Prins Harry hevdar i memoarar at han vart avla fram for å forsyne prins William med reserveorgan

Av Cassie B., Natural News. Omsett av saksyndig.

Prins Harry påstår i si nye, altforteljande bok Spare [«reserve»], at han essensielt vart avla fram for å vere kjelde for organ eller blod dersom hans eldre bror William, prinsen av Wales, skulle trenge dei.

I boka hans hevdar han: «Eg var skuggen, støtta, plan B. Eg vart brakt til verda i tilfelle noko skulle skje med Willy.»

Han legg òg ut om måtane han kan vere til nytte for broren på, som er neste i arverekkjefølgja til trona, og skriv: «Nyrer, kanskje. Blodoverføring. Lite grann beinmerg.»

Naturlegvis er det verdt å merke seg at å vere søsken ikkje gjer ein person til ein perfekt donor. Columbia Surgery skriv på nettsida si at søsken berre har 25% sjanse for å vere ein nøyaktig match for levande donorar og 50% sjanse for å bli vurdert som halv-match for nyretransplantasjonar, sidan donorkompatibilitet er avhengig av blodtypar, antigen og andre faktorar. Og sjølv om søsken har størst sannsyn for å vere matchande for beinmerg, er der framleis berre ein fjerdedels sjanse for at dei matchar kvarandre nøyaktig.

Harry, som er to år yngre enn bror sin, forklarte at William var arvingen og at han sjølv var reserven. Han sa at dette har blitt forsterka gjennom livet og vart gjort særs tydeleg for han frå svært ung alder.

Han påstod òg i boka si at han vart fortalt ei historie om at faren hans visstnok fortalde mora [prinsesse Diana] den dagen han vart fødd: «Fabelaktig! Du har allereie gjeve meg ein arving og ein reserve; eg har gjort jobben min.» [An heir and a spare på engelsk; oms.an.]

Sjølv om han vedgjekk at det kunne ha vore ein spøk, heldt han fram med å måle faren i eit negativt lys, og la til at «nokre minutt etter å ha levert dette dømet på høgkomedie, skulle fatter’n visstnok ha stukke for å møte kjærasten [Camilla].»

Han hevda òg at kong Charles nekta å flyge med William i det same flyet i tilfellet det skulle krasje og drepe begge samstundes. Derimot var ikkje Harry gjenstand for same restriksjonen.

«Men alle gav faen i kven eg reiste med; Reserven kunne alltids avsjåast,» skreiv han.

Han gjengav òg å føle det som om der hadde skjedd ei «offentleg ofring av Reserven» for å hjelpe til med å høgne opp dei andre kongelege. Han identifiserte 2002-overskrifter om stoffbruken hans som evidens, trass at han innrømmer at mange av historiene faktisk var sanne.

Han påstår at situasjonen vart endå verre då William og kona Catherine, prinsessa av Wales, fekk to barn, noko som tyda at som den femte i tronerekkjefølgja var han essensielt «ikkje eingong Reserven til Reserven lenger».

Bok målar prins William i eit særs negativt lys

I boka tok Harry rikeleg med høve til å få broren til å sjå dårleg ut. Han forklarte korleis broren «bykste til» då hans noverande kone, Meghan Markle, prøvde å gje han ein klem under deira fyrste møte i 2016.

Han påstod òg at broren gjekk til fysisk åtak på han på grunn av ein krangel om Meghan, dytta han i golvet og fekk han til å skade seg på ei hundematskål. Han sa at ved det høvet var William «i full Arvingsmodus, og kunne ikkje begripe kvifor eg ikkje pliktoppfyllande spelte rolla til Reserven».

Kong Charles er visstnok «djupt såra» av sonen sine påstandar i boka, medan Harry og prins William ikkje eingong er på talefot.

Kritikarar er raske med å peike på at etter å ha bønnfalle media om ro rundt sitt privatliv, har Harry ikkje gjort anna enn å søkje offentlegheita sitt søkjelys, gått med på høgprofilerte TV-intervju, ein Netflix-dokumentar og skriving av altforteljande memoarar, blant andre handlingar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s