Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
I motsetnad til påstandane til venstrevridd medieprogrammering, er elektriske køyretøy (EK-ar) ikkje verdt pengane, spesielt samanlikna med drivstoffbilar som held på verdien dobbelt so godt.
For å seie det på ein annan måte fell EK-ar i verdi dobbelt so mykje som drivstoffbilar, ifølgje ein ny studie basert på data frå ChooseMyCar.com. Forskarar fann ut at EK-ar går ned i verdi dobbelt so mykje som drivstoffbilar, noko som gjer dei til ei dyr og verkeleg dårleg investering på lang sikt.
I snitt tapte EV-ar 51% av kjøpsverdien i treårsperioden mellom 2020 og 2023. til samanlikning tapte drivstoffbilar i same tidsrommet 37% av verdien i snitt.
Studien viste òg at dess høgare originalprisen på bilen var, dess meir tapte den i verdi. Ein av dei verste av heile gjengen var Tesla Model S, ein overprisa haug av for det meste billeg plast, som studien fann ut tapte nesten 32 000 dollar [ca. 338 290 kroner] i verdi på berre tre år.
Billeg-EK-ar slik som Nissan Leaf er ikkje særleg betre. Faktisk er Nissan Leaf prosentmessig endå verre enn Tesla Model S når det gjeld verditap, der den taper sjokkerande 58% av verdien sin på berre tre år.
(Relatert: Dersom alle går over til å gå på straum slik som venstrevridde har planlagt, vil der aldri vere nok straum tilgjengeleg for alle.)
Stadig fleire amerikanarar seier rett og slett NEI til EK-ar – dei er berre ikkje verdt det
So trendy som dei kanskje er på stader som California og New York, er EK-ar faktisk ikkje fullt so populære blant amerikanarar flest. Faktisk er der dalande interesse i EK-ar dess lengre tid som går, sjølv om dei blir marknadsførde som framtidas bilar.
Ifølgje ei ny spørjeundersøking frå J.D. Power, aukar andelen amerikanske bilkjøparar som ikkje er interesserte i å kjøpe EK-ar.
«Den overordna marknadsandelen, tilgjengelegheita og prisen har lenge vore på veg oppover,» sa J.D. Power i ei melding. «… men under desse overskriftene byrjar vi å sjå kundeåtferd som antydar ei mogleg todeling av marknaden for bilar.»
Prosentdelen av bilkjøparar som «svært usannsynleg» vurderer å kjøpe eit EK dei neste 12 månadene nådde 21% i mars, opp to prosent frå 19% månaden før. Ifølgje J.D. Power er dette den høgste «svært usannsynleg»-responsen på EK-ar som gruppa nokosinne har sett.
Den største grunnen til at stadig fleire amerikanske forbrukarar ikkje vil ha noko å gjere med EK-ar, har å gjere med pris og lading. Ikkje berre er bilane sjølve usømmeleg dyre, men straumkostnader aukar i tillegg, for ikkje å snakke om tida det tek å lade opp eit EK.
Millionar av amerikanarar kan lese skrifta på veggen om at nettet rett og slett ikkje kan tole at alle ladar EK-ane sine dagleg, på éin gong. Nettet kjem til å bryte saman over tid, og kven ønskjer å sitje fast eller stranda i eit EK med ingen måte å lade det på, spesielt i tilfelle straumbrot?
Av dei som svarte på J.D. Power-undersøkinga med at dei anten «svært usannsynleg» eller «temmeleg usannsynleg» kjem til å kjøpe eit EK, oppgav 49% «mangel på ladestasjonar» og «kjøpspris» som dei to største grunnane for å velje eit drivstoffkøyretøy i staden.
«Avgrensa køyreavstand per lading» og «tida som krevst for å lade» vart òg ofte opplyste som grunnar, der høvesvise 43 og 41% av respondentane oppgav desse som to faktorar i avgjerda si om å ikkje eingong tenkje på å kjøpe eit EK.