Av Jonathon Van Maren, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Når støtta for assistert sjølvmord i Canada aukar trass ein serie hjarteskjerande historier som handlar om at fattige og handikappa vel dødelege injeksjonar i rein desperasjon, ser vi framveksten av ein verkeleg post-kristen kultur. Som ei overskrift i det britiske tidsskriftet The Spectator spurde i fjor: «Kvifor utfører Canada eutanasi på dei fattige?» Responsen frå enkelte bioetikarar ser ut til å vere: Vel, kvifor ikkje?
Faktisk kjem ein artikkel av to bioetikarar ved Universitetet i Toronto med saka at eutanasi av fattige burde ha vore sosialt akseptabelt. Kayla Wiebe, ein doktorgradskandidat i filosofi, og bioetikar Amy Mullin, ein filosofiprofessor, skreiv i Journal of Medical Ethics at:
«Å tvinge menneske som allereie lever i urettferdige sosiale omstende til å vente til desse sosiale omstenda blir betre, eller for moglegheita av offentleg veldedigheit, men som upåliteleg finn stad når spesielt urovekkjande tilfelle blir offentleggjorte, er uakseptabelt. Ei skadereduksjonstilnærming anerkjenner at den tilrådde løysinga nødvendigvis er ei ufullkomen ei: eit ‘mindre vonde’ mellom to eller fleire mindre enn ideelle alternativ.»
Skrekkhistoriene om kanadiarar som søkjer om assistert sjølvmord fordi dei ikkje kan få den sosiale assistansen dei treng, er «verst tenkjelege scenario», skriv bioetikarane. «Ein måte å respondere på desse tilfella er, ‘vel då burde tydelegvis ikkje medisinsk hjelp til å døy vere tilgjengelege for dei’,» sa Mullin i eit intervju. «Vi trur berre ikkje at det at sosiale omstende bidreg til å gjere liva deira uuthaldelege tydar at dei ikkje har midlane til å ta det valet. Folk kan lage si eiga vurdering av om livet deira er verdt å leve eller ikkje, og vi burde respektere det.»
Wiebe og Mullin avviser ideen om at omstenda som pressar kanadiarar til sjølvmord er tvangsprega, og at å nekte å drepe dei når dei ber om det «tydar å forlenge lidinga deira på ubestemt tid, i det håpet at dette til slutt vil føre til ei betre, meir ‘rettvis’ verd». I deira auge vil den beste «skadereduserande tilnærminga» tyde at «den minst skadelege måten å gå fram på vil vere å late MAiD [eutanasi] bli tilgjengeleg».
Vi ser kva som skjer når vi omdefinerer ord; når sjølvmord og dødelege injeksjonar kan bli sett på som «medisinsk hjelp» eller helseomsorg i det heile – bioetikarar kan skrive at sjølvmord er «skadereduksjon» og at å tilby sjølvmord til dei med uuthaldelege sosiale forhold er «den minst skadelege måten å gå fram på». Ifølgje Wiebe: «Alle vala på bordet er verkeleg tragiske og triste. Men den minst skadelege måten å gå fram på er å late menneske som er kompetente til å ta det valet få tilgang til det, sjølv om det er eit forferdeleg val.»
Det er lett å gjere narr av eller avfeie denne artikkelen, men hugs at for særs kort tid sidan insisterte eutanasi-aktivistar at ingen bad om assistert sjølvmord på grunn av sine sosiale forhold. Enkelte, ser det ut som, har allereie gått over til å innrømme at dette skjer, og at det burde vere tillate. Med tanke på kor raskt Canada sitt sjølvmordsregime har vakse, og kor bestemt Trudeau-regjeringa er på å utvide det meir, trur eg vi burde behandle forslag som dette med dødsens alvor. Canada har valt å definere sjølvmord med dødeleg injeksjon som helseomsorg. Korleis kan ein rettferdiggjere å nekte menneske denne «helseomsorga»?
Som sagt av Yuan Yu Zhu, ein kanadisk forskarfagfelle ved Harris Manchester College ved Oxford som skriv jamleg om eutanasi: «Det er meir enn tragisk; det er ein moralsk skamplett på landet vårt som framtidige generasjonar vil måtte bøte for.» Han har rett. Ting kjem til å bli mykje, mykje verre før – eller burde eg seie dersom – dei blir betre.