Tidlegare visepresident i Pfizer: Covid-vaksinepresset var ein «overnasjonal operasjon» som var meint å «lemleste og drepe med vilje»

Av Patrick Delaney, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Dr. Michael Yeadon, som tidlegare tente som Pfizers visepresident og leiande vitskapsmann for allergi og luftveg, forklarte korleis han visste at covid-viruset, med sin etterfølgjande «vaksine»-kampanje, var ein «overnasjonal operasjon» laga for «å skade folk, å lemleste dei og drepe dei med vilje».

Yeadon, som i 32 år arbeidde hovudsakleg for store farmasøytiske selskap, snakka med ein reporter frå Children’s Health Defense i mars medan han var til stade på eit Truth be Told Rally i London.

I sin gjennomgang av korleis han kom til å forstå at covid-«pandemien» var noko anna enn kva den såg ut til å vere, erindra farmakologi-eksperten at «då eg byrja å leggje merke til at tidlegare kollegaer av meg, inkludert Patrick Vallance, sa ting på TV som eg visste ikkje var sant – og eg visste at han visste at dei ikkje var sanne – det var då det gjekk eit lys opp for meg, truleg [i] februar 2020.»

Patrick Vallance var hovud-vitskapsrådgjevaren til den britiske regjeringa frå 2018 til 2023.

«Eg hugsar at eg sa til kona mi ‘dette er ikkje det dei seier at det er. Noko skjer’,» forklarte Yeadon.

«Og då eg såg at ikkje berre mitt land stengde ned, men at dusinvis av land stengde ned samstundes… det var bevis, og er framleis bevis, på ein overnasjonal operasjon,» sa han.

«Det er ingen måte at dette kunne ha skjedd på lokalnivået, på landsnivå. Difor måtte det ha funne stad på eit nivå over det. Om det var WHO eller World Economic Forum, eller andre, det veit eg ikkje, men den orkestrerte responsen demonstrerer ei planlagt hending, i motsetnad til ei som vart bestemt utifrå risikoen for at viruset skulle utvikle seg,» sa Yeadon.

Desse regjeringane «gjorde alle som éi dei same toskete, ineffektive greiene som ein visste ikkje ville fungere på same tid, der ingen av dei var å finne i landa sine pandemi-førebuingsplanar, fordi eg har lese alle saman,» fastslo toksikologi-eksperten.

Vidare sa han at han er fullstendig sikker på at han ikkje vil bli saksøkt av Vallance eller andre for å offentleg skulde dei for å lyge, fordi dei veit at dei ville tape i ein domstol. «Og difor vil dei ikkje saksøkje meg. Det dei gjer er å sverte og sensurere meg.»

No «er skadane på menneske frå desse sokalla vaksinane noko langt verre enn eit påstått virus,» bekrefta Yeadon. Vidare «ønskjer eg at eg kunne seie at det var utilsikta, men det var ikkje utilsikta».

1.desember 2020 sendte Yeadon saman med dr. Wolfgang Wodarg frå Tyskland ein petisjon til European Medicines Agency om at ein straks måtte setje på vent alle covid-19-vaksinestudiane i Europa på grunn av betydelege bekymringar knytt til tryggleiken, inkludert den føreseielege faren for at mange menneske kunne «utvikle allergiske, potensielt dødelege reaksjonar på vaksinasjonen».

Yeadon sine åtvaringar fall for dauve øyre. Og trass at han har blitt framstilt som skurk, har han, uheldigvis for dei alle, blitt reinvaska.

I framhald av intervjuet sa den britiske vitskapsmannen «Eg brukte 32 år i rasjonelt legemiddeldesign. Eg visste, og veit, og skreiv det, før nokon av [injeksjonane] fekk naudgodkjenning, at dei var farlege.»

«Og eg er redd eg er overbevist om, og vil seie med handa på Bibelen framfor ein domstol, ein dommar, at desse injeksjonane har blitt laga for å skade menneske, å lemleste og drepe med vilje.»

Seinare i det komplette intervjuet forklarte han kvifor dei biologiske mRNA-injeksjonane forårsakar ein haug av ulike biverknader hjå forskjellige menneske.

«Når du injiserer dette inn i ein person og det spreier seg rundt om i kroppen og blir absorbert i ei celle, blir den meldinga konvertert til eit protein,» sa han. «Og når kroppen din lagar eit framandt protein – dette garanterer eg som immunolog – vil kroppen din seie ‘det høyrer ikkje til her’ og vil gå til åtak på kva enn som produserer det heilt til cella er daud. Og eg trur det er årsaka til mange – ikkje alle – dei uventa reaksjonane på desse sokalla vaksinane.»

Difor vil desse substansane «forårsake autoimmun øydelegging kor enn det materialet fer hen. Dersom det fer til hjartet ditt, myokarditt eller hjarteinfarkt. Dersom det fer til den gravide livmora di, spontanabort, dersom det fer til nervesystemet får du ei helvetes røre av nevrologiske problem. Det er det vanlege problemet som ligg under mange av vaksineskadane, der somme er so ille at folk har døydd, som eg trudde dei truleg ville,» sa Yeadon, som har ei grad i toksikologi [giftlære] òg.

Vidare hugsa han at når ein del av hjartemuskelen døyr på grunn av skaden som hjarteinfarkt eller myokarditt fører med seg, «døyr den delen av hjartemuskelen og kjem seg ikkje. So du endar opp med eit funksjonsredusert hjarte. Det er grunnen til at det er so forferdeleg når vi høyrer om myokarditt hjå unge menn. Hjarta deira kjem ikkje til å vekse tilbake. Dei vil ha eit redusert hjarte resten av livet.»

I ein separat korrespondanse med LifeSiteNews oppsummerte Yeadon: «dei påståtte vaksinane vart laga for å skade, lemleste og drepe. Fleire openbert giftige bestanddelar vart bevisst bygt inn i designet deira, med det resultat at ein kunne vente høg førekomst av blodproppar, autoimmune åtak og cytokin-stormar over heile kroppen, avhengig av kor det fór hen hjå eit bestemt individ.»

«Endeleg vart mRNA-agentar formulert i lipid-nanopatriklar, som vart kjent frå 2012 å forårsake oppsamling i visse organ, spesielt eggstokkar. Negativ effekt på fruktbarheita var òg nærast garantert.»

«Ingenting av dette kan på nokon måte forsvarast som berre aktløyse,» konkluderte han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s