Avgjerda om å utføre droneåtak på Kreml vart gjort av USA, seier tidlegare CIA-offiser

Av Niamh Harris, The People’s Voice. Omsett av saksyndig.

Avgjerda om å utføre eit droneåtak på Kreml vart gjort av USA, ifølgje den tidlegare CIA-offiseren Larry Johnson.

Åtaket sist veke, som mest sannsynleg hadde Russlands president Vladimir Putin som mål, vart stoppa av elektroniske krigføringssystem som slo ut dronane før dei kunne nå målet sitt.

Summit.news rapporterer: Ifølgje Johnson må åtaket ha vore styrt av Biden-administrasjonen og det amerikanske militær-industrielle komplekset fordi «avgjerder om slike åtak ikkje er gjort i Kiev, men i Washington».

«Washington burde forstå tydeleg at vi veit dette,» sa Johnson til reporterar.

Sjølv om åtaket, som Ukraina nekta for å vere involvert i, mislykkast i å oppnå sitt taktiske mål, var det framleis høgst «symbolsk», ifølgje Johnson.

[Twitter-melding frå The Spectator Index:

DRONEÅTAKET I KREML

  • Russland seier to ukrainske dronar gjekk til åtak på Kreml over natta
  • Dronar vart tekne ned utan offer eller materielle skadar på Kreml
  • Moskva seier det var eit terroriståtak og eit forsøk på å ta Putins liv
  • Russland seier dei reserverer seg retten til å respondere når og korleis dei finn det for godt]

«[Dei] gjorde ikkje betydeleg skade. Den psykologiske effekten, derimot, der er folk som er ueinige i dette, mitt syn er at dette kjem til å galvanisere Russland, ikkje skape frykt eller misnøye eller splitting. Der er andre som trur at ved å gjere dette, kjem dei til å framstille Russland som svakt og skape interne problem. Eg seier rett og slett at reaksjonane til tidlegare president [i Russland], [Dmitry] Medvedev, so vel som medlemmer av Dumaen – dei er fly forbanna, dei er rasande, og ber om eskalerande gjengjelding mot Ukraina. So eg trur dette på mange måtar gjekk gale,» sa den tidlegare embetsmannen i Utanriksdepartementet [Larry Johnson; oms.an.].

Han la òg til at åtaket oste av desperasjon og var eit forsøk på å provosere Russland til ei større eskalering «for å få USA djupare involvert i denne konflikten».

«På same tid trur eg at Washington seier at dei prøver å fråråde denne [eskaleringa], fordi dei erkjenner at dette har spunne ut av kontroll. Og USA er i ingen posisjon militært til å konfrontere Russland og overleve den konfrontasjonen,» sa Johnson.

Demokrat-presidentkandidaten Robert F. Kennedy Jr. fordømte forsøket på droneåtak som ei farleg eskalering.

«Førestill dykk korleis vi ville respondere dersom russisk-støtta styrkar utførde eit droneåtak på Capitol [Kongressbygningen i Washington]. Vi må stoppe desse forrykte forsøka på å eskalere krigen,» sa Kennedy.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s