Av Baxter Dmitry, The People’s Voice. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
World Economic Forum (WEF) har gjeve verdas regjeringar ordre om å forby uavhengige media, gjere det ulovleg å lese ikkje-hovudstraums-nyheitskjelder, og fylle fengsla opp med folk som deler meiningar eller artiklar som blir vurdert som «falske» av sokalla faktasjekkarar.
Trudeau-regimet var den fyrste WEF-kontrollerte regjeringa som forbaud uavhengige media; altso risikerer kanadiarar som deler artiklar eller innlegg på nettet som blir vurdert som «falske» av faktasjekkarar, arrestasjon og ein lang fengselsdom.
Trudeau sitt internettsensur-lovverk Bill C-11 har no blitt ei lov etter at kanadiske senatorar sist veke [i byrjinga av mai; oms.an.] stemte for å vedta lovforslaget. Dette burde ikkje kome som noka overrasking. Den kanadiske regjeringa har blitt fullstendig infiltrert av WEF.
Den ein gong so store nasjonen Irland står òg i fare for å bli erobra av globalistane.
Lovgjevarar i Irland har vedteke ei ny lov som vil gjere det ulovleg for innbyggjarar å sjå eller dele ikkje-hovudstraumsmedieinnhald på telefonane og datamaskinene sine.
Det nye lovverket tydar at alt som ein ser på nettet som har blitt vurdert «hatefullt» av faktasjekkarar, vil resultere i fengselsdommar for dei som har lese eller delt det.
George Orwell åtvara oss om at ein dag kom den autoritære eliten til å prøve å arrestere oss for tankane vi har.
Paul Murphy tok modig til motmæle i det irske parlamentet og fordømte den nye lova som innføring av «tankekriminalitetslovverk» i Irland.
Det nye lovverket i Irland har møtt massiv kontrovers, der mange erklærer det eit åtak på ytringsfridommen.
Og dei tek ikkje feil. Nasjonar som Irland var ein gong stolte, patriotiske og kristne. No er dei styrt av globalistar som sver truskap til WEF.
Den noverande irske Taoiseach (eller statsminister) Leo Varadkar vann sjokkerande valet i 2017. Det er ikkje eit samantreff at han vart utnemnt som WEF Young Global Leader året før.
Globalistane prøver no å selje oss konseptet den globale borgaren. Men før nokon skriv under på dette, burde dei definitivt lese det som står med lita skrift.
Vesten miste røtene sine i kristendommen, og WEF sin globalistagenda er erstattaren.
Ifølgje WEF har det kome ein ny verdsreligion, og den foreinar heile menneskeheita i å dyrke ved alteret til klimavitskap, tekno-kommunisme og eugenikk. Gud, Jesus og kristendommen er «false nyheiter» som må avfeiast av menneskeheita.
Dersom du har vanskeleg for å tru at Klaus Schwabs WEF vil gå so langt, har du tydelegvis ikkje følgt mykje med på utviklinga i nyare tid. Blasfemien stoppar ikkje der. Klaus Schwab si høgre hand Yuval Noah Harari har erklært at WEF har lykkast so godt med sine planar at dei vil gjere menneske om til gudar.
WEF er òg stadig meir fiendtlege overfor kristendommen og store religionar. Dersom du les mellom linjene berre lite grann, er det tydeleg at WEF bevisst prøver å erstatte Jesus.
Vi veit allereie korleis medielandskapet vil sjå ut når WEF har gjort seg ferdige med å skape det i sitt bilete – fordi dei har fortalt oss det.
WEF har instruert hovudstraumsmedieformidlarar og journalistar å «gje seg med» å rapportere om alt som stiller spørsmål ved Davos-agendaen, og i staden fokusere på viktigare tema slik som «klimaendring» og «online-feilinformasjon».
Adrian Monck, managing director i WEF, kom med skarp kritikk av politikarar som stilte spørsmål ved det globalistiske organet sine politiske forslag, spesielt i Canada, der ein nasjonal debatt har rast om WEF sin aukande kontroll over Trudeau-regimet.
Ifølgje Monck driv alle som stiller spørsmål ved noko av det WEF seier eller gjer, spreiing av feilinformasjon. Og vi veit kva WEF ønskjer å gjere med folk som deler meiningar eller artiklar som er vurdert som «falske» av faktasjekkarar.
«Trist nok var Canada ein av dei stadene der… vi finn ei sårbarheit overfor desinformasjon. Det er eit ope samfunn. Og… den spesielle biten av desinformasjon gjekk inn i hovudstraumen,» sa Monck til CBC Radio sin The House i eit intervju nyleg.
«Canada burde snakke om mange ting akkurat no. Det burde verkeleg ikkje snakke om World Economic Forum som er basert her i Genève.»
Bortsett frå at World Economic Forum som er basert i Genève trekkjer i marionett-trådane i det kanadiske parlamentet. Klaus Schwab har sete og skrytt av «infiltrasjon» av den kanadiske regjeringa med sine Young Global Leaders, inkludert statsministeren og vise-statsministeren, blant andre.
So kvifor burde ikkje kanadiarar snakke om sine ekte leiarar der borte i WEF i Genève i Sveits?