Den neste runden med nedstengingar kjem, og dei vil vere på grunn av «klimaendring»

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

For å «redde planeten» frå «global oppvarming» og «klimaendring» har fylket Oxfordshire i Storbritannia tvinga gjennom klimanedstengingar for å hindre innbyggjarar i å farte rundt og «forureine» miljøet med sin eksistens.

Oxfordshire fylkesråd godkjende nyleg planar for å stengje innbyggjarar inne i ei av seks soner i fylket. Innbyggjarar vil behøve spesialløyve for å reise frå ei «sone» til ei anna – og sjølv med slik ei løyve vil dei berre få lov til å reise «maksimalt 100 dagar per år».

Alt er del av den sokalla «15 minuttsby»-agendaen som er pusha av tenestepersonar i Oxfordshire, og desse klimanedstengingane vil involvere bruken av elektroniske portar på hovudvegar inn og ut av byen. Innbyggjarar vil måtte vise fram passande papir for å få portane til å opne seg, elles vil dei forbli tilviste til heimane sine og det næraste nabolaget.

«Under den nye planen vil innbyggjarar som ønskjer å forlate sona si, trenge løyve frå byrådet som i sin tur får bestemme kven som fortener fridom, og kven som ikkje gjer det,» forklarer rapportar.

«Under den nye planen vil innbyggjarar få lov til å forlate sona si maksimalt 100 dagar per år, men for å i det heile teke oppnå dette, må kvar innbyggjar registrere opplysningar om bilen sin hjå byrådet, som deretter vil spore rørslene deira via smartkamera rundt om i byen.»

Er du viljug til å leggje deg på rygg og lyde klimanedstengingar i ditt nærområde?

Det gjenstår å sjå om Oxfordshire sine innbyggjarar vil leggje seg på rygg og lyde den nye planen, eller om dei reiser seg og gjer opprør mot den. Vi håper for deira skuld at dei gjer det siste – og at dei gjer det snart for å stoppe globalistane frå å i det heile teke prøve det same nokon andre stader.

Dersom Wuhan koronavirus (Covid-19)-nedstengingane lærte oss noko, so er det at globalistane vil ikkje late noko stoppe seg i å slavebinde heile verda dersom dei veit at dei kan sleppe unna med det. Å late sokalla «klimanedstengingar» bli ein ting vil resultere i permanent slavebinding av planeten under æveleg globalistisk kontroll.

Minst éin tenestemann i Oxfordshire har allereie sagt rett ut at same korleis folket responderer, «vil den kontroversielle planen bli sett i verk same om folk likar det eller ikkje». Dette høyrest illevarslande ut for innbyggjarane i Oxfordshire, og til slutt heile verda, om det ikkje lykkast i å stoppe dette.

Frankrike tvingar gjennom liknande klimanedstengingar, men på ein annan måte. Regjeringa der forbaud nyleg visse kortdistanseflygingar for å visstnok hjelpe med å redusere «klimautslepp» – og dette medan globalistane fartar rundt i verda i sine private, drivstoffslukande luksusjetfly og yachtar.

Europakommisonen (EC) stod bak den avgjerda, med tanke på at Frankrike er ein testplass for alt som har med globalisme å gjere i Europa – og Storbritannia ligg ærleg tala ikkje so langt etter.

«Planen vart fyrst føreslegen i 2021 som ein måte å redusere karbonutslepp på,» forklarer rapportar.

«Opphavleg kravde den forbod mot åtte kortdistandeflygingar, men EC har berre gått med på å fjerne tre som har raske, enkle togalternativ med fleire direktesamband kvar veg kvar dag.»

So har vi Nederland, som prøver å stengje tusenvis av private gardbruk for å redusere «nitrogenforureining». Dette er ein annan taktikk frå den «grøne» sekta og deira klimanedstengingsføretak.

«Vi er i dei fyrste stadia av ei hittil usett global matkrise, og den nederlandske regjeringa har bestemt at no er tida inne for å stengje tusenvis av gardbruk?» rapporterer Michael [Snyder] i End of the American Dream.

«Eg har ikkje eingong ord for å skildre kor toskete dette er.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s