Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Den tyske luksusbilprodusenten BWM sendte ut ordre om køyreforbod tysdag 2.mai, og tilbakekalla over 90 000 sedanar og SUV-ar på grunn av defekte kollisjonsputer.
Dei rundt 90 000 køyretøya vart bygde mellom 2000 og 2015 og vart utstyrte med defekte kollisjonsputer laga av Takata, og har høg risiko for å ikkje aktivere ved kollisjon. (Relatert: To amerikanske køyretøyselskap tilbakekallar over 600 elektriske lastebilar på grunn av tryggleiksproblem.)
«Desse køyretøya er sju til 22 år gamle, og risikoen for sjåførar og passasjerar er alvorleg,» skreiv National Highway Traffic Safety Administration (NHTSA) i ei melding etter at dei kom med åtvaringa om å ikkje køyre køyretøya.
«Desse er blant dei eldste Takata-kollisjonsputene under tilbakekalling, og har ein ekstremt høg risiko for å feile under ein kollisjon,» heldt NHTSA fram. «Dersom inflatørane raknar, kan metallbitar bli skotne ut, treffe ansiktet på sjåføren, og anten drepe dei eller påføre store, livsendrande skadar.»
«Desse inflatørane er to tiår gamle og, for kvar dag som går, blir dei farlegare sidan dei kan rakne sjølv i ein mindre kollisjon,» sa viseadministrator i NHTSA, Sophie Shulman.
BMW la vekt på at erstatningsdelar er tilgjengelege, og at reparasjonane vil bli utført gratis. Selskapet sa at dei kan ordne det slik at gjeldande bilar blir henta heime hjå eigarane eller på arbeidsplassen, og tekne til deira lokale BMW-forhandlar vederlagsfritt, reparert og straks sendt tilbake.
Alternativt kan teknikarar bli sendt til kor enn køyretøyet er å finne, og reparasjonar kan bli fullført på staden. BWM hevdar at reparasjonane kan bli utført på under ein time.
«Vi kan ikkje leggje nok vekt på kor livsviktig det er for kundane våre å ta dette alvorleg. Vi veit at desse kollisjonsputene berre blir farlegare og farlegare over tid, som er grunnen til at vi tek nok eit steg for å få desse delane ut av køyretøya våre,» sa visepresident for ettersal i BMW North America, Claus Eberhart.
«Kundar må straks parkere desse køyretøya og bruke litt tid på å finne ut om køyretøyet deira er trygt for dei og familimedlemmer å køyre,» la han til. «Å reparere desse køyretøya går kjapt, er lett å ordne og fullstendig vederlagsfritt.»
Takata sine defekte kollisjonsputer har forårsaka minst 33 dødsfall
BWM sitt køyreforbod påverkar tre sedan- og fire SUV-modellar – 1, 3 og 5 Series, som alle er bygde frå 2000 til 2013, og X1, X3, X5 og X6 crossover SUV, alle produserte frå 2000 til 2015.
BMW ber eigarane det gjeld om å sjekke om køyretøya deira blir påverka av køyreforbodet, og dersom dei er det, må dei slutte å køyre køyretøya sine med éin gong, og bestille ein gratis serviceavtale med sin lokale BMW-forhandlar.
Kollisjonsputene frå Takata hadde inflatørar som brukte flyktig ammonium-nitrat for å blåse opp kollisjonsputene ved kollisjon. NHTSA og BMW skreiv begge at kjemikaliet kan forringe seg over tid når det blir eksponert for varme og fuktigheit, noko som aukar risikoen for at kollisjonsputene ikkje blæs seg skikkeleg opp eller, verre, sprengjer heile metallbehaldaren og skyt ut metallbitar som kan skade eller drepe sjåførar og passasjerar.
Sidan 2009 har Takata sine defekte kollisjonsputer forårsaka minst 33 dødsfall verda over, der 24 av desse dødsfalla fann stad i USA. Mesteparten av dødsfalla og rundt 400 skadar har skjedd i USA, men fleire hendingar har òg blitt registrert i Australia og Malaysia.