Grupper som dreiv aggressiv lobbyverksemd for covid-sprøytepåbod vart finansiert av… du gjetta riktig… PFIZER!

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein stor grunn til kvifor mykje av landet systematisk og i gåsegang bestemte seg for å påby Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinasjon» for millionar av amerikanarar, er at Pfizer bestakk ymse organisasjonar for å drive lobbyverksemd for dette tyranniet.

Nyleg oppdrivne finansielle avsløringar viser at Chicago Urban League (CUL), for å ta eit døme, tok imot eit «legat» på 100 000 dollar frå Pfizer under nemninga «kampanje for vaksinetryggleik og -effektivitet».

CUL-president Karen Freeman-Wilson sa på berykta vis tilbake i august 2021 at fordelane av å bli tvangsvaksinert med Pfizer sine mRNA-sprøyter «veg langt tyngre» enn nokon potensielle motførestillingar om å ta det eksperimentelle legemiddelet mot sin vilje.

Same månaden kom ei anna gruppe ved namn National Consumers League (NCL) ut med liknande støtte for regjeringa sine Kina-virus-injeksjonspåbod.

«Dei siste vekene har det blitt tydeleg at påbod for tilsette er effektive i å få motviljuge menneske til å ta Covid-19-vaksinen», sa NCL i ei melding, men lét vere å nemne at dei tok i mot ein sjekk på 75 000 dollar frå Pfizer i tredje kvartal av 2021 for «vaksinepolitikk-innsats».

(Relatert: Sjekk ut vår tidlegare reportasje om korleis Pfizer skriv alle manuskripta som er brukt av konsern-kontrollerte medieformidlarar for å styre verda mot sine «vaksinar» og farmasøytiske produkt.)

American Academy of Pediatrics fekk til saman ein kvart million dollar frå Pfizer før dei kravde at alt helsepersonell skulle vaksinerast mot covid

Kanskje endå meir støytande er ståstaden som American Academy of Pediatrics (AAP) [«amerikansk akademi for barnelegar»] tok same året, då dei valde å gjere Fauci Flu-sprøyter [Covid-19-«vaksinar»] obligatoriske for alt helsepersonell i heile landet.

Det viser seg at AAP tok imot ei kontantutbetaling på 250 000 dollar frå Pfizer i 2021, som kom like før organisasjonen sitt press om universelle covid-sprøytepåbod, som dei hevda ville bremse smitta og Fauci Flu-«tilfelle».

På eitt punkt skreiv ein kohort av tre- og firebokstavsorganisasjonar under på eit felles brev som vart presentert til Biden-regimet, der dei bad om at det måtte innførast covid-sprøytepåbod hjå private arbeidsgjevarar med 100 eller fleire tilsette.

Organisasjonane som skreiv under på dette brevet inkluderer American Pharmacists Association, American College of Preventive Medicine, Academy of Managed Care Pharmacy, American Society for Clinical Pathology, og American College of Emergency Physicians, der alle på liknande vis tok imot «legat» frå Pfizer i byte mot at dei fremja eit universelt covid-sprøytepåbod.

Ei anna gruppe ved namn American Academy of Family Physicians (AAFP) slutta seg til dei andre ved å krevje covid-sprøytepåbod for alle helsearbeidarar. Nokre månader etter at dei gjekk offentleg med dette presset, fekk AAFP ein sjekk på 249 000 dollar frå Pfizer, som var øyremerkt ein «samarbeidskampanje for merksemd og utdanning for forbrukarane knytt til vaksinen».

So har vi American Osteopathic Association, som fekk 150 000 dollar frå Pfizer for «legar i primæromsorga som addresserte covid-19-vaksinenøling» i slutten av 2021. Naturlegvis kravde denne gruppa òg at alle helsearbeidarar vart tvangsinjiserte mot Wuhan-influensaen [Covid-19].

Same året fekk National Hispanic Medical Association (NHMA) berre 30 000 dollar frå Biotechnology Innovation Organization, som ifølgje ei IRS-begjæring [IRS er den amerikanske skatteetaten; oms.an.] driv lobbyverksemd for farmasøytiske selskap slik som Pfizer. I byte mot desse pengane, skreiv NHMA under på ei fellesmelding der ein kravde at alle helsearbeidarar skulle tvingast til å bli covid-vaksinert.

Den fyrste journalisten som rapporterte om dei finansielle banda mellom alle desse gruppene og Pfizer, var Lee Fang, som vart fortalt av dr. Aaron Khieraty, direktør for Bioethics and American Democracy Program ved Ethics and Public Policy Center at «farmasøytiske selskap bruker svært store delar av budsjettet sitt på marknadsføring, inkludert på ymse helseomsorgs-organisasjonar og tredjepartar, og dei gjer det fordi dei får avkastning på den investeringa.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s