Av Josefine Bru for Saksyndig.
Sjå òg «Josefine Bru om borgarlønn: ‘Det er inngangen til eit dystopisk helvete’», publisert 14.desember 2022.
Når noko høyrest for godt ut til å vere sant, so er det det. Og om det kjem frå herskarklassen bør de iallfall vere på vakt. Då har dei mildt sagt ikkje reint mjøl i posen.
Som eg tidlegare har fått lov å skrive her på Saksyndig, so kjende eg ein gong i tida ein mann som heitte Einar. I eit tidlegare univers fekk han jobb i eit Bergen-basert vikarbyrå ved namn Red Cloud, «raude sky». Saman med ein vakker sjukepleiar av egyptisk opphav – eg trur ho heitte Iris eller Isis – jobba dei ræva av seg under forhold som best av alt kunne skildrast som infernalske. På den tida trong ikkje private vikarbyrå å skrive under på tariffavtalar dersom ikkje fleirtalet av arbeidsgjevarane var organiserte. Fagforeiningane hadde ikkje ein fot innanfor det miljøet, noko som gav desse private vikarbyråa mandat til å drive arbeidsflokken som om dei var slavar.
Sommaren 2006 i det universet jobba Einar og Isis dobbeltvakter i to månader. Sjølv etter at den grådige Staten utan skam hadde flådd dei i skatt, sat dei igjen med betydelege pengesummar. Begge to var derimot slitne heilt inn til beinet, og hadde ingenting anna enn meir nådelaus utbytting å sjå fram til. Dei var slavar i den moderne arbeidsmaskina, og såg ingen lys i enden av tunnelen.
20.september 2009 i det universet fann det stad eit statskupp i kongeriket Noreg. Ein outsider i det politiske landskapet, ei tidlegare domina frå Ryfylke ved namn Karen, tok makta i landet under ei særs blodig storming av Stortinget. Ho og hennar hjernevaska lakeiar drap alle på Stortinget. Ein total reformasjon av det norske lovverket fann stad, deriblant avskaffinga av sjølve Grunnlova. Rikfolk fekk all formue over 50 millionar kroner konfiskert av det nye regimet. Mesteparten av dei valde å investere den overskytande formuen i byggjeprosjekt og infrastruktur før denne nye staten stal dei, og somme stakk rett og slett av. Alle desse pengane vart brukt til å finansiere det Karen kalla borgarlønn. Gratis pengar, som viste seg å vere langt frå gratis.
For Einar og Isis, som hadde jobba seg frå sans og samling og levd på nåden til psykopatiske leiarar i mange år, framstod dette som sjølvaste himmelriket. Alle norske statsborgarar fekk eit visst tal tusen skattefrie kroner i månaden, berre fordi dei var norske. Og alle kvinner som fekk eigne barn, fekk ei særs sjenerøs barnetrygd på heile seks tusen kroner per barn per månad. Det fekk som konsekvens at somme kvinner gav opp heile jobbkarrieren sin og vart fødemaskiner, blant anna ved hjelp av visse skumle legemiddel. Det førde i sin tur eit nytt problem: Kvinner fekk so store «kull» med babyar at dei ikkje hadde nok mjølk i brysta sine til å mate dei.
Karen hadde ved hjelp av ei altfor sjenerøs barnetrygd skapt eit problem, og introduserte i klassisk herskarklasseånd ei «løysing»: Ammetenester! Dei som kjenner historia hugsar sikkert at rikfolk hyra inn sokalla ammer, ugifte unge kvinner med store puppar som hjelpte overklassen med å amme ungane deira. Karen overførde denne ordninga til samfunnsnivå. Det heile byrja i privat sektor, der ei føretaksrik kvinne opna eit «senter» der rike kvinner kunne levere ungane sine til profesjonelle ammer. Dei sat i ein stol og gav mjølk til tallause ungar.
Etter kvart som digre kull med barn vart norma i det norske samfunnet, bestemte Karen at det skulle opprettast ammetenester på kommunalt nivå. Akkurat som kvar kommune har helsetenester og barnevernstenester, blant anna, skulle kvar norske kommune no få si eiga ammeteneste. I Bergen kommune vart det 1.januar 2013 oppretta det som vart kalla Etat for ammetjenester. Kommunale ammer vart akkurat som heimesjukepleia sendt ut til mødrer for å mate ungane deira. Desse mødrene sat mutters åleine i sine borgarlønn- og barnetrygdfinansierte leilegheiter og fekk besøk av den kommunale ammetenesta fleire gonger for dag. Helvete sat utolmodig og venta på å bryte laust.
Og korleis gjekk alt til helvete? Ja, det skal eg fortelje dykk, folkens. Mennene fekk nok av dei enorme barnekulla, og stakk rett og slett av. De skjøner, då Karen innførde borgarlønn og supersjenerøs barnetrygd, avskaffa ho samstundes lova om barnebidrag. Mennene var ikkje lenger plikta til å finansiere sine eigne avkom dersom dei valde å ikkje bli buande med familien dei hadde vore med på å skape. Eg trur mesteparten av kvinnene i djupaste hemmelegheit inntok fruktbarheitslegemiddel, slik at den eine mannen etter den andre fekk sitt livs sjokk då dei på helsestasjonen fekk vete at dei ikkje berre skulle bli far til éin unge, men seks eller sju. Hadde eg vore mann, hadde eg rømt so fort at skuggen min vart verande igjen!
So Noreg vart rett og slett om til eit dystert, dystopisk landskap av digre bustadblokker, smekkfulle av åleinemødrer, hordar av svoltne babyar, og ein «armé» av kommunale ammer med enorme, sprengeferdige bryst. Og alt byrja med borgarlønn. Vel, strengt teke byrja heile denne totalitære faenskapen med eit blodig statskupp, men etter kvart som tida gjekk gløymde folk flest dette.
Åh, nemnde eg at Karen òg formelt avskaffa psykisk utviklingshemma 20.september 2014? Meir om dette i ein annan artikkel.
Kommentar frå saksyndig: På grunn av private plikter i helga, har eg gjeve Josefine Bru frie tøylar til å redigere nyheitsbloggen min. Det ho skriv bør takast med ei klype salt, og eg viser til at somme av tekstane på bloggen har som føremål å underhalde.