Kulturkamp.no: Nettstaden som gjev nasjonalkonservatisme eit ansikt

Saksyndig vart i helga tipsa om ein nettstad ved namn kulturkamp.no. Den som står bak nettstaden er ein austlending ved namn Joachim Smørdal Haug, som er utdanna elektronikkingeniør og har erfaring frå IT-bransjen. Nettstaden skriv følgjande om seg sjølv:

«Kulturkamp er et nettsted som dekker politiske, filosofiske, kulturelle og spirituelle temaer. Disse emnene danner grunnlaget for det vi kaller for metapolitikk. Kulturkamp er derfor et metapolitisk nettsted. Metapolitikk handler om å spre ideer, holdninger og verdier i samfunnet som på lang sikt vil føre til en dypere politisk forandring. For å få til en slik forandring er det viktig å opplyse folk og få dem til å se det større bildet, på den måten kan man skape en dypere forankring i folket.»

Kulturkamp reknar seg sjølv som ein nasjonalkonservativ nettstad, og ønskjer å «presentere alternative ideer for å skape en motvekt til den rådende tidsånden. Kulturkamp kan anses for å være et nasjonalkonservativt nettsted, samtidig som jeg er frittenkende og åpen for nye ideer.» Redaktøren ønskjer med eigne ord «å gjenoppta den norske kulturkampen og tilpasse den til vår tid.»

Og kva er so kulturkamp? Nettstaden definerer konseptet på følgjande vis:

«Kulturkamp er en kamp om kulturelle, sosiale, politiske og etiske verdier i et samfunn. De konkrete sakene og konfliktene kan variere, men typisk er store uenigheter og polariserte debatter mellom samfunnsgrupper med motstridende meninger. Ofte er det følelsesladde ytringer og diskusjoner om ulikt grunnsyn på gamle og nye levemåter og ideer.»

Eit døme på ein kulturkamp er det som gjekk føre seg i Noreg på 1930-talet, då ein såg stor arbeidsløyse og framveksten av fascisme i Europa:

«I de kriserammede 1930-årene handlet kulturkampen mellom kulturradikale og kulturkonservative i Norge om bevaring eller fornyelse av tradisjonelle normer og verdier i samfunnet. Intellektuelle og kulturaktører diskuterte særlig psykoanalyse, seksualitet, kjønnsroller, litteratur, vitenskap, kristendom, politikk og barneoppdragelse.»

Medan kulturradikale ville ha seksuell frigjering, fri barneoppdraging og religiøs frigjering, ville dei kulturkonservative at ekteskapet skulle vere heilag, at utanomekteskapleg sex var syndig, og dei ville ha streng barneoppdraging. Eit påfallande trekk er at dei kulturradikale støtta Freud sine idear, medan dei kulturkonservative var særs skeptiske og kritiske til hans teori om psykoanalyse. Frå og med 1870-talet var kulturradikalisme dominerande i norsk kultur, ein snakkar her om tre fasar:

«Første fase fant sted i 1870-årene inspirert av den danske litteraturkritikeren Georg Brandes.»

«Andre fase av kulturradikalismen lokaliseres vanligvis til Sigurd Hoel og Arnulf Øverlands egansjement på 1930-tallet, interessen for psykoanalyse, mellomkrigstidas marxisme og miljøet rundt tidsskriftet Mot Dag.»

Av interesse nemner eg her at Mot Dag AS i dag er eigar av nettavisa Steigan.

Tredje fase involverer de isokalla 68-arane: «Verdiene som vanligvis tilskrives den radikale kulturelle bevegelsen er oppgjør med nedarvede sosiale normer, kritikk av den borgerlige seksualmoral, anti-militarisme og åpenhet for andre kulturelle impulser enn de tradisjonelle, klassiske og vestlige […]. Noen kulturradikale var kommunister, mens andre, som f.eks. Gudmund Hernes, tilhører det politiske sentrum.»

For å ta ein liten avstikkar: Knut Lindtner, redaktør for nettavisa Derimot, var i mange år medlem av NKP, Noregs Kommunistiske Parti. På grunn av usemje med styret i NKP, vart han etter 35 års medlemskap ekskludert i 2003. Som han sjølv skriv: «Etter en farsepreget prosess ble jeg ekskludert etter 35 års medlemskap i 2003. Jeg må si jeg opplevde dette som en frigjøring fra en tvangspreget virkelighetsoppfatning.»

Redaktør Joachim Smørdal Haug i Kulturkamp skriv òg at det kan verke som om ein er på veg inn i den fjerde fasen av kulturradikalismen, «da dagens kulturradikale er enda mer ekstreme enn forløperne deres. Siden 1950-tallet har de kulturradikale kuppet landets maktinstitusjoner. I dagens klima er det vanskelig for kulturkonservative å slå gjennom med sin politikk grunnet sensur, demonisering og politisk korrekthet.»

Fordi kulturradikale dominerer i media, akademia og politikk har dei dermed fått overtaket på den offentlege debatten.

Kulturkamp bestod i byrjinga av ein redaksjon med fleire medlemmer, men i slutten av mars 2023 vart denne oppløyst, og Smørdal Haug sat dermed igjen som einaste medlem i dette prosjektet. I tillegg til å skrive blogginnlegg, legg han òg ut videoar og driv ein podcast.

Han meiner i likskap med Saksyndig-redaktøren at ein ser ei overseksualisering av samfunnet, til dømes at dei store nettavisene byrjar meir og meir å likne på mjukpornoblad. Det er eit usunt fokus på sexliv, orgasme, onani og andre høgst private og intime tema. Dette er ifølgje han tilsikta: «At sex skal få så mye spalteplass er en ønsket utvikling av de kulturelle elitene for å lede leserne inn i lyst og begjær.» Denne seksuelle frigjeringa kan vere ei form for politisk kontroll «ved å gjøre deg til en slave til dine seksuelle lyster». Ein kan her snakke om ei reell, systemisk sexavhengigheit, som har «blitt et enormt samfunnsproblem i det sekulære Vesten etter den seksuelle revolusjonen startet[…]».

I likskap med meg har han òg oppdaga at gjennomsnittsintelligensen i Noreg fell.

(Sjå òg «Er den vestlege verda i fritt fall når det gjeld moral og intelligens?», publisert 25.desember 2021.)

Som årsak til denne nedgangen i intelligens kjem Smørdal Haug med to forklaringar: «en gradvis fordumming av befolkningen drevet av at de med gode evner får færre barn enn de med lave». Den andre årsaka er innvandring, nærare bestemt ukritisk masseinnvandring frå land med lågare snittintelligens enn vestlege land: Ein studie gjort av forskarar ved OsloMet har avdekt at det er store karakterskilnader mellom elevar med ulik innvandrarbakgrunn. Som døme på ulik intelligens i land trekkjer han fram ein graf der fire land er representert: Noreg, med snitt-IQ på over 95, Pakistan med snitt-IQ på 80, Syria med snitt-IQ på like under 75, og Somalia, med ein snitt-IQ på skremmande 67. I Noreg blir IQ under 70 rekna som psykisk utviklingshemming. Det er i dag særs politisk ukorrekt å hevde at nedgangen i snitt-IQ i Noreg skuldast masseinnvandring frå land med lågare snitt-IQ.

Ei anna nettavis som er konservativ, er Document, som truleg er den største uavhengige nettavisa i Noreg. Saman med HRS (og tidlegare Resett), sette dei fokus nettopp på dei negative konsekvensane av masseinnvandring frå sokalla MENA-land (Nord-Afrika og Midtausten), hovudsakleg av muslimar som ikkje ønskte å late seg integrere, og som heller danna parallellsamfunn med samfunnsskadeleg klankultur, der valdtekter og fornedringsran ser ut til å vere kvardagskost. Smørdal Haug meiner derimot at desse nyheitsformidlarane kan vere «falsk opposisjon», òg kalla kontrollert opposisjon. Som evidens for denne påstanden byrjar han med følgjande:

«De unngår å inkludere hele sannhetsbildet. De har et overdrevent fokus på å svartmale Islam alene som syndebukken for problemene med multikulturalismen. De velger å fokusere på symptomet, og ikke årsaken.»

Og kva er årsaken til dette? For det er jo ikkje muslimane som har funne opp til dømes Pride/transrørsla, covid-19, klimakrisa, Ukraina-krigen og andre tema som utgjer den moderne tids svøpe. Smørdal Haug meiner elefanten i rommet er den jødiske sionismen. Og dei som til dømes påpeiker dette i kommentarfelta til Document, HRS og (tidlegare) Resett, blir stengt ute. Dette skjedde med Alliansen-politikaren Hans Jørgen Lysglimt Johansen:

«Hvis Resett var et ekte opposisjonsmedia hadde de aldri stengt Lysglimt ute.»

Annan evidens for kontrollert opposisjon meiner han er:

«Document, Resett og HRS gir sin støtte til Zionistene [sic]. Enda et bevis på at dem er falsk opposisjon. Ikke bare unnlater de å inkludere hele sannheten, men de viser også sin støtte til den jødiske Zionismen. Zionismen er der fokuset bør være, og ikke Islam. Det er viktig at folk forstår at Islam har ikke kommet hit av seg selv, det er USA og Israel sin krigføring i midtøsten som har sendt muslimer på flykt til Europa. Og de jødiske Zionistene er de som står bak denne krigføringen. De har en enorm innflytelse over media, akademia, finans og politiske instuttisjoner [sic]. Dette er ingen konspirasjonsteori.»

Og vidare:

«De villeder sine lesere til å fokusere på feil problemstilling […]. Å få muslimer og europeere til å skylde på hverandre, og putte fokuset vekk fra det egentlige problemet, er akkurat det Zionistene ønsker å oppnå! Ren splitt og hersk.»

Smørdal Haug snakkar òg om det som openbert er ei befolkningsutskifting: «Man ser jo i reklamer og tv-programmer idag [sic] at mangfold skal prakkes inn overalt. Det oppfordres til integrasjon og raseblanding i vårt nyliberale samfunn.»

Etter mitt syn har Joachim Smørdal Haug gode evner til å analysere dagens samfunn, og er absolutt verdt å følgje med på.

Kommenter innlegget