Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
No når det er tydeleg at Wuhan koronavirus (covid-19)-«pandemien» er eit søkkande skip, prøver store regjeringsfigurar slik som Tony Fauci, Justin Trudeau og mange andre som aggressivt pressa og tvinga gjennom covid-tyranni å vri seg unna, og låst som om dei aldri gjorde noko gale.
I ein samtale førre veke med New York Times prøvde Fauci å argumentere at han ikkje ein einaste gong pressa på for nedstengingar, til dømes, sjølv om han på opptak igjen og igjen gjennom heile bløffdemien føreslo at amerikanarar måtte sperrast inne i sine eigne heimar for å «stoppe smitten».
«Vis meg ein skule som eg stengde ned, og vis meg ein fabrikk som eg stengde ned,» mol Fauci arrogant som respons på spørsmåla. «Aldri. Eg gjorde det aldri.»
Fauci la i staden skulda på det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) for nedstengingane, sjølv om det var han som kom med retningslinjene som CDC brukte for å innføre nemnde nedstengingar.
«Eg kom med ei folkehelsetilråding som var den same som CDC si tilråding, og folk tok ei avgjerd basert på den,» er korleis Fauci prøvde å omskape det som faktisk skjedde, og la til at han «tilfeldigvis kom til å bli oppfatta som personifiseringa av tilrådingane».
(Relatert: Hugsar de då Fauci prøvde å hevde at CDC burde vere heva over lova?)
Covid-tyrannane kan ikkje få lov til sleppe unna rettferda dei fortener for sine brotsverk mot menneskeheita
Kanskje Fauci eigentleg berre er gammal og lid av demens i desse dagar. Dette kunne forklare kvifor han har store vanskar med å hugse alt det han sa og gjorde dei siste tre åra, og kvifor han no prøver å leggje skulda over på andre.
Dette er naturlegvis høgst usannsynleg, men det er elles uforklarleg at denne vesle folkehelse-alven forventar at amerikanarar berre skal gløyme alt tyranniet han påførde landet i nesten tre lange år.
Som de sikkert hugsar skrytte Fauci offentleg i oktober 2020 at han personleg er grunnen til at president Donald Trump «stengde landet ned», og la til at «dette var lenge før» det i det heile teke var store hopar av «utbrot» i New York by.
Randi Weingarten, leiar for fagforeininga American Federation of Teachers (AFT), er ein annan covid-tyrann som dukka opp igjen og igjen gjennom plandemien for å argumentere i favør av å tvinge barn til å gå med munnbind fleire timar kvar dag. Akkurat som Fauci prøver Weingarten no å låst som om ho aldri gjorde nokon av desse tinga.
«Vi brukte kvar dag frå februar [2020] til å prøve å få skulane opne igjen,» prøvde Weingarten nyleg å påstå framfor Kongressen, og laug til våre representantar akkurat som Fauci laug til New York Times.
Det viser seg at Weingarten stod i vegen for gjenopning av skulane, og insisterte at dei skulle forbli stengde, og at barn skulle halde fram med å gå med munnbind, so lenge som mogleg. Kven er ein verre løgnar: Weingarten eller Fauci?
So har vi den kanadiske statsministeren Justin Trudeau, som òg laug sist veke til folket om at han aldri tvinga nokon til å bli «vaksinerte» mot Fauci-influensaen [covid-19]. På eit eller anna vis har Trudeau beleileg gløymt heile lastebilkonvoien som protesterte mot covid-sprøytepåboda hans.
«Dette er den spesifikke grunnen til at folkets tillit til styresmaktene har falle utfor eit høgt stup under pandemien,» seier Michael Chamberlain, direktør i Protect the Public’s Trust, ei gruppe som krev meir transparens og upartiskheit i regjeringa.
Chamberlain la til i ei melding til uavhengige media at Fauci, Weingarten, Trudeau og resten av denne flokken no tek del i gaslighting ved å «prøve å overtyde det amerikanske folket om at dei sa og gjorde nøyaktig det motsette av det dei faktisk sa og gjorde».