Det som på engelsk blir kalla gender ideology og transgenderism er i våre dagar ei kjelde til historisk usett kontrovers. Folk vegrar seg plutseleg for å til dømes definere kva ei kvinne er, slik som dommar Ketanji Brown Jackson gjorde under ei høyring i den amerikanske høgsteretten. Er det ein ideologi, eit verdssyn eller ei rørsle? Kva er den faktiske agendaen til denne «regnbogemafiaen», denne «alfabetgjengen», desse «Pride-forkjemparane»? Og, mest av relevans til denne meiningsartikkelen, kva ligg eigentleg i omgrepet «kjønnsideologi»?
Det skjer i våre dagar ei ekstrem form for nytale – at ord misser si tradisjonelle tyding og går over til å tyde noko heilt anna, som regel det motsette. «Ytringsfridom» opptrer i samband med tung sensur. «Toleranse» opptrer med eklatant intoleranse. «Openheit» opptrer saman med eit intenst ønske om å fjerne all openheit, til dømes ved at regjeringa i våre dagar vil trumfe gjennom eit lovforslag som vil kraftig avgrense Offentleglova og folkets rett til innsyn i offentleg saksbehandling. «Pandemi» tydar ikkje lenger ein faktisk pandemi slik den tradisjonelle tydinga var. «Vaksinar» refererer ikkje lenger til noko som gjev reell, varig immunitet, men til noko som i beste fall er eit legemiddel med tvilsam effekt.
Språket vårt er i ferd med å bli maltraktert, for ved å lage nye definisjonar på ord i det skjulte, kan eliten endre oppfatninga vår av røyndommen. Dette er berre eitt av fleire verktøy dei har i sitt veldige arsenal av CIA-utvikla teknikkar for å kue og kontrollere folket.
Eg har sjølv ei mastergrad i kultur- og samfunnsvitskap, og eg disputerte frå Universitetet i Bergen for mange år sidan. Grunnen til at eg ikkje jobbar i akademia, var at rettleiaren min og den eksterne sensoren var ueinig i konklusjonen eg hadde i mastergradsoppgåva mi, at det skjer ei grammatikalisering av visse ord i det norske språket. Dei var òg ueinige i at nynorsk og bokmål er to ulike språk, og ikkje to variantar av same språket. Dette til trass for at der finst overveldande historisk dokumentasjon på at bokmål stammar frå dansk, og nynorsk stammar frå dei norske dialektane som var minst påverka av dansk. Under mitt forsvar av oppgåva ein solbada dag i mai, sa den eksterne sensoren – som kom eins ærend med fly frå Universitetet i Oslo for å vurdere oppgåva mi – at for å gå vidare på til dømes doktorgrad eller jobbe ved universitet og andre stader for høgare utdanning, måtte eg minst få karakteren B på oppgåva. Dei gav meg C. Med andre ord vart det politisk bestemt at eg ikkje skulle få ein karriere innan akademia.
På same tid fekk fleire mastergradsstudentar betalt frå UiB for å føreta ein sokalla diakron studie av Radøy-dialekten. Der samanlikna dei dialektprøvar gjort av universitetet tilbake på 1960- og 70-talet, med prøvar som dei sjølve gjorde. Resultatet vart naturlegvis at Radøy-dialekten, i likskap med alle dialektar på Vestlandet, hadde endra seg i retning av det dominerande bymålet, i dette konkrete tilfellet Bergensdialekten. Desse studentane vart seinare «premierte» med A på oppgåvene sine, og godt betalte stillingar innan undervisning og/eller akademia. Kvifor universitetet valde å betale nokre studentar for å utføre ein studie der dei allereie var godt kjende med konklusjonen, er i dag uvisst. Mi oppgåve var på den tida den fyrste som hadde utført ein empirisk studie på grammatikalisering av visse ord, og har seinare blitt brukt som referanse i vitskaplege artiklar.
At språket endrar seg over tid, er eit observerbart faktum. Diverre ser det i våre dagar ut som eliten prøver å endre språket med vilje. Lat oss bryte opp ordet «kjønnsideologi». «Kjønn» kan på engelsk omsetjast til både sex og gender. Sex er det biologiske kjønnet, medan gender er det grammatiske og/eller sosiokulturelle. Her baserer vi oss på den tradisjonelle oppfatninga at enkelte veremåtar og aktivitetar er meir «mannlege» eller «kvinnelege» enn andre. Det er til dømes mannleg å mekke på bilen, sage ved, gå på jakt eller beise verandaen. Det er til dømes kvinneleg å sy, vaske kle, passe barn eller bake sjokoladekjeks. Begge kjønna kan fint gjere aktivitetar som sosiokulturelt blir oppfatta som det motsette av deira sex, deira biologiske kjønn. Ei dame kan fint mekke på bilen, akkurat som ein mann kan passe barn. Dei mest tradisjonelle av oss vil kalle dette ei omvelting av kjønnsrollene, og dei mest ekstreme vil kalle det brot på det naturlege ordenen.
Biologisk kjønn er bestemt genetisk. Menn har eit Y-kromosom, medan kvinner manglar det. Dette er eit udiskutabelt faktum. Sekundære kjønnskarakteristika er at menn typisk er høgare og sterkare enn kvinner, har meir kroppshår (til dømes skjegg) og djupare stemmer. Menn har penis og skrotum medan kvinner har vagina og eggstokkar. I tillegg har kvinner puppar medan dei fleste menn ikkje har det. Slike sekundære kjønnskarakteristika finn ein overalt hjå pattedyr, sjølv om ein hjå menneske umiddelbart ser skilnaden mellom ein mann og ei kvinne. Dette er sjølve naturlovene.
Det er her kjønnsideologien kjem og hiv ein skiftenøkkel inn i det urgamle, intrikate maskineriet. Dei påstår aggressivt at kjønn har med kjensler og eiga kroppsoppfatning å gjere, og dei driv skitne mafiataktikkar mot alle som seier dei imot. So langt har denne framferda deira gått at Det kvite hus no heiser Pride-flagget – og flagget heng til og med i midten mellom to amerikanske flagg, direkte over sjølve talarstolen til den amerikanske presidenten. Her i Noreg gjekk det i heile juni føre seg ei endelaus hylling av Pride, der butikkar og verksemder essensielt hadde valet mellom å heise regnbogeflagget eller bli boikotta. Dette har lite med mangfald og toleranse å gjere, for dersom det hadde vore snakk om genuint mangfald og toleranse, hadde òg opposisjon mot Pride blitt tolerert.
Kjønnsideologien sitt perverterte, innavla hjartebarn er det som på engelsk blir kalla transgenderism, og det som eg på norsk har valt å kalle transkjønnsideologi. Det er vranglæra om at alle som føler for det kan hevde å vere det motsette av sitt biologiske kjønn, og til og med føreta farlege operasjonar som gjer dei til pasientar resten av livet. Dei har til og med alliert seg med lovverket og rettsvesenet, som dei bruker som våpen mot alle som påpeiker kor forrykte vrangførestillingane deira er. Dette er ein ideologi utan ankerfeste til røyndommen, akkurat som ein religion eller ein kult. Dei er farlege og sjuke og treng behandling – og då snakkar eg ikkje om kirurgi. Dei må realitetsorienterast akkurat som vi gjer med alvorleg psykisk sjuke og demenspasientar. Dei må beskyttast, både frå seg sjølve og frå eliten som tener på at dei endar opp som hjernevaska skrullingar.
Dei kan ikkje endre språket over natta slik dei har gjort til no. Ein mann som skjer av seg penis og ballar blir like lite ei kvinne som ei kvinne som kappar av seg brysta og røskar ut eggstokkane blir ein mann. Genane seier det motsette. Dei kunne like gjerne plutseleg byrje å hevde at det er unaturleg for menneske å ha armar og bein, slik som den alvorlege psykiske forstyrringa der folk opplever naturlege kroppsdelar som uønskte, og difor får dei amputerte.
For å runde av denne meiningsartikkelen: Kva er eigentleg kjønnsideologi? Tradisjonelt var det ideologien om at der finst to kjønn, og to klart definerte kjønnsroller som saman har gjort den menneskelege sivilisasjonen fullstendig overlegen alle andre dyreartar på Jorda. I våre dagar er det det stikk motsette – den fullstendige øydelegginga av sivilisasjonen.
