Av Zoey Sky, NewsTarget. Omsett av saksyndig.
Medisinsk fascisme i høggir
Regjeringar over heile kloden prøvde å kontrollere folket ved å påtvinge massevaksinasjon og vaksinepass på høgda av Wuhan koronavirus (Covid-19)-pandemien.
No planlegg Verdas helseorganisasjon (WHO) å innføre eit Globalt digitalt helsesertifikat. Innføringa av det digitale helsesertifikatet er blant dei 307 tillegga til Dei internasjonale helseretningslinjene (IHR) føreslegne av 94 medlemsland av WHO.
Dei føreslegne tillegga til IHR er eit fullstendig annleis sett av forslag til «Pandemitraktaten». Tillegga til IHR vart lagde til i 2022 utan bekreftelse frå Senatet eller Parlamentet. Desse tillegga kan lett leggjast til på same vis.
Rapportar inneheld hint om innføring av Globalt digitalt helsesertifikat-nettverk
Verdas helseforsamling (WHA [World Health Assembly]) kjem til å halde eit møte frå 21. til 30.mai. Som førebuing til det komande møtet har deltakarar drive og lasta opp dokument, inkludert ein framgangsrapport ved namn «Report O».
Rapporten fastslår at der er planar om å innføre eit Globalt digitalt helsesertifikat-nettverk.
I ein episode av Steve Bannons «War Room», åtvara James Roguski om at medan det Globale digitale helsesertifikatet er der «på friviljug basis», driv styresmaktene no og byggjer infrastrukturen som er naudsynt for å «spore opp alle på planeten».
I tillegg krev det å byggje desse systema tid og pengar, noko som antydar at dei ikkje kjem til å vere «friviljuge» særleg lenge, åtvara Roguski. (Relatert: Ashish Jha, Bidens nye Covid-19-koordinator, vil at alle skal ha «vaksinepass»).
Med tanke på konteksten som den indonesiske helseministeren Budi Gunadin Sadikin refererte til det Globale digitale helsesertifikatet ved 2022 B20-toppmøtet, verkar det usannsynleg at tiltaka vil vere der «på friviljug basis».
Indonesia sin presidentskap på G20 byrja 1.desember 2021. Innan november 2022 viste Sadikin fram det Indonesia hadde oppnådd under sin G20-presidentskap på B20-toppmøtet. B20 er det offisielle forumet for G20-dialog med det globale forretningssamfunnet.
Denne organisasjonen er ein av mange som tilslører linjene mellom offentlege og private interesser. Dei forsøker å presse verda nærare ideologien der vi har ei verd kontrollert av ikkje-valde forretningsmenn [ein djupstat; oms.komm.] som vil sikre seg at dei ikkje kan haldast ansvarlege der dei manipulerer statleg politikk for å maksimere profitt, utan eit snev av omtanke for kva dette kostar av menneskeliv, fridom eller rettar.
På B20-toppmøtet sa Sadikin til B20-deltakarane at Indonesia må investere i «medisinske krise-mottiltak» og «forretningsmoglegheitene» som dette skaper.
«Kva er forretningsmoglegheitene for dykk? Då vil forretning for medisinske krise-mottiltak som er diagnostikk, vaksine, terapi eller medisin vekse særs, særs raskt globalt,» sa Sadikin.
Sasha Latypova, leiar i etterforskingsgruppa Team Enigma, la vekt på ordet «mottiltak» i etterforskinga si.
Når ho snakka om det som vart marknadsført til folket som «Covid-vaksinar», sa Latypova at Forsvarsdepartementet (DoD [Department of Defense]) gav ordre om «demonstrasjonar» frå farmasøytiske selskap ved å bruke det same hemmelege rammeverket dei bruker til å bestille våpen.
«Ingen farmasøytisk regulering gjeld ved mottiltak,» åtvara Latypova.
Sadikin luftar ideen om eit globalt overvakingssystem
Sadikin prøvde òg å selje ideen om eit globalt overvakingssystem, og brukte språk med utgangspunkt i noko som likna på krigføring, medan han la vekt på potensielle forretningsmoglegheiter. Sadikin snakka om fienden, som ikkje er eit menneske, men patogen som «treng overvakingssystem som når de blir angripne av framande frå utlandet».
Han sa at alle land sannsynlegvis vil knyte alle radarsystem saman for å forbetre overvaking «dersom fienden kjem utanfrå planeten». Sadikin sa på liknande vis at verda må «styrke seg og knyte radarsystema saman mot [eit] patogen».
Dersom det kjem ein annan pandemi, sa Sadikin at det å stoppe spreiinga av viruset krev at ein avgrensar, ikkje stoppar, rørsla til folket gjennom eit «digitalt helsesertifikat, anerkjent av WHO».
Sjå denne videoen for å finne ut korleis vaksinepass og det Globale digitale helsesertifikatet kan bli misbrukt i eit totalitært diktatur.