Av Amy Mek, RAIR Foundation USA. Omsett av saksyndig.
15-minuttsbyar sprett opp overalt, og World Economic Forum er vilt entusiastiske over dei. I fjor vart det annonsert at Paris skulle bli ein 15-minuttsby, og no er den britiske byen Oxford neste. Derimot kjempar forbanna britar tilbake.
Som tidlegare rapportert, har byrådet [i Oxfordshire] annonsert at dei vil dele Oxford inn i 15-minutts nabolag eller små 15-minutts landsbyar marknadsførde som «grønare, reinare og tryggare». For å vidare ta kontroll over folks liv, pushar globalistane den falske ideen om at desse «grøne» byane, som vil gjere tenester tilgjengelege for innbyggjarar innan 15 minutt frå heimane deira, vil «redde planeten» og hjelpe heile menneskeheita.
I staden er dei ingenting anna enn ein måte å avgrense, tvinge, bøteleggje, straffe, overvake og leggje føringar på dei grunnleggjande rettane til fridom og fri rørsle for innbyggjarar. Til dømes får ikkje innbyggjarar lov til å forlate sine 15-minuttsbyar med bil meir enn eit visst tal gonger i året. Elles vil dei bli bøtelagde. I tillegg vil staten spore og kontrollere kvar ei rørsle via smarttelefonar og ansiktsgjenkjenningsteknologi.
Klimanedstenging
«15-minuttsby»-konseptet er kritisk viktig i FNs Agenda 2030 og deira Netto Null grøne agenda. World Economic Forum pushar òg dette nye konseptet. Oxford, som har erklært ein «klima-unntakstilstand», håper at deira 15-minuttsbyar vil hjelpe til med å oppnå Byrådet sin «Netto Null-karbon Oxford»-visjon innan 2040.
Oxford vil bli delt inn i seks soner for å «reddeplaneten» frå «global oppvarming». Elektroniske gjerde blir plasserte på tilkomstvegar for å sikre at innbyggjarar held seg innanfor sine eigne soner.
Innbyggjarar får lov til å forlate sin 15-minuttsby maksimalt 100 gonger per år, men dei må fyrst registrere bilane sine, som blir spora i byen ved hjelp av smartkamera.
Medan den fyrste kvoten av rømningsbillettar kan verke rimeleg for somme, er det garantert at so fort folket aksepterer at staten har rett til å sperre dei inne, vil den leggje til fleire restriksjonar og færre løyver til å forlate sona. Dette vart etablert svært tydeleg og raskt i mange vestlege nasjonar i seinare år under rubrikken covid-restriksjonar.
Protestar
Oxford-innbyggjarar er forbanna over byrådsplanar om å gjere byen om til «15-minutts»-kontrollerte soner. Dei har blitt vifta vekk av byrådet, som har ignorert kor misfornøgde dei er.
Media er stille
Oxford-innbyggjarar har gått ut i gatene for å protestere. «Media er stille, naturlegvis», skriv den britiske journalisten Sophie Corcoran. Ho oppmoda folk om å stå saman med innbyggjarane i Oxford mot denne typen totalitarisme.
Davos globalist-konferanse
«På slutten av denne veka [dette vart skrive 10.januar; oms.an.], vil tusenvis av verdas elite flyge til Davos i sine private jetfly, medan folk rundt om på kloden byrjar å bli sperra inne i 15-minuttssoner i byane sine og treng løyve til å køyre utanfor den,» sa Corcaran.
Corcoran refererer til globalist-konferansen i den sveitsiske skilandsbyen Davos, der 52 statsoverhovud og regjeringsfolk skal møtast. Nesten 600 selskapsdirektørar har òg blitt invitert. Folkesesjonar blir haldne, men det er i hovudsak der globalistane gjer avtalane sine bak scena i hemmelege bakrom.
Medan menneske over heile verda blir tvinga til å velje mellom å ete middag eller varme heimane sine, vil Eliten fly til Davos i sine private fly, bu på fancy hotell, ete svindyr mat og leggje planar om korleis dei kan sperre oss inne i «15-minutts»-fengsel.
Det nederlandske partiet Forum for demokrati (FvD) laga for ei tid sidan ein engelskspråkleg video der dei eksponerer den farlege og fridomsknusande agendaen kokt i hop av globalistane som var til stade på det årlege møtet i Davos sist mai.