Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Fredag [12.mai 2023] informerte milliardær, elkøyretøy-guru og Twitter-eigar Elon Musk at ein leiar frå NBCUniversal ved namn Linda Yaccarino vil ta over sosialmedieselskapet som deira nye administrerande direktør.
Yaccarino jobba som leiar for marknadsføring i NBC, som hjelpte til med å byggje opp nettverket sitt annonsesalsføretak i løpet av 12 år. Ho er òg ein globalist tilknytt World Economic Forum (WEF).
«Det har vore ei absolutt ære å vere del av Comcast NBCUniversal og leie det mest utrulege teamet,» sa Yaccarino om sin avgang.
«Vi har forvandla selskapet vårt og heile industrien – og eg er so stolt over kva vi har oppnådd saman, og takksam overfor mine kollegaer og mentorar, spesielt Brian Roberts, Mike Cavanaugh og heile leiarskapsteamet i NBCU.»
Musk ønskte Yaccarino velkomen med ei Twitter-melding, og bekrefta at jobbpliktene hennar som adm.dir. vil «fokusere primært på forretningsoperasjonar» medan Musk sjølv fokuserer på «produktdesign og ny teknologi».
«Eg ser fram til å arbeide med Linda for å forvandle denne plattforma til X, alt-mogleg-appen,» la Musk til i si feiring av å ha lagt Yaccarino til leiarlaget i Twitter.
(Relatert: Twitter under Elon Musk driv framleis og sensurerer plattformer som Substack og Brighteon [Natural News-eigar Mike Adams eig òg strøymetenesta Brighteon; oms.komm.].)
Nei, Elon Musk speler ikkje 4D-sjakk ved å hyre Yaccarino – han er berre nok ein globalist akkurat som ho er
For ein eller annan grunn vart Musk gruppert med andre «patriotar», som har fått mange til å tru at han speler ei eller anna form for «4D-shakk» ved å hyre openberre globalistar medan han har ein hemmeleg plan i gjære. Ligg det noko i dette?
Det same vart forresten sagt om Donald Trump, som fylde kabinettet sitt med ei sjølvsame sumpvesena som han lovde å fjerne. Og mange trudde at han òg spelte 4D-sjakk med desse underlege trekka.
4D-sjakk har ingenting med Yaccarino si tilsetjing i Twitter å gjere. Kvinna er so globalistisk som ein kan bli, og har blitt utpeikt som leiar i WEF sin Taskforce on Future of Work [«innsatsgruppe for jobbframtida»]. Ho er òg med i WEF sin Media, Entertainment and Culture Industry Governors Steering Committee [«media, underhaldning og guvernørars kulturindustri-styringskomité», eller noko i den dur], og er djupt engasjert i Value in Media Initiative [«verdi i media-føretaket»].
So nyleg som 2020 tala Yaccarino på arrangementet «World Economic Forum: Creating the Workplace of the Future by Focusing People».
I 2014 vart Yaccarino med i Ad Council Board of Directors [«direktørstyret for annonserådgjeving»] og vart medlem av gruppa sin utøvande komité i 2015. Ho tente òg som nestleiar før ho vart utpeikt som styreleiar i 2021 og 2022.
«Yaccarino gjekk inn i partnarskap med forretningssamfunnet, Det kvite hus og statlege byrå for å skape ein covid-19-vaksine-kampanje, der pave Frans var med, noko som nådde over 200 millionar amerikanarar,» skryt kvinna over i sin LinkedIn-CV.
24.november 2020 skreiv Yaccarino følgjande Twitter-melding om korleis amerikanarar måtte omfamne Trumps Operasjon Warp Speed-«vaksinar» for Wuhan koronaviruset (covid-19):
«Kjenn til fakta! @AdCouncil arbeider for å informere amerikanarar om kvifor vi må omfamne ein FDA-godkjent #Covid-vaksine og korleis gå fram om det. Vi er nesten der, lat oss krysse mållinja.»
Det viser seg at Yaccarino spelte ei høgst viktig rolle i å presse covid-sprøyter på amerikanarar ved å utvikle utspekulerte vaksinasjonskampanje-føretak der pave Frans deltok, som til slutt nådde 200 millionar amerikanarar.
Yaccarino er òg involvert i mangfalds-, utfallslikskaps- og inkluderingsføretaka (DEI), som blir pressa på konsern-USA, ved å bruke «makta til media» til å forfremje kvinner, farga menneske og andre ikkje-kvite og ikkje-kvite menn til dei høgaste stillingane, medan dei held kvite og kvite menn nede på botnen av totempælen.
«Det er tid for handling og å arbeide mot eit meir inkluderande samfunn,» skreiv Yaccarino på Twitter nokre veker seinare 21.oktober 2020, om det nye konsern-USA ho ønskjer å sjå stige opp frå oska til covid.