Målet til offentleg helseomsorg er statsassistert SJØLVMORD

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Når venstreorienterte snakkar om universell helseomsorg, maner dei fram bilete av ein utopi der alle er friske, livlege og fullt ut dekte til å leve sine beste liv. Realiteten i kva som eigentleg står på agendaen er derimot langt meir dyster.

Det viser seg at massefolkemord er målet, noko som blir demonstrert av Canada akkurat no, der dei har som mål statsassistert sjølvmord for alle. Glamoriseringa av det å velje sin eigen død med hjelp frå staten er for tida i full sving der – og det vil snart vere i full sving i USA òg.

I Canada byrja det heile i 1984 då kanadiske venstreorienterte i regjeringa sausa saman ein einspelars helseomsorgsplan som lovde gratis helseomsorg for alle. Ved å kollektivt betale inn i denne nye provinsielt administrerte, men føderalt og provinsielt finansierte, planen, kunne kanadiske borgarar ha uavgrensa og «gratis» tilgang til helseomsorga som dei trong.

Den kanadiske regjeringa sitt fastsette mål med universell helseomsorg er å «beskytte, fremje og gjenopprette det fysiske og mentale velværet til innbyggjarar i Canada og å forenkle rimeleg tilgang til helsetenester utan finansielle eller andre barrierar.» Det høyrest då fint ut, eller kva?

I praksis skjer det derimot noko ganske so annleis. Nesten 40 år etter at Canada sin universelle helseomsorgsplan byrja, går systemet raskt tom for pengar. For å halde det gåande vil mange kanadiarar måtte døy; altso ser vi det pågåande drivet for utvida tilgang til statsassistert sjølvmord – eller eutanasi.

«… å halde ved like eit lågkostnads, enkelt tilgjengeleg, statsstyrt helseomsorgsprogram i eit digert, demokratisk land med ein veksande avhenging-til-arbeidsstyrke-ratio fungerer rett og slett ikkje for Canada,» skriv Kenneth Schrupp for The Federalist om situasjonen.

«Låge lønningar for medisinske profesjonelle, som framleis må betale for college og medisinskule, har skapt ein akutt mangel på legar i eit land som ein gong i tida skrytte over ein av dei beste lege-til-befolkning-ratioane i verda.»

(Relatert: I Canada pushar no pro-dødstilhengjarar no for legalisering av assistert sjølvmord av barn for å vidare avfolke landet.)

I den nye verdsordenen vil berre eit fåtal få lov til å leve – resten står overfor «assistert sjølvmord»

Sidan det kostar kanadiske legar meir å praktisere enn dei er i stand til å tene jamfør måten systemet vart konstruert på, går nemnde system raskt opp i liminga. Som eit resultat går den føderale gjelda i taket saman med inflasjon, for ikkje å nemne dei verkeleg lange ventelistene som kanadiarar står på berre for å få helseomsorg.

«I denne dystre situasjonen, for at venstreorienterte mål om omsorg utan ekstra kostnader for alle skal kunne harmonere med skatterealiteten, krevst det ei sjokkerande teknokratisk løysing: å eliminere overtalsbefolkninga for å lette dei for lidinga påført dei av progressive utopikarar,» seier Schrupp. «Dette er ikkje ei overdriving.»

Problemet vil bli stadig verre når fleire kanadiarae utviklar psykisk sjukdom av å måtte leve i det dystopiske marerittet kjent som år 2023. Mellom covid-«vaksine»-påbod, skyhøge bustads- og energikostnader, og mangelen på godt betalte jobbar, står folk overalt overfor hittil usett pine og liding.

Sjølv om helseomsorgssystemet hadde svar på desse problema (og det har det ikkje), ville det framleis ikkje vere nok midlar. Dette er grunnen til at assistert sjølvmord, eller eutanasi, står i fortroppen i den politiske diskursen i Canada so vel som i USA, som står overfor liknande kollaps av samfunn og økonomi.

«Dersom den utbreidde innføringa av assistert sjølvmord i land med universell offentleg helseomsorg er nokon indikasjon, er der liten tvil om at ‘Medicare for All’-planen som blir støtta av venstreorienterte slik som Bernie Sanders, Cory Booker og Elizabeth Warren snart vil inkludere ‘Suicide for All’,» åtvarar Schrupp.

«Faktisk er medisinsk assistert sjølvmord eit Demokrat-støtta tema og har blitt innført i 10 Demokrat-delstatar og blir pressa på for å få inn i fleire. Om Demokratane skulle få nok stemmer til å vedta universell helseomsorg i Kongressen, vil dei ha nok stemmer til å godkjenne assistert sjølvmord.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s