Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Klaus Schwab har følgt i George Soros sine fotspor ved å plutseleg trekkje seg frå World Economic Forum sitt årlege toppmøte i Davos, som finn stad frå 16. til 20.januar 2023.
Soros, som skulda på ein uventa «møteplan-konflikt», erklærte no i helga at han ikkje ville vere til stade på WEF-møtet måndag.
For Schwab sin del, formidla han at han lid av uspesifiserte «helseplagar» og forventar ikkje å vere i stand til å kome på Davos-toppmøtet.
Dei uventa erklæringane fråd ei to globalist-bossane har fått tunger i sving, der mange Davos-frammøtte skal seiast å vere bekymra over kva som eigentleg skjer bak scena.
Kim Dotcom siterte ein nyheitsreportasje som tidlegare vart publisert av Newspunch for å antyde at elitane rømmer skremde sin veg.
Derimot har ikkje fråværet til Soros og Schwab stoppa kremen av kremen frå eliten i å strøyme til globalist-hovudkvarteret i den sveitsiske landsbyen for å ta del i det årlege toppmøtet.
Hundrevis av globalistelitar har dei siste dagane landa i private fly på flyplassar rundt Davos for å diskutere sokalla globale utfordringar, slik som klimaendring, bak lukka dører.
«Dei rike og mektige strøymer til Davos for å diskutere klima og utfalls-ulikskap bak lukka dører ved å nytte seg av den minst utfallslike og mest forureinande transportforma: privatfly,» sa Klara Maria Schenk i Greenpeace sin europeiske mobilitetskampanje til nyheitssida Politics.co.uk.
Greenpeace publiserte ein ny rapport som viste at 1040 privatfly flaug inn og ut av flyplassar rundt Davos under fjorårets møte, noko som fekk CO2-utslepp frå privatfly til å auke fire gonger meir samanlikna med eit vekentleg gjennomsnitt.
Det faktum at WEF-deltakarar kjem i hopetal i privatfly berre for å diskutere klimakrisa er hykleri av verste sort. Dersom der faktisk fanst ei krise, ville ikkje desse sokalla klima-krigarane ha teke offentleg transport for å redde planeten? Kanskje krisa som WEF fremjar berre er fabrikkert hype.
[…] Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar
[…] Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar