Av Todd Hayen, psykolog og skribent. Henta frå Off-Guardian. Omsett av saksyndig.
Kva er det med denne merkeleg stoiske responsen frå «sauesida» av denne debatten? Eg høyrer fleire og fleire meiningar slik som «Eg bryr meg ikkje om du har rett, eg held fast ved min ståstad.» Kva handlar alt det om?
Som kapteinen på eit skip, slegen i kamp, skipet er i ferd med å søkke, han står på brua med trekt sverd og seier «Til helvete med dykk, avskum! Eg går ned med skipet mitt!» Og visseleg gjer han det. Haimat.
Alle er ein dårleg tapar i desse dagar.
Der brukte å vere ei tid der nederlag var ein del av livet og ein person lærte frå feila og nederlaga sine. No får alle premie berre for å delta. Dei injiserte vil ha sin premie, og ikkje pokker om dei kjem til å trekkje seg unna før dei får den. «Eg var lojal mot saka heilt til slutten!»
Ned går dei med sin arroganse, uvit og staheit. Synd. So klisjéaktig som det er å seie, er vi alle i same båt. Sauene er ikkje fienden. Dei kan ha hatt svakheitene som gjorde dei ansvarlege for dette møkkaopplegget, men dei skapte det ikkje, og dei fekk ingenting igjen for å vere lojale mot dokkemeistrane sine, det er no heilt sikkert.
Desse stakkars folka er våre brør og systrer. Vi er klare til å ønskje dei velkomne tilbake til menneskerasen med opne armar, men det er umogleg om dei held fram med å sverje lojalitet til fienden.
Dei vil måtte leggje ned sverda på eitt punkt. Det ser ikkje ut til at dei er nemneverdig viljuge til å gjere det. På dette punktet i spelet har vi berre kome til pausen mellom fyrste og andre omgang. Eg trur at når kaldaste vinteren kjem, vil det ekte spelet halde fram.
Kva er denne underlege sauepsykologien, eigentleg? «Eg gjev ikkje opp same kva.»
Eg hugsar at då eg var liten i etterkrigs-Amerika (til og med 20 år etter Andre verdskrig var vi som barn framleis bergtekne av den), var ein favoritt-guteaktivitet å leike krig i bakhagen. Stundom hadde vi leike-militærrifler av plast, men mesteparten av tida brukte vi berre kjeppar, eller til og med imaginære våpen (visseleg var granatane berre «luftbomber»).
Det som såg ut til å skje oftast, var å tydeleg skyte ein unge medan han sprang utan dekke over den opne plassen i hagen, og han ville halde fram med å springe! «Du er død!! Du er død!!» og som aller mest forventa var responsen «Nei, det er eg ikkje!! Du bomma!!» Det får du igjen for å spele med imaginære kuler og granatar – døden er subjektiv.
Der er vitterleg denne varianten av staheit blant dei feilinformerte. Dei valde feil lag, enkelt og greitt, og det er audmjukande og skamfullt å innrømme det. Å bli drepen i ein leikekrig for smågutar er òg skamfullt, so dersom der er ingen reelle grunnar til å vere død, kvifor ikkje nekte for det? «Du bomma!» Mitt ord er like godt som dykkar.
Magekjensla fortel meg at det handlar om meir enn det. Og dette er punktet der det blir skremmande. Der ser ut til å finne stad ein merkeleg psykologisk ting her. Ja, det er relatert til ein sektmedlems lojalitet til deira «Jesus Kristus-liknande» leiar. Og eg kunne ha sagt at det er det same, bortsett frå at det ikkje er lojalitet til ein person, slik som den tyske forelskinga i Hitler på 1930-talet. Er det som lojalitet til eit konsept eller ein idé? Nært, men til og med det er ikkje heilt sant. Det kjennest meir ut som dei har blitt programmert til å tru på noko dei ikkje eingong kan skildre eller definere.
Eg vart særs fornøgd då Mattias Desmet si bok The Psychology of Totalitarianism vart utgjeven. Han prøvde å forklare nøyaktig det eg snakkar om i psykologiske og sosiale terminologiar. Eg kjøpte den greia ei stund, og det gjer eg framleis til eg kan bevise min eigen danningshypotese.
Desmet forklarer denne «massedanninga» med ord knytt til miljø, både fysisk og spirituelt, som skaper ein perfekt grobotn for manipulasjon av ei vondsinna kraft slik som regjeringa eller ei elitegruppe av menneske. Forklaringa hans gjev meining, og eg vil leggje til dr. Mark McDonald sine tillegg til teorien, og til og med dr. Robert Malone sin idé om at denne massedanninga er ei form for psykose.
Men der er framleis noko som gneg på meg når det gjeld alt dette. Eg kan ikkje eigentleg setje fingeren min på det.
Folka som eg har møtt som held på sine overtydingar er ikkje særleg smarte rundt det. Dei er til og med ikkje særleg lidenskapelege rundt det. Dei dyttar ikkje bevis opp i trynet på deg, eller utbasunerer dydane til den medisinske overlegenheita til vaksinane og dei ultimate farane til alternativbehandlingar slik som ivermectin.
Typisk berre spyttar dei på deg og seier at du er ein vitskapsfornektar eller ein egoistisk gnom. Der er særs lite vitskap eller logikk eller til og med evidens bak lojaliteten deira. Du kan ikkje eingong få dei til å forklare deg kva dei trur, anna enn «når oppfriskningsdosane kjem, skal eg ta den», med noko som liknar zombie-sløvheit i auga. Til tider er det regelrett nifst.
Dette er søkt, det er eg einig i. Men det ser ut som om eg ikkje er den einaste som funderer på alt dette. Til mi overrasking har eg nyleg sett nyheitshistorier so vel som videoar om «underlege personlegdomsendringar» på grunn av ymse element funne i vaksinane.
Eg er medlem i ei Facebook-gruppe ved namn «Died Suddenly Worldwide», og der har vore fleire trådar, med hundrevis av kommentarar, om dette sjølvsame temaet. Naturlegvis peiker dei alle på sprøyta som kjelde til desse hjerneendringane. Med alt snakket om zombiar og liknande sidan denne galskapen starta, kven veit.
No, eg trur denne ideen gjev opphav til paranoia. Førestillinga om at folk har sleppt vitet er hårreisande. Ta til etterretning CSPO sitt forslag i Ontario (College of Physicians and Surgeons of Ontario) om at vaksinenølarar skal bli mentalundersøkt. (CSPO har nokso energisk teke nokre steg tilbake frå dette, men ver obs, trekket er fundamentalt korrekt.) Etter denne undersøkinga kan pasienten bli tilvist ein psykiater, eller straks sett på psykotropiske legemiddel av familielegen.
Å påstå at ei eller fleire sider i ein debatt er sinnssjuke er ein ganske vanleg taktikk for å bringe sanning til anklagarsida sin ståstad. Det eg skildrar verkar derimot temmeleg annleis. Eg observerer personleg det eg har presentert her. Og ærleg tala gjev det meg den store skjelven.
Menneske som misser evna til rasjonell tenking har historisk vore kjent for å gjere ganske so fæle ting. Dei gjer desse tinga utan å mukke, og dersom dei ikkje er «gjerningsmennene», ser dei andre vegen medan andre utfører «gjerningane».
Det er poenglaust å prøve å setje ein skala på denne evna til å utføre fæle handlingar. So fort du misser fornufta, misser du alt. Å fornekte farane til vaksinane, når der finst rikeleg evidens for at dei visseleg er farlege, antydar eit tap av logikk og fornuft – det handlar ikkje lenger om at ein person gjer eit subjektivt val.
Når ein person fyrst misser logikk og fornuft, er det umogleg å føreseie kva dei er i stand til å gjere eller tenkje. Millionar av menneske vart skovne inn i gasskammer under Andre verdskrig, og dei fleste vanlege borgarar lea ikkje på eit augnelok (ikkje kom og sei til meg at dei ikkje visste at noko muffens føregjekk då alle jødar plutseleg forsvann frå nabolaga deira).
Og visseleg lea ikkje dei tusenvis av militære som utførde utryddingane på eit augelok heller. Menneske er i stand til denne galskapen, og det å misse evna til å tenkje rasjonelt er fyrste steget på veg mot denne åtferda.
Som eg nemnde ovanfor er det unaudsynt å seie at sauene kjem til å peike på deg og seie «det er deg!» dersom dei nokosinne blir skulda. So, kven har rett til å seie kor hunden ligg gravlagt i alt dette.
Eg trur vi berre lyt vente og sjå kva som skjer. So langt har denne mangelen på rasjonalitet ikkje vore til stade i kvar einaste vaksinerte person eg har møtt. Men den statistikken treng ikkje stå stødig lenge. Få tak i di CDC-handbok om zombiar, les deg opp og førebu deg!