Sentralbankar spring om kapp for å implementere nye digitale valutaer medan byar aktiverer «smart» infrastruktur

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Frå og med januar vil den globalistkontrollerte sentralbanken i Nigeria avgrense kontantuttak frå bankar og minibankar ned til berre 45 dollar [om lag 440 kroner] per dag i eit forsøk på å skyve det afrikanske landet mot ein kontaktlaus økonomi.

Dei siste månadene har andre sentralbankar annonsert liknande planar. Kina, India, Russland, Brasil, Sverige og USA – blant andre – har alle signalisert eit liknande skifte vekk frå papir- og metallpengar, som snart skal erstattast over heile verda med eit globalt digitalt pengesystem.

Tilbake i november annonserte det globalistkontrollerte Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken; oms.an.] lanseringa av eit 12-vekers «pilotprogram» for å teste ut ein ny digital sentralbankvaluta for USA ved namn CBDC, som står for Central Bank Digital Currency [«digital sentralbankvaluta»].

Nigeria si komande innføring av sin eigen CBDC er betydeleg fordi den sluttar seg til åtte andre land som allereie har gjort det same. Eitt for eitt sluttar verdas land seg inn i rekkja av eit globalt digitalt pengesystem som vil bli fullstendig kontrollert av det som etterkvart har blitt kjent som «djupstaten».

Sentralbanken i Nigeria har allereie avgrensa vekentlege kontantuttak til berre 225 dollar [2200 kroner] for personar. Selskap kan på liknande vis berre ta ut 1124 dollar [11 000 kroner] i veka – dersom dei ønskjer å ta ut meir, er det verdt å merkje seg, vil tilleggsgebyr gjelde.

I visse «påtvingande omstende», klargjorde Haruna Mustafa, den nigerianske sentralbanken sin direktør for bankoversyn, kan kontantuttaksgrenser bli auka, men berre høgst éin gong i månaden.

I den nye globalistiske verdsøkonomien vil alle transaksjonar bli overvaka og kontrollert

Dersom du trur dette ikkje er noko amerikanarar treng å bekymre seg over, tru om igjen. Medan der kanskje ikkje er offisielle uttaksgrenser for kontantar i USA (enno), blir det pressa på for å ikkje ta ut «for mykje».

Ein førespurnad om å ta ut, lat oss seie, 5000 dollar [49 000 kroner], som er over uttaksgrensa til dei fleste minibankar, kan resultere i eit avhøyr om kvifor. Banken kan byrje å grave og stille spørsmål, noko som tvingar kunden til å finne på ein overbevisande grunn.

Påstanden er at desse grensene hjelper til med å «bekjempe kriminalitet» og hindre «pengehamstring» og inflasjon. Realiteten er at dette handlar om kontroll, og det å hindre gjennomsnittspersonen i å bruke det han har tent slik han ønskjer, òg kjent som fridom.

«Dette handlar om å gå digitalt, og erstatte kontantar med ei meir kontrollerbar, meir sporbar form for utveksling,» skriv Leo Hohmann på heimesida si.

Alt dette knyter seg til den sokalla «smartby»-rørsla. Større byar overalt blir forvandla for å tilpasse seg det komande skiftet til ein global, sentralisert valuta som kvittar seg med papir og myntar.

«Vi er på randa av ei dramatisk endring der vi kjem til å, og eg seier dette rett ut, der vi kjem til å avskaffe det tradisjonelle pengesystemet og reknskapen og innføre eit nytt eit,» avslørte den globalistiske økonomen Pippa Malmgren på World Government Summit tilbake i mars i år.

«Og den nye; den nye reknskapen er det vi kallar blockchain… Det tydar digitalt, det tydar å ha ei nesten perfekt oversikt over kvar einaste transaksjon som skjer i økonomien, som vil gje oss langt betre klarheit over kva som føregår.»

Målet er å hindre nokon i å gjennomføre ein transaksjon utanfor systemet. Kvar del av økonomien vil bli fullstendig kontrollert og fullstendig overvaka til ei kvar tid, noko som sikrar total globalistisk kontroll over massane.

«På den måten vil dei vete kor mykje bensin eller fyringsolje du bruker, kor mykje kjøt du et, og det heile vil bli lagt til ditt karbonfotavtrykk som du vil bli ilagt skatt for når du går over den tillatne mengda,» forklarer Hohmann.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s