Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Det forblir ei utbreidd villfaring at covid er eit ekte, smittsamt virus som magisk dukka opp ut av lause lufta seint i 2019, og kasta verda ut i eit uventa kaos av nedstengingar, munnbind og «vaksine»-påbod, og pågåande økonomisk kollaps. Sanninga, viser det seg, er at covid er ei falsk overdekkingshending for eit styrt redningsoppdrag av det korrupte globale finanssystemet og «eliten» som dreg fordelar av det på kostnad av alle andre.
Finans er utan tvil eit komplisert emne – og dette er gjort med vilje. Mannen i gata blir halden i mørket om kva som eigentleg skjer på grunn av den intrikate naturen til konsept som fiat, gjeld, finansandelar, fraksjonsreserve-banking og dei mange andre elementa innan moderne finans.
Det at covid kom på scena kasta derimot lys på den stygge sanninga om den globale finansordenen og kva den gjer med vanlege folk. Heile systemet er ein uberekraftig farse og eit pyramidespel, og kvar gong det held på å kollapse av seg sjølv, trekkjer «eliten» fram eit stunt, altso ein krig eller ein «pandemi» for å redde seg sjølve frå å gå ned med det søkkande skipet.
«Covid-19-pandemihistoria gjev lita meining når ein ser den gjennom helse-, tryggleiks- og vitskapsbriller,» skriv Michael Bryant i ein glimrande artikkel for Off Guardian. «Sett gjennom brillene til pengar, makt, kontroll og rikdomsoverføring, derimot, gjev alt saman fullstendig meining.»
«Nedstengingane, obligatorisk munnkorg [munnbind; oms.an.], antisosial avstand og mylderet av tilleggstiltak gjorde ingenting for å beskytte eller forbetre folkehelsa – dei vart aldri laga for å gjere dette.»
Utan covid ville det globale gjeldskorthuset allereie ha kollapsa
So, kva vart alt dette laga for å gjere? Etter Bryant sitt syn trekte covid ut sikringa på den global-økonomiske granaten, og øydela effektivt småbedrifter medan dei braut ned folk sine sinn og den sosiale veven dei lever i. Som annonsert av Biden-regimet etter Trump-regimet si lansering av «Operasjon Warp Speed», er alt dette i tråd med agendaen «Build Back Better» (eller 6uild 6ack 6etter) [«666», dyret sitt tal; oms.komm.].
«Det ønskte resultatet er ein milliardærs utopi, der dei vil eige og kontrollere planeten i form av eit teknoføydalsk len der digitalt brennemerkte menneske blir regulerte slik som kveg i eit superovervaka teknokrati,» skriv Bryant.
«Det som denne fabrikkerte krisa beleileg kamuflerer, er at vi er i midten av ein planlagt, total økonomisk kollaps – ein kollaps som var uunngåeleg.»
Om covid ikkje hadde blitt lansert som ei global falsk flagg-hending hausten 2019, ville det globale gjeldskorthuset ha falle på den tida. Heile systemet ville ha kollapsa der og då, og redusert dei korrupte milliardærane til fattigdomsstatus, der dei verkeleg høyrer til – men covid stoppa det frå å skje.
Sluttresultatet til alle desse finansielle fantestrekane er framleis ein global finanskollaps. Men før det skjer, måtte pengeendrarane fyrst få alt på plass før dei fekk sine sentralbankar, inkludert Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken; oms.an.] til å kjøpe opp all den giftige, verdilause gjelda frå hedgefond og bankar.
«For å seie det enkelt, var ikkje covid-19 ein utbreidd medisinsk naudssituasjon, det var eit kvitvaskingsføretak, ein massiv psykologisk operasjon og ein røykskjerm for ei komplett overhaling og restrukturering av den noverande sosiale og økonomiske verdsordenen,» åtvarar Bryant.
«Covid-19, sjukdommen, er ingenting meir enn ein sjukdom som oppstod på grunn av dette. Covid-19, mediehendinga, var den trojanske hesten som vart bygt for å dra inn ei fullstendig forvandling av samfunnet vårt. Covid-19TM, operasjonen, var aldri ei epidemiologisk hending; det er ein forretningsmodell som er meint å auke porteføljen til dei superrike.
Det er ingenting som heiter ‘covid-19’, bortsett frå som ein kriminell konspirasjon.»