Skuleelevar som døydde brått eller uventa etter å ha fått covid-19 mRNA-vaksinar. 16 tilfelle i 2022

Av dr. William Makis, henta frå Global Research. Omsett av saksyndig.

Broken Arrow, Oklahoma – 18 år gamle Trista Martin døydde plutseleg 9.november 2022 etter ho tok Pfizer Covid-19 mRNA-sprøyta i juli, og ho fortalde det ikkje til foreldra. (her)

Dallas, Texas – 18 år gamle Kayla Rose Lumpkins døydde plutseleg medan ho sov 9.september 2022, sju månader etter ho tok Covid-19 oppfriskningsdose. (her og her)

Filippinane (Quezon City) – Den 13 år gamle guten Biel Elioenai Cruz Tan fekk sin andre Pfizer-dose 26.januar 2022; døydde plutseleg 20.juni 2022 (her).

Chicago, Illinois – 17 år gamle Gwen Casten, dotter til kongressmann Sean Casten, døydde plutseleg medan ho sov av plutseleg hjarterytmeforstyrring 13.juni 2022 (her).

Brasil – Den 15 år gamle guten Danylo Zinneck Nombre fekk sin andre Pfizer-dose 19.oktober 2021; utvikla 18 dagar seinare svakheit i beina, uklart syn, diagnostisert med autoimmun Bickerstaff hjernestamme-encefalitt (BBE), ein sjeldan nevrologisk sjukdom; var to månader på akutten og døydde 3.mars 2022 (her).

Brasil – 18 år gamle Isabelle Correia G. de Souza fekk sin tredje Covid-19 vaksinedose 25.januar 2022, byrja å føle seg dårleg 2.februar 2022, vart frakta til akuttmottaket og døydde 21.februar 2022 (her).

Filippinane – Den 17 år gamle guten Shan Costillas fekk sin andre Moderna-dose 25.januar 2022; vart råka av anfall, slag og døydde fire dagar seinare 29.januar 2022 (her).

Brasil – 16 år gamle Anita Vitoria Ribeiro Bentivoglio fekk sin andre Pfizer Covid-19 mRNA-vaksine 20.oktober 2021; vart sjuk, fekk fatigue, spydde, døydde 20.januar 2022 (her).

Ararangua, Brasil – 13 år gamle Vanessa Martins Figueiredo fekk Pfizer-vaksine 9.november 2021, symptoma byrja fem dagar seinare med oppkast, lamming; ho døydde 10.januar 2022 (her og her).

Brasil – den 18 år gamle modellen Valentina Boscardin utvikla blodproppar og døydde brått etter to dosar med Pfizer Covid-19 mRNA-sprøyte 9.januar 2022 (her).

New Jersey – 13 år gammal gut fekk sin andre Covid-19-vaksine 6.juni 2021, fekk hjartestans 31.desember 2021 og døydde 4.januar 2022 (her).

Japan – 19 år gammal gut fekk to Moderna-sprøyter, og Pfizer oppfriskningsdose som vart teken 29.juli 2022; funnen død i senga si tre dagar seinare; dødsårsak: myokarditt (her).

Uganda (Mpigi) – Den 14 år gamle guten Jonathan Luyinda vart Covid-19-vaksinert med Pfizer utan samtykke frå foreldra 8.februar 2022, og han døydde i juli 2022 av multiorgansvikt; mora går til søksmål mot regjeringa (her).

Publikasjonar

Japan (forfattar: Nushida) – 14 år gammal jente døyr to dagar etter Pfizer Covid-19 mRNA-sprøyte, desember 2022 (her).

USA (forfattar: Gill) – to tenåringsgutar døydde innan ei veke etter andre Pfizer Covid-19 mRNA-sprøyte, begge døydde av myokarditt (her).

Mi tolking…

Foreldre til tenåringar som vart pressa til å ta Covid-19-vaksinar burde ha denne typen dokumentasjon i sine juridiske saksmapper.

Somme av desse tilfella byrjar å forsvinne frå Internett.

Desse er tilfella der tidspunktet frå Covid-19-vaksinasjon til dødsfall var relativt kort. Det vi ser no i 2023, som min tidlegare Substack-artikkel gjekk i detalj om, er ein tsunami av plutselege dødsfall hjå Covid-19-vaksinerte unge menneske som ikkje nyleg vart vaksinert.

Og det er særs urovekkjande, fordi vi no ser dei langtidseffektane av Covid-19 mRNA-vaksinasjon som aldri vart studerte.

Dr. William Makis er ein kanadisk lege med ekspertise innan radiologi, onkologi [kreftlære] og immunologi. Fekk Governor General’s Medal, skulert ved Universitetet i Toronto. Forfattar av 100+ fagfellevurderte medisinske publikasjonar.

Artikkelen vart opphavleg publisert på forfattaren sin Substack (bak betalingsmur).

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s