Skottland har skumle planar om å innføre 20-minutts nabolag over heile landet – det same kan skje her i Noreg

Rhoda Wilson i The Exposé publiserte 16.januar 2023 ein artikkel der ho skriv om nye tiltak som den skotske regjeringa kjem med i eit nyleg dokument. Regjeringa ser ut til å ha erklært krig mot karbon og bilar. Dei har tenkt å innføre 20-minutts nabolag slik at regjeringa kan føye seg etter FN sine berekraftmål. Dette gjenspeglar seg i fleire andre stader sine visjonar om 15-minuttsbyar, slik som til dømes Oxfordshire, bortsett frå at i dette konkrete skotske tilfellet har 15 minutt blitt auka til 20.

Miljøaktivistar har lenge ønskt bilen død og gravlagt, sidan privatbilen i vår «netto null-æra» har blitt erklært samfunnsfiende nummer éin. Her i Noreg går visse politikarar ut av sine gode skinn for å gjere det å eige, køyre og vedlikehalde ein bil so dyrt, upraktisk og vanskeleg som mogleg. I Bergen og fleire andre bykommunar krev dei til dømes oblatar for å køyre med piggdekk, noko som i praksis ekskluderer bilar frå stort sett heile omlandet, der berre piggdekk gjev trygt veggrep på verst tenkjelege vinterføre. Desse må halde seg vekke frå dei største byane i vinterhalvåret, med mindre dei vil betale det som enkelt kan oppfattast som «dagbøter» for å få køyre i bykommunen med beviseleg forsvarlege dekk.

Hatet mot bilar er til stade òg i Skottland. Stefanie O’Gorman, ein medlem av ei av gruppene tilknytt den skotske regjeringa med det lett apokalyptiske namnet Climate Emergency Response Group, kom i april 2022 med eit utspel mot privatbilar, der ho sa at bygginga av hus med dobbeltgarasjar dreiv ho «stein galen». Ho fortalde Edinburgh Science Festival at det å eige to bilar «ignorerer ‘dei sosiale og kulturelle endringane som finn stad når vi tilpassar liva våre til å leve meir berekraftig… vi har ikkje råd til at alle har to bilar’.»

Nokre månader seinare, i november 2022, offentleggjorde den skotske regjeringa ei revidert utgåve av sitt National Planning Framework 4, som på dramatisk vis byrjar slikt (mi omsetjing): «Den globale klima-unntakstilstanden tydar at vi lyt redusere utslepp av drivhusgassar og tilpasse oss dei framtidige påverknadene av klimaendring. […] Vi har allereie teke betydelege steg mot av-karbonisering av energi og bruk av land, men val treng å gjerast om korleis vi kan dra berekraftig nytte av våre naturlege aktiva på ein måte som er til fordel for samfunn.»

Kort fortalt, slik artikkelforfattar Rhoda Wilson tolkar det, ønskjer ikkje den skotske regjeringa å handle til fordel for samfunnet. Visjonane deira høyrer inn under Berekraftmål 7, på engelsk Sustainable Development Goal 7, esoterisk kalla SDG7 for å forvirre det store fleirtalet som ikkje har tid eller krefter til å setje seg inn i denne byråkratsvadaen. Mål 7 har som ambisjon å «sikre tilgang til rimeleg, påliteleg, berekraftig og moderne energi for alle». Føremålet er å redusere utsleppet av drivhusgassar til eit minimum, helst null, for å fjerne og/eller førebyggje alle dei innbilte problema som drivhusgassar skaper. Som Wilson skriv:

«Vi blir fortalt at heile poenget med ‘berekraftig utvikling’ er å mildne problema som visstnok kjem til å bli forårsaka av menneskeheita sine utslepp av drivhusgassar. Dette eventyret har fått folk flest til å kave under illusjonen om at SDG7-energioverføring, og variasjonar rundt den tilknytte ‘nett null’-forpliktinga, vil redusere CO2-utslepp. Den antakelsen er feil. Realiteten er at FN sitt ‘berekraftige’ mål for fornybar energi er rein fantasi, om ikkje reinspikka galskap og er ein bløff for å late dei rike bli rikare på kostnad av dei fattige.»

For å kunne levere FN sine berekraftmål har den skotske regjeringa seks sokalla «prinsipp» i sin National Planning Framework («nasjonalt planleggingsrammeverk»), der eit av dei blir kalla local living («lokalt liv», eller noko i den dur). Det dei skriv er sopass nedsnødd at eg her gjengjev sitatet på originalspråket:

«Local living. We will support local liveability and improve community health and well-being by ensuring people can easily access services, greenspace, learning, work and leisure locally

På papiret ønskjer dei å støtte lokalsamfunnet ved å oppmuntre og oppfordre til noko som kan sjå ut som ei desentralisering av samfunnet. Tenester blir flytta ned på lokalnivå, saman med undervisning, arbeid og fritidsaktivitetar. Tullefrasen «local liveability» kan best skildrast som det å vere i stand til å leve lokalt. Det som Wilson meiner er interessant er kva dei eigentleg meiner med «lokalt». Etter å ha pløya seg gjennom denne høgtsvevande ordonanien, finn ho etterkvart ut at for å oppnå nett-null-utslepp innan 2045, har den skotske regjeringa tenkt å redusere køyrde kilometer med 20% ved å redusere behovet for å reise. Meir berekraftige transportmetodar skal fremjast.

Klart, ønskjer eliten at folk flest skal reise mindre, vil dei fjerne behovet for det, mellom anna ved å fremje «lokalt liv». Folk skal slå seg ned ein stad, og helst vere der resten av livet. For å mogleggjere dette, skal altso so mange tenester som mogleg (helst alle) vere tilgjengelege innan denne «sona» på 20 minutt. Den sokalla Policy 15 frå regjeringa seier følgjande:

«Utviklingsforslag vil bidra til lokalt liv, inkludert, kor det er relevant, 20-minutts nabolag. For å etablere dette, må ein ta til etterretning eksisterande busetjingsmønster, og nivået av og kvaliteten på interkonnektivitet av dei føreslegne utviklinga med det omkringliggjande området, inkludert lokal tilgang til:

  • Berekraftige transportmetodar, inkludert lokal offentleg transport og trygg, høgkvalitets gange, wheeling [relatert til rullestolar?] og sykkelnettverk;
  • Sysselsetjing [arbeid];
  • Shopping;
  • Helse- og sosialomsorgsfasilitetar;
  • Barnehagar, skular og høve for livslang læring [vidare-, etter- og vaksenutdanning?];
  • Leikeplassar og uformelle leikehøve, parkar, grøne gater og område, felleshagar, høve for matdyrking og parsellar, sports- og rekreasjonsfasilitetar;
  • Offentlege toalett;
  • Rimelege og tilgjengelege husval, evne til å eldast i stads- og husingsmangfald [bustader med livsløpstandard; du kan du i same huset frå vogge til grav].»

For å oppfylle FNs pseudovitskaplege berekraftmål, skal altso folk bu heile liva sine i 20-minutts nabolag, 15-minuttsbyar og andre område som i grunnen kan klassifiserast som fangeleirar. Alle skal kome seg stader til fots, på sykkel eller ved hjelp av andre «grøne» transportmetodar. Naturlegvis er folk flest motstandarar av ei slik ordning, noko vi har sett i Oxford. Det har gått opp for dei mest vakne at dette ikkje handlar om miljøet eller berekraft, men om kontroll. Dette kan lesast i eit dokument publisert i oktober 2022 av den britiske regjeringa sin Environment and Climate Committee ved namn «In our hands: behaviour change for climate and environmental goals». Der seier regjeringa rett ut at alle aspekt av livet til folk må bli styrt for å minke påverknaden av klimaendring. I tillegg må den same typen manipulerings- og hjernevask-teknikkar som vart brukt under covid-nedstengingane, òg brukast mot befolkninga for å få dei til å lyde desse «klimalovene» (i mangel av betre ord).

Herskarklassen ser ut til å feie under teppet at CO2 faktisk er ein livgjevande gass, om ikkje sjølve livseliksiren. Utan CO2 ville ikkje liv på Jorda ha vore mogleg. Men igjen, dette handlar ikkje om miljø. Dette handlar ikkje om vitskap. Dette handlar om å få folk flest til å gå med på å tilbringe liva sine i store fangeleirar, medan eliten kan reise verda rundt som dei vil i sine private jetfly.

Snart vil nok FN- og WEF-styrte politikarar her i Noreg òg byrje å pushe denne agendaen. Ver på vakt, folkens, for dette må vi ikkje finne oss i.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s