Vaksine-massesøksmål: Australiarar krev rettferd for styresmaktene sitt medisinske tyranni

Henta frå NewsWars. Omsett av saksyndig.

Josh Sigurdson i World Alternative Media rapporterer om massesøksmålet som no blir begjært mot dei australske styresmaktene på grunn av vaksineskadar, dødsfall og diskriminering når dr. Melissa McCann, allmennlege i Queensland, no har samla 500 saksøkjarar.

Australia var utan tvil eit av dei mest tyranniske landa i verda når det gjaldt vaksinerestriksjonar. Påboda kosta tusenvis av menneske jobbane sine, øydela familiar og, endå verre… drap millionar og skadde endå fleire.

No krev folk erstatning for åtaket på sivile fridommar og sjølve menneskeheita, ved å ta del i eit massesøksmål.

Det er venta at mange tusen fleire vil bli med på søksmålet. Australia har allereie betalt ut meir enn 7 millionar dollar for vaksinediskriminering og dødsfall, og tusenvis ventar framlies på at deira eigne saker skal gå gjennom systemet.

Der er eitt problem her.

Medan rettferda er velfortent og folk burde halde fram med å krevje rettferd og støtte desse søksmåla, er det ikkje løysinga. Dersom folk trekte seg vekk frå tyranniet frå dag éin og ignorerte krava frå staten til dei forsvann, ville ikkje dette ha vore eit problem. Dersom folk lytta til uavhengige media som har åtvara om dette tyranniet i fleire år før den faktiske utrullinga, ville det ikkje ha vore eit problem.

Folk må ta ansvar for si eiga helse, utdanning, pengar og livets opphald, og slutte å vere avhengige av staten sitt eigarskap over dei.

Folk må slutte å ha alle pengane sine i banken. Folk må slutte å vere avhengige av matbutikkar for mat. Folk må slutte å sende barna sine til indoktrineringsleirar [skular], og folk må lære, ta informerte val og slutte å vere avhengige av den største mordaren på jorda, Big Pharma, for å ivareta helsa si.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s