Dersom alt går til helvete, har DU ein plan? (Del 3)

Sjå òg Del 1 (publisert 24.desember 2022) og Del 2 (publisert 24.mars 2023).

Dommedag er visstnok like rundt hjørnet – den står so å seie og ventar på grønt lys ved fotgjengarovergangen. I våre dagar driv media og makta med storstilt manipulering av folk, der dei utviklar sin interne nytale for å overdrive eller dikte opp hendingar. Til dømes blir vanleg grisevêr kalla «ekstremvêr», mRNA-injeksjonane som har ført til uhelse og død for tallause menneske over heile verda blir kalla «trygge og effektive», og det er heilt innanfor å hevde at krigen i Ukraina kan vinnast med fleire våpen. Dei som er ueinige i desse påstandane, blir anten utestengt frå offentleg debatt eller utsett for tarvelege triks og skjendige sanksjonar. I verste fall kan politi og helseteam kome på døra og pågripe deg, slik ein såg i Haaland-saka.

Målet med denne åtferda frå makta er å skremme folk frå sans og samling, fordi redde, underkua undersåttar er dei perfekte kandidatane til å underleggje seg totalitære elitar som helst såg at alle «unyttige etarar» vart utrydda so raskt som mogleg – helst i går. Folk flest vêrar at det no for tida kostar meir enn det smaker å stå i opposisjon til den rådande meininga. Sjeldan har ein sett større og verre einsretting. Nytalen kallar dette «ytringsfridom» og «mangfald», men desse konsepta gjeld naturlegvis berre dersom du er einig i all svadaen makta lirer av seg. Ein kan gjerne farge håret blått eller rosa og skifte kjønn over natta, men dersom ein seier at «Hans» skuldast naturlege vêrfenomen og ikkje for mykje bilkøyring eller kjøteting, kan ein plutseleg bli oppsagt og utstøytt frå flokken. Kor er respekten for ytringsfridom og mangfald i slike tilfelle?

Jan Terje Voilaas har klinka til med nok ein briljant artikkel på Derimot. Han antydar der at dagens autoritære (og etter mitt syn totalitære) samfunn er under kollaps, dette fordi ingen lenger ser ut til å stole på kvarandre. I samband med Haaland-saka vart Haaland tvangsinnlagt tilsynelatande på grunn av ei anonym bekymringsmelding. Det ser ut til å vere eit fellestrekk i mange slike og liknande saker at dei som klagar slepp å gjere seg til kjenne, slik at offeret verken kan nytte seg av kontradiksjonsretten eller stille vedkomande til ansvar:

«Haaland ble altså anonymt ‘anmeldt’, vi vet ikke av hvem, men dette er et velkjent fenomen i alle autoritære samfunn under kollaps. All tillit forsvinner. Man kan ikke stole på noen, selv ikke sine aller nærmeste. Alle vil anmelde alle, i håp om en belønning eller bare gunst, for selv å overleve, noe de aldri gjør.»

Dette meiner eg peiker på det faktum at dagens samfunn er styrt av eit ansiktslaust, umenneskeleg byråkrati der ingen treng å nokosinne stå til ansvar for noko som helst – sjølv ikkje i dei tilfelle der dei øydelegg liva til folk (eller kanskje heller spesielt i slike tilfelle). Difor er det viktig å bryte ut av dette samfunnet og danne parallellsamfunn:

«Det er derfor avgjørende viktig å etablere egne ‘samfunn i samfunnet’ så tidlig som mulig så tillit kan etableres og sementeres over lang tid, basert på kollektiv avhengighet og selvforsyning.»

Voilaas vil spesielt at vi skal bryte ut av dagens helsevesen, som diverre etter mine eigne erfaringar har blitt om til eit uhelsevesen. Lydige tilsette følgjer ordre utan å mukke, og mottek lønna si kvar månad som takk for sin blinde lojalitet; og avvikarar frå norma blir konspirert mot, tysta på og til slutt fjerna etter ein lang, utmattande prosess. Det er ikkje i Big Pharma sine interesser at folk held seg friske og førlege – helst skal alle bli avhengige av dyre, patentbeskytta medisinar som fyller lommene på griske, grådige eigarar, direktørar og aksjonærar. Konsekvensane av den utan tvil økonomisk insentiverte massevaksineringa med mRNA-injeksjonar ser ut til å bli langt dystrare enn sjølv den mest dystopisk anlagte «konspirasjonsteoretikar» kunne førestille seg. Sjølv særs kreative forfattarar av skjønnlitteratur kunne ikkje i sine villaste fantasiar tenkje seg dette utfallet. Men diverre ser dette ut til å vere realiteten:

«Dr. Peter Breggin mener det er skremmende paralleller mellom fysisk lobotomering og mRNA-vaksinene, for nyere forsking har påvist personlighets-endringer i mRNA-vaksinerte. De mister evnen til egen vilje, som også skjedde etter fysisk lobotomering. Det som skjer, er at elementer funnet i vaksinene bryter blod/hjerne barrieren og forstyrrer og ødelegger signaler og kommunikasjon mellom ulike deler av hjernen.»

Dette er kanskje ikkje berre knytt til «vaksinane»:

«mRNA-teknologien dukker nå også opp i stadig flere produkter, som f.eks. i mat, i nye vaksiner (6 nye er på vei), i insulin og sannsynligvis også i luften, spredd fra fly i hva vi kjenner som chemtrails.

Dette blir bekreftet av Dr. Ana Mihalcea og flere andre som nå finner det samme i blodet på stadig flere ikke-vaksinerte som de finner i blodet til mRNA-vaksinerte.»

(Sjå òg «Studie antydar at covid-19-vaksinerte kan overføre partiklar til uvaksinerte gjennom dropesmitte», publisert 7.august 2023.)

Om dette stemmer, er vi i utgangspunktet fortapte. Eliten vil forgifte oss med mRNA-teknologi, dei nærast teppebombar oss med dei. Men Voilaas tilbyr eit lys i enden av tunnelen:

«Er det allerede for sent? Finnes det ikke et eneste sted vi kan gjemme oss? Er det virkelig ingenting vi lenger kan gjøre? Nei, det er IKKE for sent og vi kan gjemme oss nøyaktig hvor vi er, om det ikke er på en offentlig institusjon som f.eks. et sykehus.»

Kunnskap og erfaring må til om vi skal leve utanfor det etablerte systemet. Vi må bli våre eigne legar og sjukepleiarar «som er mye enklere og tryggere enn vi er hjernevasket til å tro». Vi treng berre å vete kva som er årsaka til sjukdom, og soleis fjerne årsaka:

«Kilder til sykdom er fungus, bakterier, parasitter, mikrober, gift, tungmetaller produkter fra legemiddelindustrien er fulle av, miljøgifter og kjemikalier som Glyfosater og mye annet som ikke skal være der og som vi får i oss gjennom utallige kilder.»

Voilaas trekkjer fram det som framstår som eit mirakelmiddel mot alle slags sjukdommar: Miracle Mineral Solution, forkorta MMS: klorindioksid (engelsk chlorine dioxide), òg kjent som ClO2 (Cl står for «klorin», O2 står for «dioksid»). Det vart oppdaga so tidleg som i 1814 – før penicillin vart oppdaga (1928) – og har desinfiserande eigenskapar. Natural News er ein av nettstadene som snakkar opp ClO2 som behandlingsmiddel, mellom anna som behandling overfor sokalla superbugs, antibiotikaresistente mikrobar, slik som MRSA. ClO2 verkar, slik Voilaas framstiller det, som ein mirakelmedisin:

«Tingen er nemling den at gjort riktig, rett styrke, dosering, protokoll, etc. så tar ikke bare ClO2 knekken på alt fra bakterier, fungus, parasitter og mikrober, ClO2 oksyderer også bort alt av metaller, miljøgifter og annet vi har fått i oss. ClO2 kan følgelig kurere kreft, allergier, astma, diabetes, forebygge demens, ADHD og Parkinson og dertil ha en svært positiv effekt selv på skader som vanskelig kan repareres, som f.eks. autisme.»

Det ein treng for å framstille ClO2 er: «vann, Sodium Chlorite flak [på norsk natriumkloritt, NAClO2] og Hydrochlori[c] Acid [på norsk saltsyre, HCl; E-nummer E507)». Dette vil òg visstnok redusere skadane som «vaksinane» påfører kroppen:

«Selv om vi en dag blir mRNA-vaksinert med tvang, som jeg holder som høyst sannsynlig, så kan Mr. Global’s ‘operativsystem’ enkelt oksyderes bort før det får gjort noen som helst skade. Og vi kan være ‘hidden in plain sight’.»

Voilaas stiller spørsmålet om vi kan klare oss utanfor det norske helsevesenet. Ikkje berre kan vi, vi :

«Når slike system kontrolleres av psykopater som bruker dem mot oss, så må vi ut og skape nye som vi kontrollerer. Det eneste vi trenger er hjerner som fungerer og kunnskapen disse trenger. Dette vet Mr.Global, de vet hvor sårbare de er, for hvis vi oppdager hva de holder på med og hvor lett det er å bekjempe dem, så taper de.

Det er ikke uten grunn at Mr.Global nå forsøker å kontrollere all tilgjengelig kunnskap og også vår mentale evne til å lære.»

Desentralisering av Internett og beskytting av viktig informasjon og kunnskap står difor sentralt i denne kampen for fridom og uavhengigheit frå slavesystemet. Igjen kjem gull og sølv fram som eit alternativ til fiatpengar og – Gud forby – digitalpengar (CBDC). Ein haug med gull eller sølv kan ikkje tilinkjegjerast frå den eine augneblinken til den neste fordi eigaren har «feil» meiningar om klima, covid, Ukraina, innvandring og andre heite poteter. Ei heller kan slike edelmetall bli offer for inflasjon, renteauke eller anna tukling og triksing med økonomien. Fysiske valuta med ibuande verdi kan verken diktast opp eller slettast, akkurat som ein ikkje kan dikte opp eller slette frie, levande menneske (ein juridisk person kan skapast og fjernast, men ikkje sjølve det levande mennesket).

Det er no viktigare enn nokosinne å spare pengar og bruke desse på livsnaudsynte ting slik som eigedom, transportmiddel og verktøy. Lev so uavhengig som du berre kan. Dyrk din eigen mat. Allier deg med slekt, naboar og venner. Lev utanfor nettet og den klamme kontrollen til den menneskefiendtlege Staten. Unngå helsevesenet med mindre det vil føre til den sikre død å ikkje gjere det. Eller, for å seie det på den måten, ta forholdsreglar som gjer at du ikkje endar opp i ein situasjon der du blir pleietrengjande og må leve på nåden til hjernevaska helsepersonell som helst såg at du døydde utan å bry dei so altfor mykje. Dersom du er so uheldig å bli avhengig av Staten, syt føre at dette avhengigheitsforholdet blir so kortvarig som mogleg – og hald framfor alt skjult meiningane dine om det rådande systemet! Operer i det skjulte, der nettverket ditt sakte spreier vital informasjon slik som til dømes den om ClO2. Eksponering i våre dagar kan (og vil) få alvorlege konsekvensar. Alle som blir trengde opp i eit hjørne vil kjempe til det siste, og dette er i ferd med å skje med eliten no.

I våre dagar er det éin enkel leveregel som alle bør forholde seg til: Gjer det motsette av det makt og media tilrår!

Kommenter innlegget