Romarane hadde det dei kalla brød og sirkus, der massane vart gjevne mat og underhaldning slik at dei ikkje skulle gjere opprør. Herskarklassen såg at denne strategien fungerte, og såg difor på det som si viktigaste oppgåve å distrahere folket slik at dei ikkje såg at dei i hemmelegheit vart lurte trill rundt av eliten. Kunnskap gav makt, og difor var det om å gjere å halde folk mette og underhaldne, slik at dei ikkje skulle bli for kloke og finne ut kva som eigentleg gjekk føre seg. Eliten sin største trugsel var folk som lærte seg å lese og skrive, og som dermed fekk evna til å tileigne seg kunnskap. Skrekk og gru, dei kunne jo lære seg å tenkje sjølv, og då var herskarklassen fortapt!
Eliten si oppskrift har vore so å seie uendra sidan romartida. Brød er brød, dei aller, aller fleste har råd til mat. Sirkus har no blitt TV og Internett, der sistnemnde florerer av gratis underhaldning som er tilgjengeleg døgnet rundt berre ved hjelp av nokre tastetrykk. Underhaldning er ikkje berre tilgjengeleg, det blir dytta opp i tryna på folket for å distrahere dei frå realiteten. Då er det verre med kunnskap, som aktivt må leitast opp frå uavhengige kjelder som ikkje er kjøpt og betalt av herskarklassen. Sjølv om det store fleirtalet i dag kan lese og skrive (sånn nokolunde), er det dei færraste som har denne evna til å finne den riktige kunnskapen. Og med «riktig kunnskap» meiner eg den kunnskapen herskarklassen helst vil halde for seg sjølv.
Det er til dømes eit biologisk faktum at overdriven onani er skadeleg for både kropp og sinn, sjølv om det ikkje ser ut til å finnast vitskaplege studiar som bekreftar eller avkreftar dette (eg vil ikkje eingong vete korleis ein slik studie ville kunne ha blitt gjennomført!). Det har kloke menneske visst i uminnelege tider, og dei har difor åtvara mot dette i so å seie alle kulturar rundt om i verda. Grunnen til at for mykje runking er skadeleg, er at all «tørrjokkinga» kan gjere ein mindre kjenslevar for seksuelle impulsar i sjølve kjønnsorgana. Det kan òg føre til fysisk skade på til dømes penis, slik som sår og rifter i huda på penishovudet. Bruk av glidemiddel kan riktignok førebyggje sårheit, men det løyser berre eitt av dei mange problema tilknytt overdriven onani.
Der finst òg eit sosialt og psykologisk aspekt. Ein som berre sit heime og onanerer vil bruke all den seksuelle energien sin på dette, i staden for å gå ut og leite etter ein kjærast. I staden for å lære seg opp til å bli merksam på partnaren sin, vil dei bli ekspertar på sine eigne behov – den perfekte egoist. All energien dei bruker på onani og orgasmar vil òg føre til at dei ikkje har meir energi igjen til å utvikle evnene sine. Ein tenåring sin seksuelle energi blir i den vestlege verda i stor grad brukt på onani, når han i staden kunne ha lært seg fag, sosialisert med venner, lært seg språk, musikkinstrument, bilmekanikk eller drive med fysisk fostring slik som trening, sykling, symjing og sport. Folk som sit og runkar dagen lang frå tidleg alder av, vil neppe gjere det stort i livet. Det er ein grunn til at britar bruker ordet wanker («onanist») som skjellsord.
Overdriven onani er skadeleg, men onani i seg sjølv er det ikkje. Der går ei grense mellom kva som er sunt og kva som er ein manifestasjon av avhengigheit. Mange er i dag avhengige av onani, og dette har ført til vesentlege skadar på kropp, sjel og livet deira. Det sosiale livet, karriere og det mentale har forvitra. Dei har runka livet sitt vekk. Det som gjer onaniavhengigheit spesielt alvorleg, er at ein ikkje er avhengig av ein substans, slik som alkohol eller narkotika. Ein alkoholikar eller narkoman kan «berre» halde seg unna alkohol eller narkotika (noko som er vanskeleg nok i seg sjølv), men ein onaniavhengig kan ikkje akkurat sleppe unna sitt eige kjønnsorgan. (Med mindre han vel å «skifte kjønn», men det er ein annan debatt.)
Saka blir ikkje betre av at Internett flyt over av gratis porno. I gamle dagar risikerte ein å få datavirus om ein gjekk inn på pornosider, men no opererer dei største sidene, slik som PornHub, under same datavirus- og dataåtaksvernet som «vanlege» nettsider. Å gå inn på PornHub og tilbringe dagen (og natta!) der er like «ufarleg» som å tilbringe heile dagen på nettsidene til Dagbladet, NRK og TV 2. Du kastar vekk dyrebar tid og energi på å henge på alle desse sidene, men du risikerer ikkje å få dataen infisert med farlege virus. Kombinasjonen gratis porno og overdriven onani har skapt ein perfekt storm som øydelegg liva til hankjønn over heile den vestlege verda.
Fleire og fleire gutar og unge menn i den vestlege verda byrjar å innsjå dette no. Dei siste ti-tolv åra har fenomen som «NoFap» (der «fap» er slangord for mannleg onani) eksplodert. Stadig fleire har oppdaga at dei ved å avstå frå onani ein periode har fått store mengder energi til overs, som dei deretter bruker på å utvikle seg sjølv i positiv retning. Jenter og damer har plutseleg fått kjærastar som ikkje berre ser ut til å ha blitt meir «på» når det gjeld so å seie alle felt i livet, dei har fått partnarar som bryr seg meir om dei og har blitt flinkare til å lese dei. Og sexen? Den har gått frå å vere middelmåtig til å bli legendarisk. Å avstå frå overdriven onani har gjort livet og helsa til tallause gutar og unge menn langt betre, og alle ser ut til å vinne på det. I staden for å sitje heime og runke til tvilsam porno, lærer gutar og unge menn seg språk, les bøker, lærer seg å spele på musikkinstrument, trenar, sosialiserer og engasjerer seg i samfunnet. Dei dreg nytte av at den mannlege seksualdrifta, som er den sterkaste krafta i universet, blir kanalisert til langt meir nyttige føremål.
Av den grunn føler herskarklassen seg truga, og med god grunn. Deira våte draum er ein runkande sau som utfører ordre og som aldri lagar bråk. Dopa ned på «brød og sirkus», som i dag tilsvarer «søppelmat, porno og onani». Useless eaters, useless wankers. Slike er lette å undertrykkje og til slutt utrydde når dei har utspelt rolla si. Etter kvart som desse tidlegare onaniavhengige les seg opp på samfunn og politikk, ser dei at noko er hakkande gale.
Dei ser politikarar og regjeringar som ikkje handlar i folket si interesse, men følgjer blindt ordrar frå overnasjonale organisasjonar slik som FN, WHO og World Economic Forum – desse broilerane gjev faen i at heile verda hatar dei og vil sjå dei fengsla eller døde.
Dei ser ein kjønnspolitikk som har gått over alle støvleskaft, der folk kan skifte kjønn etter kva dei finn for godt, og der vedtekne sanningar som at menn ikkje kan bli gravide blir dømt som «hatefulle ytringar».
Dei ser ein klimapolitikk som går mot veletablert vitskap om naturlege variasjonar i klimaet over tid, og ei hovudlaus og uvørden satsing på usikre, ineffektive og forureinande energiformer slik som vindkraft.
Dei ser ein sivilisasjon som held på å kollapse på grunn av det hemmelege arbeidet til ein vondsinna maktkabal som ikkje eingong er sømelege nok til å vise tryna sine i offentlegheita.
Dei ser kva som er gale, og dei blir forbanna. Eliten skjelv i buksene, og med rette – for det var slik den franske revolusjonen byrja, og den enda med at kongen, dronninga og hordar av adelege vart utsett for det som på den tida var lovas strengaste straff: dei vart halshogne framfor jublande folkemassar. Herskarklassen har alltid frykta kloke menneske som tenkjer sjølv, og det går no opp for dei at stadig fleire held på å vakne opp frå den intellektuelle søvnen som porno og onani har forårsaka.
Brød og sirkus er ikkje lenger nok. No krev folket òg sanning, ansvarleggjering og oppgjer. Sistnemde i form av det som no er lovas strengaste straff: livsvarig fengsel.