WHO avsluttar covid-bløffen med den største løgna av dei alle

Av dr. Vernon Coleman, henta frå The Exposé. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Verdas helseorganisasjon seier at covid-19-bløffen er over, og påstår at covid-19 drap anslagsvis 20 millionar menneske. Dei kunne likegodt ha påstått at det drap 200 millionar eller to milliardar. Det talet er ein sjuk spøk.

Alle som påstår at 20 millionar døydde av covid-19 er ein tosk med vrangførestillingar, ein feilinformasjonsspesialist eller ein skremselspropagandist som prøver å gjere verdas største medisinske bløff (no avtakande) om til ein historisk realitet.

Eg vil estimere, utifrå offisielle statlege tal, at covid-19 (som eg alltid har sagt er influensa med eit anna namn) drap betydeleg færre enn ein million menneske over heile verda i 2020 og 2021 (med tal for dei to åra kombinert). Det vil seie mindre enn 500 000 i kvart av dei to åra.

Sidan WHO-tala viser at den vanlege, ikkje-marknadsførde influensaen kan drepe 650 000 i året, og sidan der var so godt som ingen influensadødsfall i 2021 og 2021, (det vart rapportert i hovudstraumsmedia at influensaen mellombels hadde forsvunne), er det tydeleg at covid-19 heller var mindre dødeleg enn ein temmeleg ordinær influensa. Eg har allereie produsert evidens som viser at ifølgje den britiske regjeringa sine eigne tal, var ikkje covid-19 noko verre enn influensa i Storbritannia. Og dødelegheitstala viser at dødsratane i 2020 ikkje var verre enn vanleg.

WHO sitt tal på 20 millionar dødsfall er basert på absurde, falske tal der pasientar som døydde etter ein positiv (men ubrukeleg) PCR-test vart oppført som døde av covid-19, endå dei ikkje hadde nokon symptom på covid-19 og hadde døydd i ei bilulykke, blitt overkøyrt av ein buss eller hadde døydd av hjartesjukdom. Regjeringar rundt om i verda har innrømt at tala var overdrivne. I somme land vart sjukehus gjevne pengar for å overdiagnostisere covid-19.

Eg vil svært gjerne debattere desse tala med ein seniorrepresentant frå WHO på direktesendt, riksdekkjande TV eller radio. Men eg fryktar med rette at som vanleg vil ingen gå med på å debattere. Dei kjem ikkje til å debattere fordi at eg har rett og dei har feil, og at dei veit at dei vil bli audmjuka, og at heile covid-bløffen til bli diskredittert. Media, som heilt til siste slutt ikkje vil stille spørsmål, vil trykkje og dele 20-millionartalet som om det var ekte. Ingen TV- eller radiostasjon vil tillate ein skikkeleg, direktesendt debatt fordi dei har brukt tre år på å fortelje løgner.

Endeleg, om covid-19-bløffen no er offisielt over, kvifor set legar framleis covid-19-sprøyter? Og kvifor går helsepersonell framleis rutinemessig med munnbind?

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s