Av Josefine Bru for Saksyndig.
Kommentar frå saksyndig: Her følgjer nok ein artikkel av Josefine Bru, «avløysaren» min no i helga. Igjen vil eg oppmode lesaren om å lese dette med tanke på «underhaldningsverdien» som artikkelen har, om innhaldet då på nokon måte er til underhaldning.
20.september 2014 heldt vår norske diktator Karen ein direktesendt tale frå sitt palass på ei løynd adresse utanfor Oslo. I Bergen vart den kringkasta frå ein diger skjerm på Torgallmenningen, «Bergens storstue». I sendinga gav Karen den lagnadstunge ordren om at alle psykisk utviklingshemma personar i landet skulle myrdast omgåande, fordi dei ifølgje hennar estimat var ei «urimeleg bør for statsbudsjettet». Ho hevda at vi brukte noko sånt som 30 milliardar norske kroner på å halde «slike folk» i live, mellom anna gjennom bufellesskap og assistentar. Ingen visste kor ho fekk desse tala frå, eller om dei i det heile teke stemte. Diverre protesterte ikkje den norske, hjernevaska saueflokken so altfor mykje. Faktisk kom der ingen protestar i det heile.
Min kjære Einar, som på den tida kalla seg Eina fordi ho var ein kjønnslaus slave til den vonde, fæle succubusen Thale Menssen, var sjølv vitne til at ei heil bustadblokk i den sokalla Horisont-landsbyen brann ned til grunnen. Blokk 19, eller «mongoblokka» som lokalbefolkninga kalla den med største forakt, inneheldt fleire titals leilegheiter for personar med psykisk utviklingshemming. Det vart i ettertid bekrefta at det var dei kommunalt tilsette i den blokka som hadde sett fyr på bygningen, etter å ha høyrt Karen sin direktesendte tale på anten TV eller radio. Ingen vart nokosinne straffa for ugjerninga.
På kort tid vart alle psykisk utviklingshemma personar i «Folkerepublikken Noreg» myrda, som regel av sine næraste eller sine personlege assistentar. Dette vart rekna som det verste massemordet i noregshistoria, og skulle berre bli overgått lang tid seinare, då eit langt verre massemord fann stad.
Det kollektive drapet på ei heil gruppe i befolkninga kom ikkje ut av det blå. Det var den logiske, om enn djupt tragiske konsekvensen av diktator Karen (som både omtala seg sjølv og vart omtala som «vår store leiar») sin særs intolerante politikk. Utlendingar og innvandrarar hadde i nokre år blitt gjenstand for alvorleg diskriminering. Eg nemnde i den førre artikkelen (publisert i går, 12.mai 2023), at borgarlønn vart innført for alle norske statsborgarar. Dette var ei sanning med modifikasjonar. Karen omdefinerte «norsk statsborgar» til å berre gjelde etnisk norske personar med norsk utsjånad og norske namn. Mørkhuda menneske som ikkje såg norske ut fekk ikkje borgarlønn. Dei måtte jobbe seg i fillebitar i eit stadig meir menneskefiendtleg og utnyttande arbeidsliv. Somme jobba seg bokstavleg tala i hel. Eina hadde personleg kjennskap til at mannen til ein kollega av seg, som var av irsk opphav og like kvit som vi, vart so brutalt utnytta av arbeidsgjevar at han sovna på jobb. Det skal her seiast at han var bussjåfør. Tjue-tretti menneske omkom, og han vart lamma frå halsen og ned, med alvorlege hjerneskadar. Trass dette sendte Karen-regimet han kaldblodig ut av landet, og kona måtte skilje seg frå han.
Kvifor vart ikkje kona med han til Irland, vil de sikkert spørje. På den tida, vel eit år etter at Karen gav ordren om avretting av psykisk utviklingshemma, stengde Irland og fleire andre land i den vestlege verda grensa for nordmenn, fordi dei var sjokkerte over framferda til diktatoren. Snart fann nordmenn seg som fangar i eige land, fordi nesten alle land i verda hadde stengd grensene for dei i sjokk og vantru.
Det einaste landet som aldri stengde grensene for oss, var Russland. Her var globalpolitikken inne i biletet. Karen hadde gjort ei hemmeleg avtale med den dåverande russiske presidenten (som sikkert var Putin), om annektering av Kola-halvøya. Kva skulle Noreg med ei arktisk øydemark? Det var enorme mineral-, olje- og gassressursar, mellom anna ei hittil ukjend gullåre. Russland gav Folkerepublikken Noreg Kola-halvøya i byte mot – hald pusten, folkens – romvesenteknologi frå Andromeda-galaksen!
Jepp, de las riktig. Karen hadde på mystisk vis fått tak i teknologi frå ein galakse som ligg 2,5 millionar lysår frå Mjølkevegen. Det gjorde Russland til Noregs viktigaste – og einaste – allierte. Dåverande president i USA, som då som i dette universet var Donald Trump, erklærte krig mot Noreg og Russland under eit særs oppheta møte med Karen. Ho svarte med å gje ordre om atombombing av dei største amerikanske byane. Trump fall død om av hjarteinfarkt, og USA enda opp som eit post-apokalyptisk landskap der 95% av befolkninga døydde.
De skjøner, avrettinga av alle psykisk utviklingshemma råka ikkje berre desse personane sjølve eller deira næraste, det sendte ut eit sterkt spirituelt signal til verda at Noreg var ein fiende av menneskeheita – kanskje den største fienden menneskeheita nokosinne hadde hatt. Trur de covid-19-«pandemien» er eit brotsverk mot menneskeheita? Det Karen gjorde var tusen gonger verre. Eg vil avslutningsvis skyte inn at «pandemien» aldri fann stad i det universet. I staden fekk vi eit galaktisk imperium som var eit overvakingsmareritt og eit totalitært helveteshol av ei anna verd. Bokstavleg tala var dette av ei anna verd. Ei anna og langt verre verd som eg håper vi aldri får her.
Det høyrer med til historia at den eigentlege grunnen til at Karen valde å få utrydda psykisk utviklingshemma ikkje berre var den angjevelege kostnaden deira, men det at ei kommunalt tilsett IT-dame vart brutalt valdteken av ein mann med lettare psykisk utviklingshemming. Ho døydde av dei alvorlege skadane. Lovverket på den tida forbaud at mannen kunne straffast på noko vis, sidan utviklingshemma hadde eit eige lovverk. Dermed valde folket å ta lova i eigne hender og lynsje mannen. Karen såg dette og utnytta alt hatet og splittinga for det det var verdt. Slik arbeider psykopatar, gutar og jenter.