Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein ny storskalastudie frå England viser at folk som blir «vaksinert» mot Wuhan koronaviruset (covid-19) har ein vesentleg høgare risiko for å bli blinde.
Artikkelen, som er publisert i det britiske tidsskriftet Nature, forklarer at dei som er «fullvaksinerte» mot covid har ein høgna risiko for «alle former for blodpropp i netthinna» [engelsk retinal vascular occlusion] i to år etter vaksinasjon».
Samanlikna med uvaksinerte har dei som lydde Tony Fauci og andre statlege løgnarar, opp til 350% auka risiko for å bli råka av ei eller anna form for synshemming i fleire år framover.
Den generelle «risikoen for netthinneblodpropp i den vaksinerte kohorten» er betydeleg høgare enn hjå uvaksinerte, forklarer studien vidare.
I tilfelle de ikkje kjenner til denne terminologien, er blodpropp i netthinna ei av dei vanlegaste årsakene til blindheit. Det finn stad når blodgjennomstrøyminga frå netthinna, der blodkara i auget er å finne, blir blokkerte, «ofte forbi ein [blod]propp blokkerer netthinnevena», avslører studien.
Med andre ord påverkar dei blodproppdannande effektane av covid-injeksjonane, som er veldokumenterte, òg auga til folk og til slutt synet deira.
(Relatert: Covid-sprøyter kan òg gjere folk skalla.)
Covid-sprøyter blokkerer blodgjennomstrøyminga, som er livsnaudsynt
Ved å brukte TriNetX-nettverksdatabasen, ein av dei største helseomsorg- og biologiskvitskaplege datasetta i verda, kunne forskarar trekkje ut data samla inn mellom 1.januar 2020, då den sokalla «pandemien» akkurat hadde byrja, og 31.desember 2022, då den hovudsakleg hadde slutta.
Basert på dette var det openbert at covid-injiserte individ hadde mykje høgare risiko enn uvaksinerte for å utvikle eit eller anna problem med synet i løpet av dei neste åra, med ein generell risikorate på 2,19.
Forskarane forsikra seg òg om å verifisere at denne auka risikoen blant fullvaksinerte er urelatert til sjølve det sokalla «viruset». Dei gjorde dette ved å berre inkludere i studien dei som aldri før hadde testa «positivt» for SARS-CoV-2.
Alt i alt vart data frå 6,7 millionar individ henta ut frå TriNetX-nettverksdatabasen. Av dette talet var 883 117 vaksinerte og 5 871 737 uvaksinerte.
Det er viktig å merkje seg, noko som òg vart tydeleggjort i studien, at det store fleirtalet, rundt 80%, av menneska som aldri hadde testa positivt for covid, òg var uvaksinerte. Motsett hadde mesteparten av dei fullvaksinerte testa positivt for sjukdommen.
Forfattarane av studien gjorde sitt beste for å skape ein «kohort i eit éin-til-éin-forhold», som tyda at dei to gruppene på 739 066 individ kvar vart evaluerte – den eine vaksinert og den andre uvaksinert.
«Den oppsamla førekomsten av netthinneblodpropp var betydeleg høgare i den vaksinerte kohorten samanlikna med den uvaksinerte kohorten, to år og tolv veker etter vaksinasjon,» viste den resulterande dataanalysen.
«Den generelle risikoen for netthinneblodpropp i den vaksinerte kohorten var 2,19 gonger høgare enn den var i den uvaksinerte kohorten ved to år […]. To år etter vaksinasjon hadde risikoen for alle undertypar (BRAO, BRVO, CRAO og BRVO) av netthinneblodpropp auka betydeleg i den vaksinerte kohorten.»
Studien samanlikna òg risikoen for netthinneblodpropp innan tolv veker etter injeksjon, som viste at dei fullvaksinerte hadde 3,54 gonger større risiko enn dei uvaksinerte å misse synet.
Livet til kroppen er i blodet, og covid-«vaksinar» får blodet til å danne proppar. Vi har bekrefta dette i mange andre område i kroppen, som ofte fører til slag eller hjarteinfarkt – men i dette tilfellet kan vi òg sjå at det påverkar synet, som er avhengig av frisk blodgjennomstrøyming.»