nærast utopisk ut for dei som slit og strevar kvar månad for å få endane til å møtast. Då eg sjølv var student, måtte eg leve på 6000 i månaden, og dei pengane skulle dekkje husleige for den vesle, iskalde skithybelen eg budde i. I periodar svelta eg bokstavleg tala. 16 000 i månaden utgjer dermed ein dramatisk skilnad, og i motsetnad til lån og stipend, skal dei ikkje betalast tilbake. Iallfall ikkje i teorien. Det er berre eitt problem med denne borgarlønna:
«[…] 200 000 kroner vil umiddelbart redusere inntekten til en stor andel av de som i dag lever av offentlige overføringer. Hvem tror at norske godhetsposører vil akseptere at en ‘singel’ fembarnsmor fra Somalia skal klare seg på 200 000 kroner i året […] når hun i dag tildeles nesten en million kroner?»
Då vil nok ikkje særleg mange somaliarar halde fram med å drive med denne skamlause trygdesvindelen. Då eg jobba på ambulerande team, hadde eg og kollegaene mine personleg kjennskap til ei «åleinemor» som dreiv på med dette. Ho hadde to mindreårige døtrer buande heime hjå seg, i tillegg til å ha ein son med djup psykisk utviklingshemming. Trass at faren ikkje budde hjå ho, eller ikkje ein gong var i landet, vart ho på mystisk vis gravid to gonger i dei åra eg hadde oppdrag heime hjå ho. Ved eitt høve såg eg at faren til ungane faktisk gøymde seg i eit klesskap inne på hovudsoverommet. Ho fekk omsorgslønn for å ha sonen (som var under 18) buande heime, i tillegg til dobbel barnetrygd for kvar unge. Då eldstedottera flytta ut for å byrje på vidaregåande, vart ho beleileg nok gravid, og dette gjentok seg då den nest eldste dottera flytta ut. Vi visste kva som skjedde, men teieplikta vår som helsepersonell forbaud oss å melde frå om dette til NAV. Dersom innføring av borgarlønn vil gjere dette til den einaste økonomiske ytinga folk får, vil dette få trygdesvindlarar og velferdsmigrantar til å rømme landet – men etniske nordmenn som ikkje evnar å arbeide, vil få harde tider. Dette er eit tviegga sverd.
Tru det eller ei – mange som i dag får uføretrygd har legitime grunnar til det, til dømes at dei er 100% ute av stand til å arbeide. Her nemner eg spesifikt funksjonshemma og personar med psykisk utviklingshemming. Borgarlønna er ikkje nok til å gje dei eit anstendig liv, so då vil det nok likevel kome tilleggsytingar, der det festar ved seg krav om behovsprøving, «og før vi vet ordet av det er vi tilbake i det gamle systemet». Det er ein god grunn til at det behovsprøvestyrte systemet framleis er her, trass at det i somme tilfelle opnar opp for skamlaus utnytting.
Marthinsen er inne på noko særs viktig når han skriv følgjande:
«Mer trolig vil en garantert inntekt uten krav om innsats føre til at kreativitet og nyskapning reduseres kraftig. Husk det gamle ordtaket: Nøden lærer naken kone å spinne.»
Det er i motgang karakteren blir forma, og dersom desse putene blir sydd under armane på alle norske borgarar, vil til dømes kreativitet og skaparevne fort hamne i bakgrunnen. Kvifor ta seg bryet med å skrive ein roman, spele inn eit album eller starte eit føretak om det ikkje er gjort utifrå viljen til å få seg ei inntekt? Og kva vil skje med respekten for dei som faktisk har ein jobb, når alle plutseleg får lønn uavhengig av jobbstatus? Mange held i dag ut under kummerlege forhold på arbeidsplassen fordi alternativet er tap av inntekt. Arbeidsgjevarar utnyttar denne desperasjonen på det grovaste, og fjernar tilsette fort og gale ved minste teikn på opposisjon, meiningsskilnader eller reine og skjere forgløymingar eller bagatellmessige tenestefeil. Med borgarlønn vil dei tilsette få all makt i eit arbeidsforhold, og eg trur mange arbeidsgjevarar vil sjå raudt på grunn av dette.
Marthinsen kjem til slutt inn på det viktigaste aspektet med ei borgarlønn: «hvordan man avskaffer personlig frihet og legger sjelen sin i statens klamme hender. Vi vil gjøre oss helt avhengige av staten, og staten mangler hverken evne eller vilje til å utøve makt». Det verkar både for Marthinsen og meg heilt utenkjeleg at Staten skal innføre ei slik borgarlønnordning utan å samstundes innføre eit sosial-kredittsystem lik det ein har i Kina. Her er det berre å ramse opp desse «usynlege trådane» som blir hefta ved borgarlønna:
- Klimakvotar
- Dei nyaste «vaksinane»
- «Korrekte» meiningar om Pride, klimasaka, Ukraina-krigen og andre betente tema
Den dystopiske framtida vil vere at alle bur i mikroleilegheiter i 15-minuttsbyar, og leiger alt dei treng frå Staten. Dette er den sikre død for alt av personleg fridom, integritet og uavhengigheit. Og det er ikkje ei framtid fornuftige, levande menneske ønskjer. Eg vil heller ha eit usikkert liv enn den sikre død.
Saksyndig har tidlegare skrive om borgarlønn. Artiklane kan lesast her og her.
