WHO erklærer (endeleg) covid-«pandemien» for over!

Tru det eller ei, det ser ut som «pandemien» offisielt er over. Følgjande er henta frå Great Game India (mi omsetjing):

«Generaldirektør i Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus erklærte til reporterar sist fredag at covid-pandemien, «den globale helsekrisa», er over.

WHO gjorde med dette slutt på ei treårig klassifisering som dei fyrst byrja å bruke i januar 2020.

Helseorganet byrja å bruke ordet «pandemi» i mars 2020 for å slå alarm til verda om farane til viruset, sjølv om sjølve terminologien har inga juridisk meining.

I sin samtale med reportarane fredag, sa WHO-generaldirektør Ghebreyesus følgnade:

‘I meir enn eit år har pandemien vore i ein søkkande trend. I går møttest krisekomiteen for femtande gong og tilrådde meg at eg erklærer ein slutt på denne folkehelsekrisa av internasjonal bekymring. Eg har godteke det rådet. Det er difor med stort håp at eg erjlærer covid-19 som ei global helsekrise for over,’ la han til.

Anthony Fauci, Canadas statsminister Justin Trudeau, og mange andre toppar som aggressivt pressa gjennom covid-19-politikk, prøver no febrilsk å omskrive historia.»

Det ser ikkje ut som nettsidene til NRK skriv om denne historiske avgjerda – eg har ikkje greidd å finne nyheiter om det der, iallfall. Folkehelseinstituttet publiserte derimot ein artikkel 5.mai, same dag som avgjerda frå WHO-generaldirektøren kom. Artikkelen har tittelen «Koronavirus-pandemien ikke lenger en internasjonal folkehelsekrise». Ifølgje FHI er «pandemien dermed over i en ny fase», kva enn denne «fasen» er.

Smitteverndirektør Trygve Ottersen ved FHI har følgjande å seie:

«Vi mener dette er en riktig beslutning. Mange land i verden er tilbake til normalen og er i stand til å håndtere viruset på en god måte, selv om det fortsatt er store ulikheter mellom ulike land[…].»

Avgjerda får inga direkte tyding for Noreg, sidan det ikkje har vore nokon pålagde smitteverntiltak mot covid-19 sidan februar 2022. FHI skriv vidare:

«Fra det nye koronaviruset kom til Norge i februar 2020 til april 2023 har de aller fleste blitt smittet minst én gang. Koronaviruset vil likevel ikke forsvinne; det vil fortsette å utvikle seg og vi vil se nye varianter. Det betyr at de fleste vil bli smittet flere ganger i livet.

Den utbredte immuniteten i befolkningen etter vaksinasjon og infeksjon gjør at viruset er en nye mindre trussel nå.»

FHI skildrar den sokalla pandemien som «en alvorlig hendelse for folkehelsa i Norge». Mellom anna skal 5470 personar ha døydd av (eller med?) covid-19 i landet. «Mange har fått senfølger av sykdommen, og tiltakene mot pandemien har påvirket mange». FHI prioriterer no det dei kallar to typar etterarbeid: dei skal forske på konsekvensane av pandemien, inkludert seinfølgjer av sjukdommen, biverknader av vaksinasjon og konsekvensar av smitteverntiltaka for folkehelsa. Denne «lærdommen» vil dei ta med seg for å styrke beredskapen mot nye epidemiar, som jo utan tvil vil dukke opp når Mister Global finn det for godt.

Som dei fleste har fått med seg, har tidlegare FHI-direktør Camilla Stoltenberg rømt frå stillinga si og fått seg ny jobb. No er ho å finne som direktør for det statlege forskingsinstituttet NORCE (Norwegian Research Centre), som Universitetet i Bergen eig mesteparten av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s