Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Sidan globalisteliten finn det stadig vanskelegare å overbevise menneskeheita om å underkaste seg covid-sprøyter og endelause oppfriskningsdosar, må dei finne nye, listige måtar å tvinge sprøytene sine på oss.
Å rapportere om globalisteliten er ein fulltidsjobb fordi, som Bibelen fortel oss, dei vonde ikkje søv. Ta Bill Gates, til dømes. Heller enn å innrømme at menneskeheita har vakna opp til sanninga om dei katastrofale, eksperimentelle covid-19-sprøytene, doblar Gates, som ikkje er lege, innsatsen og tek sjølv på seg oppdraget å vaksinere verda ved hjelp av list.
Ifølgje milliardær-eugenikaren, har husdyr slik som kyr, griser og fjørkre utilstrekkjelege genar. Og den einaste måten å «fikse» desse genane er å «vaksinere» kvart einaste husdyr i verda med nye mRNA-vaksinar.
Gates, som vart skilt frå kona si på grunn av sitt nære forhold til den avdøde pedofile Jeffrey Epstein, besøkte Universitetet i Edinburgh sin Langhill Farm for å lansere skulen sitt Global Academy of Agriculture and Food Security.
Heller enn å gå rundt grauten og tåkeleggje, som han brukte å gjere før covid-pandemien, såg Gates ut til å vere komfortabel med å skryte over det å pumpe mRNA-vaksinar inn i husdyr som var på veg mot middagstallerkar.
Gates blir stadig meir arrogant og kjenner ikkje lenger noka skam som helst om å ope kringkaste sine sanne intensjonar for planeten slik at alle ser det.
Med mindre alle dyr, inkludert matdyr, blir injiserte med Big Pharma sine nyaste gifter, vil matforsyninga forbli «skiten», slik Gates ser det. Berre han og globalisthæren hans kan gjere naturen «rein» med nye kjemikaliar og DNA-modifiserande teknikkar – som dei òg prøver å gjere på menneske.
«Gates-stiftinga er partnar med DFID når det gjeld eit stort tal ting, og blant dei er arbeidet vi gjer saman på dyr,» fastslo Gates, som der refererte til det Storbritannia-baserte Department for International Development.
«Å hjelpe dyr med å overleve, anten ved hjelp av vaksinar eller betre genetikk, å hjelpe dei med å bli meir produktive – det utgjer ein stor forskjell.»
Som han vanlegvis gjer, byrja Gates alt dette ved å leike Gud med liva til andre menneske, utføre eksperiment på Den tredje verda, som han ser på som sitt personlege lydrike.
Ifølgje Robert F. Kennedy Jr., burde alle som er førebudde på å late Bill Gates diktere verda og amerikansk helsepolitikk, ta ein lang, grundig titt på kva han har gjort i Afrika.
«Kanskje har millionar av barn døydd heilt unaudsynt,» ifølgje Kennedy Jr., som dlete informasjon frå ein fagfellevurdert publikasjon i eit respektert tidsskrift.
«Alle som forsvarer Bill Gates og WHO må forklare Morgensen et al 2017.»
«Dette er ein fagfellevurdert publikasjon i eit respektert tidsskrift av leiande vitskapsfolk som skildrar utfall på linje med folkemord,» sa Kennedy Jr.
Robert F. Kennedy retta òg skarp kritikk mot Gates og hans «messianske overtyding om at han er utpeikt til å redde verda med teknologi.»
«Vaksinar, for Bill Gates, er ein strategisk filantropi som fôrar hans mange vaksinerelaterte føretak (inkludert Microsoft sin ambisjon om å kontrollere eit globalt vaksine-ID-føretak) oig gje han diktatorisk kontroll over global helsepolitikk – spydspissen av korporatorisk neo-imperialisme,» skreiv Kennedy Jr.
«Gates sin besettelse av vaksinar ser ut til å bli driven av ei messiansk overtyding om at han er utpeikt til å redde verda med teknologi, og ein gudeliknande vilje til å eksperimentere med liva til lågareståande menneske.»
Sidan Gates oppfattar fattige som å ha mindre verdi enn seg sjølv, får dei lov til å vere forsøkskaninar for alle hans nymotens og unaudsynte føretak for å endre verda i hans eige bilete.
Spørsmålet gjenstår derimot: er dei egga faktisk trygge? Er det kjøtet meint for menneskeleg forbruk? Eller inneheld det dei sjølvsame mRNA-modifikasjonane som skjer i menneske etter at dei har blitt injiserte mot «covid»? Kva vil desse injeksjonane gjere med maten som blir produsert og selt til massane?
«Vi vil snart ete DNA-endra, sjukleggjorde dyr frå dei same mRNA-sprøytene som bidreg til ‘Døydde plutseleg’-pandemien,» åtvara ein Twitter-konto ved namn «DJ Freedom Rocket». «Kva kan då gå gale…?»
Ein annan konto responderte til denne med at vi, tydelegvis, allereie et «fullvaksinerte» dyreprodukt, for ikkje å nemne alle dei genetisk modifiserte (GMO) planteprodukta som har vore på marknaden og i matforsyninga i fleire tiår.
«Er de klare over rapportar om at Pharma no ser på det å injisere mRNA inn i mat?» spurde den same kontoen. «Inn i frukt og grønsaker? Inn i dyrefôr? Inn i falske vaksinar for husdyr. Malthusianarar har som intensjon å forgifte matforsyninga vår.»
Alt dette har blitt førebudd i årevis. For tretten år sidan møtte Gates andre globalistar, inkludert Warren Buffett, David Rockefeller, George Soros, Michael Bloomberg, Ted Turner, Oprah Winfrey for å mane fram ein koordinert respons på «problemet» befolkningsvekst, som alle desse figurane ser på som ein trugsel mot «menneskerasen» – altso dei sjølve og deira ufortente rikdom og overdådige livsstil, som vart bygt på ryggane til dei sjølvsame menneska som dei no prøver å utrydde.
Urovekkjande nok er Gates no USA sin største private eigar av jordbruksland.
Gates har erverva seg 270 000 acres[1093 kvadratkilometer; oms.an.] land i heile USA, ifølgje siste års utgåve av Land Report 100, ei årleg spørjeundersøking av nasjonen sine største landeigarar. Han har auga retta mot gardbruk i Afrika sør for Sahara, og i Sør-Asia og.
Analytikarar knyter no saman punkta i agendaen hans når det gjeld massevaksinering og genmodifiserande prosjekt på husdyr og kjøpa hans av jordbruksland. Kritikarar kan ikkje dy seg for å uroe seg over at den globale eliten sin agenda om å kapre matforsyninga er i ferd med å bli utført.
I januar 2020 annonserte Gates-stiftinga danninga av ein nonprofit ved namn Gates Ag One, som har som mål å «få fortgang i å forsyne småbønder i utviklingsland… med tilgang til billege verktøy og innovasjonar som dei treng for å berekraftig forbetre avlingsproduktivitet og tilpasse seg effektane av klimaendring.»
Lanseringa kom kort tid før nederlaget til Alliance for a Green Revolution i Africa (AGRA), som vart grunnlag i 2006 av forretningsmannen si stifting, so vel som Rockefeller-stiftinga.
«Bortsett frå den openberre finansielle avkastninga av investeringa hans, kva andre grunnar har Gates for å vere interessert i genetisk redigerte husdyr? Medan vi ikkje veit korleis sinna til globalistar fungerer, burde vi vurdere eit par teoriar som, til sjuande og sist, har same sluttresultatet – at nokre få, sjølvutpeikte elitar med Gates som sin frontmann har eigarskap og kontroll,» kommenterte Rhoda Wilson i The Exposé.
Eit mogleg mål med at Gates pushar genmodifisering av husdyr er å utradere dei og tvinge folk til å ete laboratoriedyrka inorganisk erstatningsmat i framtida, noko som grunnleggjande eliminerer folks fridom til å velje.
Jacob Bruns, som skriv for Headline USA, forklarer: «I synet til verdas milliardærar forblir der religiøse og politiske ‘hindringar’ som kan kome i vegen for deira masseeksperimentering.» Og han kunne ikkje ha meir rett.
Det er ikkje tilfeldig at globaliseliten i World Economic Forum aktivt arbeider for å undertrykkje religion og overtyde menneskeheita om at Gud er død og at Jesus er falske nyheiter.
Den globale eliten, leia av figurar slik som Klaus Schwab og Bill Gates, er som teikneserieskurkar på dette punktet. Bortsett frå at dei er ekte og utruleg farlege.