Bustadprisar GÅR NED i 31% av USA, for det meste i Demokrat-kontrollerte byar der kriminalitet og skattelegging går av skaftet

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Bustadprisar i heile USA har falle til eit historisk lågt nivå, då 31% av nasjonen såg eigedomsprisar gå ned dramatisk i løpet av det fyrste kvartalet av 2023.

På høgda av bustadboomen gjekk bustadprisar opp i praktisk tala alle krikar og krokar av landet. No er bustadmarknaden delt på midten – der prisar i dei fleste vestlege delstatane går ned, medan dei i mange delar av Midtvesten, Sør- og Nordausten framleis er på veg oppover. (Relatert: Prisar på eksisterande bustader i USA fell for fyrste gong på elleve år.)

[Kommentar frå saksyndig: Natural News bruker sannsynlegvis terminologien «eksisterande bustader» i motsetnad til prosjekterte/prospekt, altso bustader som enno ikkje er bygde.]

California og Mountain West opplevde nokre av dei største falla i bustadprisar. San Francisco åleine kunne registrere eit fall på 14,5% i snittprisar på eksisterande einebustader samanlikna med eit år tidlegare. Dette blir følgt av snittprisar i San José, som fall med 13,7%.

Austin, Texas og Boise, Idaho, som opplevde liknande bustadboomar under Wuhan koronavirus (covid-19)-pandemien, såg bustadprisar falle med meir enn ti prosent kvar.

Alt dette er ifølgje ny forsking offentleggjort av National Association of Realtors (NAR [Nasjonal foreining for bustadmeklarar; oms.an.]), som fann ut at mykje av nedgangen i bustadprisar kom frå dei største byområda i landet, forårsaka av ei masseutvandring av folk som flykta frå Demokrat-kontrollerte, kriminalitetsherja og høgt skattelagde byar.

«Generelt er bustadprisar lågare på dyre marknader og høgare i marknader med rimelegare prisar, noko som antydar større bustadlån-sensitivitet på bustader med høge prisar,» sa NAR sin sjefsøkonom Lawrence Yun.

NAR la til at nedgangen var registrert i 31% av landet sine 221 byområde som NAR held auge med, og at dette var den største prosentmessige nedgangen registrert på elleve år. Dei gjenverande rundt 69% av byområdemarknadene opplevde ein auke på eksisterande einebustader, der rundt éin av 14 marknader – eller rundt rekna sju prosent – registrerte tosifra prisauke.

Bustadlånrenter i byområde er òg på veg nedover

Saman med nedgangen på bustadprisar, har talet selde heimar i heile landet òg falle det siste året, i det sentralbank-indusert bustadlånrente har påverka bustadkjøpsbehovet, og forsyninga av tilgjengelege heimar òg er svært avgrensa. Men denne induserte prisauken ser ut til å vere på veg nedover, om enn lite grann.

I fyrste kvartal gjekk bustadlånrenta litt ned samanlikna med fjerde kvartal av 2022, då bustadlånrenter gjekk opp til over sju prosent. Det månadlege bustadlånet for fyrste kvartal for ein typisk eksisterande einebustad med 20% nedbetalingsavdrag var 1859 dollar [19 536 kroner]. Dette representerer ein nedgang på 5,5% frå snittet på 1967 dollar i månadlege avdrag i kvartalet før. Men dette er òg framleis eit massivt hopp på 33,1% – eller 462 dollar meir – i forhold til året før.

Familiar i fyrste kvartal brukte òg typisk rundt 24,5% av månadsinntekta på nedbetaling av bustadlån, som var ned lite grann frå 26,2% av månadsinntekta i kvartalet før, men framleis høgare enn 19,5% under fyrste kvartal av 2022.

Dette har gjort eksisterande einebustader attraktive for enkelte fyrstegongskjøparar, inkludert Kris Vierhaus og Travis Carter, som kjøpte eit fireromshus i San Mateo, California, i San Francisco sin South Bay-region. Dei var fyrst på visning på dette huset tilbake i desember, men syntest det var overprisa. Dei kom tilbake i februar, då huset framleis var på marknaden, la inn eit bod og kjøpte det for rundt fire prosent under prisantydning.

«På det tidspunktet vi vann, vart det bekrefta at folk kom til å få det til prisantydning eller mindre,» sa Vierhaus. «Dei aggressive boda, eller bodkrigane skjedde rett og slett ikkje meir.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s