Av Belle Carter, Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
The Atlantic publiserte nyleg ein artikkel som avslørte at den aller fyrste prevensjonsvaksinen nokosinne, som vil bruke eins immunforsvar til å stengje for befruktning heller enn å forstyrre menstruasjonssyklusen, allereie gjennomgår kliniske forsøk.
Ifølgje journalist dr. Katherine J. Wu, er vaksinen, jamfør visjonen til utviklaren bak, professor Gursaran Pran Talwar, ei ny form for prevensjon som kan hindre graviditet utan dei vanlege biverknadene. «[Det vil vere] ein intervensjon som er langvarig, men reversibel; billeg, diskret og lett å administrere; mindre invaderande enn noko ein set inn i livmora, og meir bekvemmeleg enn ei dagleg pille,» stod det i artikkelen. Talwar utvikla og patenterte ein versjon av sprøyta for fyrste gong på tidleg 1990-tal – ein versjon som var meint å vere effektiv i to år før ein trong oppfriskningsdose, og som vart rapportert å vere «nesten 100% effektiv».
Punkta ein prøvde å selje produktet med, inkluderte: «ein ville sleppe ubehagelege og stundom farlege biverknader, slik som vektauke, humørsvingingar og sjeldne, men risikable blodproppar og slag.» Påstanden slo òg fast at den ville vere ei kroppsleggjering av «set den og gløym den»-modellen som har blitt ein gullstandard for helse. [Her meiner truleg artikkelforfattaren at det er nok med berre eitt stikk, og so treng ein ikkje tenkje meir på det; oms.komm.].
Vaksineutviklaren, ein tidlegsre direktør i India sitt nasjonale institutt for immunologi, sa til [journalisten] Wu at han utvikla vaksinen som nøytraliserer humant chorion-gonadotropin (hCG)-hormonet, kjent som «graviditetshormonet» […]. Dette er svaret hans, ifølgje han sjølv, på kvifor indiske kvinner strevar med å mate store familiar, men som ikkje var tilfredse med dei eksisterande formene for prevensjon.
Derimot sa dr. Brian Hooker, leiande vitskapleg offiser for Children’s Health Defense, at ein vaksine «er ein absolutt horribel idé sidan so mykje kan gå gale når ein ‘immuniserer’ ei kvinne med hCG som er identisk med hormonet ho produserer, eller menn med spermprotein for å gå til åtak på deira eigen sperma på produksjonsstaden.
«Det store spørsmålet som dukkar opp er om det er ‘reversibelt’. Det er særs vanskeleg å skru av ein immunrespons komplett med minne-B-celler etter den har blitt skrudd på. Eg fryktar at mange vil bli permanent sterile av denne typen vaksine,» åtvara Hooker.
Han peikte òg på at det å få kroppen til å gå til åtak på menneskeprotein kan setje menneskevev, inkludert primært vitale reproduksjonsorgan, i fare for mange alvorlege betennelsesprosessar assosiert med ein immunrespons.
Òg for jordmor og helsesjukepleiar May Lou Singleton vil dette vere den fyrste vaksinen som er laga for å provosere fram ein immunrespons mot ein normal, sunn kroppsprosess. «Som alle levande organismar som formeirar seg seksuelt, er menneskekroppen organisert rundt vårt formeiringspotensiale,» sa ho. «Vi har inga aning om kva langtidskonsekvensane er av å programmere immunforsvaret til å gå til åtak på den delen av kroppen som har med tidleg graviditet å gjere, men vi veit at medisinhistoria er full av utilsikta konsekvensar.»
Forkjemparar: Graviditet er ikkje ein sjukdom, kvifor treng vi vaksine mot det?
I mellomtida stiller forkjemparar og aktivistar spørsmålet om kvifor ein vaksine må bli utvikla for å unngå befruktning når graviditet ikkje er ein sjukdom.
Leiar i Policy and Programs ved Population Foundation of India, dr. Sanghamitra Singh, sa til [journalisten] Wu at det å bere eit barn inni seg ikkje er ein sjukdom. Dette vedgjekk Wu ved å seie at vaksinasjon mot graviditet «utilsikta» kan antyde at graviditet er eit problem som må utryddast, og som kan stigmatisere sprøyta.
Wu innrømte at der er ei reell utfordring i å sleppe laus prevensjonsmetodar slik som immunforsvars-«sprøytene». Enkelte kan stigmatisere den på grunn av at prevensjon historisk har blitt pressa på kvinner, spesielt fattige, psykisk sjuke og farga menneske, utan samtykke eller til skade for dei, la ho til. Ein burde vurdere at vaksinen kan «høgne spekteret av utrydding av fruktbarheit i samfunnets mest sårbare undergrupper», sidan det at den er lett å administrere kan gjere det sannsynleg at sprøytene kan gjevast utan fullstendig informert samtykke.
Folket og helsestyresmaktene burde òg vere einige i det faktum at det potensielt kan skje misbruk av sprøytene so fort dei blir tilgjengelege.
«Folk i maktposisjonar i heile verda held fram med å leggje føringar på formeiringsrettane til kvinner via tvinga og obligatorisk langsiktig prevensjon og sterilisering,» kommenterte jordmora Singleton. «Når anti-fødselstankar og bekymringar om overbefolkning aukar i herskarklassen, vil denne teknologien bli lagt inn under statlege, påbodne vaksinasjonsprogram for tenåringar, innvandrarkvinner, fattige kvinner eller andre grupper som er i ‘høg-risikosona’ for uønskt graviditet?»
Desto verre har hovudstraumsmedia og folk i regjeringa avgrensa dialogar om temaet vaksinetryggleik. «Det å kombinere dei medisinske heilage kyrne fødselskontroll og prevensjon, ser ut som ei oppskrift på ein medisinsk intervensjon ingen vil få lov å stille spørsmål ved,» la Singleton til.
I denne videoen snakkar dr. Carrie Madej om korleis stivkrampevaksinar vart brukt som prevensjon.