Av Cassie B., Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein haug av apekoppar-tilfelle har dukka opp i Chicago akkurat når Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært helsekrisa for over.
Eit dusin bekrefta tilfelle og eitt truleg tilfelle av apekoppar vart apporterte i nasjonens tredje største by frå perioden 17.april til 5.mai. I alle desse tilfella vart viruset spreidd gjennom seksuell kontakt. Ni av infeksjonane vart registrerte hjå menn som var fullvaksinerte mot viruset.
Sjølv om ingen av dei smitta individa vart sjukehusinnlagt, åtvarar byen likevel om ei «tilbakevending» av apekoppar. Sjukdommen skapte mange overskrifter i fjor då den starta å spreie seg raskt blant homofile og biseksuelle menn i Europa og USA; auken av dei fall saman med pride-feiringar i mange byar. Tilfella nådde ein topp i august før dei gjekk nedover, i hovudsak på grunn av at ein vart meir klar over den. So langt har i overkant av 30 000 amerikanarar blitt diagnostisert med apekoppar.
Når det gjeld auken i Chicago, er embetsfolk bekymra over at sjukdommen spreier seg umerka blant personar, inkludert hjå dei som er vaksinerte. Mennene som er smitta har ein snittalder på 34, og ein tredjedel av dei har òg HIV. Enkelte av dei involverte mennene har nyleg reist til stader slik som Mexico, New York by og New Orleans.
Folkehelsekommisjonæren i Chicago, dr. Allison Arwady, formidla at tilfelle har auka i «the Windy City» [kallenamn på Chicago; oms.an.]. I ein tale på Facebook Live sa ho: «Dei fleste vekene såg vi ikkje eit einaste tilfelle av apekoppar, kanskje eitt eller to i ei meir førekomstrik veke. Men berre desse siste par vekene har vi sett to, deretter fem, og no kom det akkurat seks nye.»
Embetsfolk har nyleg kome med åtvaringar om potensialet for ei tilbakevending no i sommar fordi fleire hundre tusen er på veg til pride-festivalar rundt om i nasjonen. So langt har det derimot ikkje vore ein auke bortsett frå den i Chicago.
Totalt 62 tilfelle vart rapportert i tovekersperioden frå 26.april til 10.mai, der mesteparten av dei var i Texas, med Illinois like etter. Andre tilfelle vart rapporterte i Louisiana, California, New York, Florida, Oregon og Alabama. Derimot sa embetsfolk i Texas at minst 17 av desse tilfella faktisk var frå i fjor, og fyrst no vart lagt til statistikken til CDC.
WHO erklærer apekopp-helsekrisa for over
WHO erklærte nyleg slutt på den internasjonale krisa som dei erklærte for viruset i juli i fjor, då generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus overstyrte ein ekspertkomité då han kom med klassifiseringa. Enkelte trur at han kan ha handla utifrå overforsiktigheit på grunn av kritikk for korleis WHO responderte på covid i dei tidlege dagane av den.
Derimpot seier han no at utbrotet i stor grad er under kontroll, og erklærer: «Vi ser no ein jamn framgang i å kontrollere utbrotet basert på det vi lærte av HIV, og nært samarbeid med dei hardast råka samfunna.»
«Eg er tilfreds over å erklære at apekoppar ikkje lenger er ei global helsekrise,» la han til. Apekoppar, som no stundom blir referert til som «mpox» [av engelsk monkeypox] i eit forsøk på å avstigmatisere det, har lenge eksistert i visse område i det vestlege og sentrale Afrika, der personar blir smitta av ville dyr. Derimot var det ikkje ansvarleg for større utbrot før epidemiar byrja å dukke opp i verda i mai i fjor.
Sjukdommen er kjenneteikna av eit karakteristisk utslett følgt av hovudverk, feber, hovne lymfeknutar og muskelverk. Den kan berre spreiast gjennom nær fysisk kontakt med nokon som er smitta, eller kontakt med sengekleda eller kleda, og den reagerer generelt godt på antivirale legemiddel. Derimot kan det ta rundt ein månad å kome seg frå viruset.
Trass at den er relativt mild hjå folk flest, vil det ikkje kome som ei overrasking dersom embetsfolk og farmasøytiske selskap bruker Chicago-oppblomstringa og dei komande pride-sommarfestivalane til å prøve å presse vaksinar på folk.