Russiske leiarar krev GJENGJELDING etter Ukraina sitt åtak mot Kreml

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Russiske leiarar krev gjengjelding etter at Ukraina sitt forsøk på droneattentat mot president Vladimir Putin.

Droneåtaka fann stad tidleg om morgonen onsdag 3.mai. Kreml hevda at dei to dronane, som vart skotne ned med anti-drone-radarsystem, var del av ei ukrainsk «planlagt terrorhandling» som var meint å drepe Putin. (Relatert: To dronar skotne ned rett over Kreml under eit påstått ukrainsk forsøk på å snikmyrde Putin).

Samstundes nekta Ukraina at dei på noko vis var involvert i hendinga. President Volodymyr Zelensky hevda i ei melding at landet hans ikkje utfører åtak utanfor grensene sine. Presidentrådgjevaren hans, Mykhailo Podolyak, antyda vidare at Russland anten gjekk til åtak på seg sjølv med dronane i ein falsk flagg-operasjon, eller at droneåtaka vart utførde av likale anti-Putin-geriljaer.

I ein nyleg episode av «TruNews» sa Rick Wiles og dr. Raymond Burkhart at dette er Kievs modus operandi å straks nekte for handlingar som fann stad utanfor ukrainsk territorium. Men, på same tid driv dei i tillegg og feirar desse hendingane.

«Ukrainarane nekta for at dei trefte Krim-brua, og deretter skrytte dei over det. Dei gjorde begge delar,» sa Wiles, og antyda sterkt at Kiev faktisk kan vere ansvarleg for droneåtaka mot Kreml. «Dei kom med ei offisiell nekting, og so på same tid la dei ut ymse innlegg på sosiale media der dei skrytte over at dei trefte brua.»

Burkhart og Wiles sa at same greia har skjedd i dette tilfellet. Zelensky og ymse andre leiande ukrainske embetsfolk har nekta for kvar ei involvering i handlinga. Men på same tid har det ukrainske postverket gjeve ut eit minnefrimerke der det er bilete av eit Kreml i brann med ein drone i lufta, og ein ukrainsk soldat utanfor Kremls veggar som gjer ein stygg gest.

«Driv dei [Russland] og trollar? Eller har det ukrainske postverket faktisk gjeve ut frimerket? Om det er det eine eller det andre, feirar dei åtaket,» sa Burkhart.

Russiske leiarar krev attentat på Zelensky

I Russland si offisielle melding når det gjeld åtaket, sa regjeringa at dei «reserverer retten til å utføre gjengjeldingstiltak når og korleis dei finn det for godt.» Regjeringa har ikkje forklart kva type gjengjelding dei vil utføre. Men somme russarar av den tøffe typen har sagt at dei ønskjer rask gjengjelding, kanskje mot Zelensky sjølv i form av eit attentat på han.

Ei av dei mest framtredande stemmene i favør av slik ei handling, er tidlegare president Dmitry Medvedev, ein nær alliert av Putin, leiaren av partiet hans, Foreinte Russland, og no viseleiar i landets Tryggleiksråd.

I ei melding lagt ut på Telegram-kanalen hans, kravde Medvedev «den fysiske fjerninga av Zelensky» og «kabalen hans».

«Etter dagens terroriståtak er der ingen andre val igjen enn den fysiske fjerninga av Zelensky og hans kabal,» skreiv Medvedev, som sa at Zelensky si overleving på slutten av spesial-militæroperasjonen i Ukraina ikkje er naudsynt for at den ukrainske regjeringa skal underkaste seg vilkårslaus overgjeving.

«Hitler, som det er kjent, skreiv ikkje under [på ei avtale om vilkårslaus overgjeving] heller,» sa Medvedev. «Der vil alltid vere ein eller annan erstattar.»

«Kor langt går den kabalen? Inkluderer den Antony Blinken? Joe Biden?» spurde Wiles, og refererte til den omfattande mengda bistand USA gjev til regimet i Kiev. «Kor langt vurderer han rekkjevidda til kabalen? Vi veit ikkje. Men det vi veit er at Medvedev i dag sa ‘dei kjem alle til å døy’.»

Den nemnde episoden av TruNews kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s